Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsøkonomene 13. oktober 2022

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.

Arbeidsoppgaver

Ein samfunnsøkonom skal kunne sjå heilskapleg på økonomien i samfunnet. Som samfunnsøkonom kan du jobbe med både mikroøkonomi og makroøkonomi.

Mikroøkonomi vil seie korleis hushald og bedrifter tilpassar seg marknaden og korleis knappe ressursar blir brukt. Makroøkonomi vil seie større einingar, for eksempel samanhengar mellom nasjonalprodukt, rentenivå, arbeidsløyse og inflasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein samfunnsøkonom:

  • gi råd til myndigheitene, om til dømes offentlege utgifter, arbeidsmarknadstiltak og næringspolitikk
  • utarbeide framskrivingar av til dømes rente og arbeidsmarknaden eller arbeidsløyse
  • sjå til at samfunnsøkonomiske omsyn blir tekne vare på i regelverk, til dømes innan skatt og konkurransepolitikk
  • bidra til eit godt fagleg grunnlag gjennom tal- og utgreiingsarbeid
  • skriva notat, artiklar og rapportar og presentera dei

Ein samfunnsøkonom kan jobbe innanfor ei rekke område og arbeidsoppgåvene varierer etter kvar du arbeidar. 

I det private næringslivet arbeider samfunnsøkonomane med å føresei den økonomiske utviklinga ved bruk av makroøkonomiske modellar og ved å forklare problemstillingar gjennom konsulentverksemd og oppdragsforsking.

I offentleg sektor er pengepolitikk, finanspolitikk, finansmarknad, arbeidsmarknad, energi og næring eksempel på ulike arbeidsområde.

Merk at skilnaden mellom samfunnsøkonomar og andre økonomar er kva som studerast. Grovt sett har verksemdøkonomar verksemda som studieobjekt, medan samfunnsøkonomar har økonomien i samfunnet som studieobjekt.

Samfunnsøkonom er ikkje ein beskytta tittel.

Kor jobbar samfunnsøkonomar?

Samfunnsøkonomar jobbar ofte i den delen av den offentlege sektoren som har ansvaret for makroøkonomisk politikk og modellframskrivingar, som for eksempel Finansdepartementet, Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og Finanstilsynet. Samfunnsøkonomar jobbar også i mikroorienterte departement og etatar, som Arbeidsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Konkurransetilsynet, NAV og NVE.

Mange samfunnsøkonomar jobbar også i private sektor. Store bankar og andre finansinstitusjonar har ofte eigne makroøkonomar. Næringslivet sysselsetter også samfunnsøkonomar med spesialisering på andre område, til dømes føretaks- og ressursøkonomi. Andre store arbeidsgivarar er konsulentselskap og private forskingsinstitusjonar.

Intervjuer

Gards jobb i NITO er å vurdere medlemmenes innspill til styresmaktene i klima -og miljøpolitiske saker.

Samfunnsøkonom

Gard Løken Frøvoll

– Samfunnsøkonomien gir noen nyttige briller å analysere samfunnet gjennom, og dette er briller man har glede av hele livet, sier Gard.

Viktige eigenskapar

Samfunnsøkonomen bør ha eit analytisk anlegg. Han bør vere flink til å finne kjernen i samansette problemstillingar og flink til å sjå ulike saker i ein større samanheng. Det er viktig å trivast med matematikk.

 

 

Lønn

Utdanning

 

 

Dei vanlegaste jobbane blant samfunnsøkonomiutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 734903 - Mag.art.-utdanning, samfunnsøkonomi
  • 734902 - Høyere avdeling for siviløkonomer, samfunnsøkonomi
  • 7349 - Samfunnsøkonomiske fag, andre
  • 734104 - Master, samfunnsøkonomi, femårig
  • 734103 - Master, samfunnsøkonomi, toårig
  • 734102 - Cand.polit.-utdanning, samfunnsøkonomi
  • 734101 - Cand.oecon.-utdanning, samfunnsøkonomi
  • 7341 - Samfunnsøkonomi
  • 8349 - Samfunnsøkonomiske fag, andre

Bedrifter som ansetter samfunnsøkonomar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med samfunnsøkonomar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2541143 - FORSKER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541140 - UTREDNINGSLEDER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541139 - RÅDGIVER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541118 - SOSIALØKONOM
  • 2541115 - ØKONOMIRÅDGIVER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541102 - SAMFUNNSØKONOM

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
En kvinnelig finansanalytiker sitter med et headset foran tre dataskjermer med grafer og tall.

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.