Gjennomgått i samarbeid med Fagforbundet, seksjon for kontor og administrasjon (faggruppa for personal) 04. januar 2023

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.

Arbeidsoppgaver

Yrkestittelen saksbehandlar er felles for ulike yrke innan det offentlege og det private næringslivet.

Vanlege arbeidsoppgåver for saksbehandlaren:

  • gjere utgreiingar og vurderingar av saker, notat, søknader, og liknande
  • greie ut, drøfte og legge fram saker for politiske organ
  • avgjere om ei sak skal godkjennast eller ikkje
  • lese korrektur
  • hjelpe kundar
  • delta i analyse- og utviklingsprosjekt

Det daglege arbeidet kan variere frå arbeidsstad til arbeidsstad. Mange bedrifter har behov for saksbehandlarar med spesialkompetanse innan eit spesialfelt. Ofte vil ein saksbehandlar ha ei høgare utdanning i det fagområde han jobbar med.
Saksbehandlaren har ofte fagleg bakgrunn som jurist eller økonom. Eller så har han anna administrativ utdanning.
Saksbehandlarar samarbeider tett med offentleg forvalting, avdelingar og høgare administrative organ. I mange tilfelle er juridisk kompetanse og kunnskap om offentlege prosessar nyttig.

Kor jobbar saksbehandlarar?

Som saksbehandlar kan du vere tilsett i staten, i kommunar eller i fylkeskommunar. Du kan også jobbe i private firma, som til dømes bankar og forsikringsselskap.

Intervjuer

portrettbilde av Mari Thoresen

Saksbehandler

Mari Thoresen

Mari Thoresen jobber som saksbehandler i NAV. Hennes oppgave er å vurdere søknader om barnebidrag.

Viktige eigenskapar

Saksbehandlarar må vere strukturerte. Dei må evne å jobbe etter ein plan, og dei må kunne framstille seg godt både munnleg og skriftleg. Det er også viktig å vere sørvisretta i jobben.

Lønn

Utdanning

Saksbehandlarar har ofte bakgrunn som økonom, jurist, samfunnsvetar eller ei anna administrativ og organisatorisk utdanning.

Etter- og vidareutdanning
Det finst fleire skreddarsydde vidareutdanningar for saksbehandlarar. Vidareutdanning innan tema som juss, økonomi eller offentleg forvalting er ofte etterspurd.

Bedrifter som ansetter saksbehandlarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med saksbehandlarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4131115 - MATERIALSAKSBEHANDLER
  • 3449118 - SAKSBEHANDLER (IMPORTLISENS)
  • 3449117 - SAKSBEHANDLER (FØRERKORT)
  • 3449116 - SAKSBEHANDLER, LAVERE (OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 3443106 - SAKSBEHANDLER (OFF. SOSIALE YTELSER)
  • 3443104 - LAVERE SAKSBEHANDLER I TRYGDEETATEN
  • 3432133 - SAKSBEHANDLER (ØKONOMI/REGNSKAP/LØNN)
  • 3431122 - SAKSBEHANDLER (KONTORARBEID)
  • 3418137 - SAKSBEHANDLER (BANK)
  • 3412118 - SAKSBEHANDLER (FORSIKRING)
  • 3111117 - BYGGESAKSBEHANDLER
  • 2541135 - SAKSBEHANDLER (ØKONOMI - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 2512153 - SAKSBEHANDLER (HR)
  • 2512152 - LAVERE SAKSBEHANDLER (FORSKNINGSADMINISTRASJON)
  • 2512151 - LAVERE SAKSBEHANDLER (STUDIEADMINISTRASJON)
  • 2419109 - SAKSBEHANDLER (OFFENTLIG ADMINISTRASJON - USPESIFISERT)
  • 2413125 - SAKSBEHANDLER (NAUTIKK, OFFENTLIG ADM.)
  • 2413111 - SAKSBEHANDLER (TEKNISK,NATURVITENSKAPELIG UTREDNING, OFF.ADM)
  • 2412111 - JURIDISK SAKSBEHANDLER (OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2412110 - SAKSBEHANDLER (JURIDISK UTREDNING, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 2411115 - SAKSBEHANDLER (ØKONOMI OG SAMFUNNSVITENSKAP, OFFENTLIG ADMINISTRASJON)
  • 3431143 - LAVERE SAKSBEHANDLER (PERSONAL/HR)
  • 3443107 - SOSIONOM (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)
  • 3443109 - SOSIALFULLMEKTIG (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)
  • 3443110 - AVDELINGSSOSIONOM (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)
  • 3443111 - FAGKONSULENT (SAKSBEHANDLING VELFERDSTJENESTER)
  • 2413116 - RÅDGIVER (TEKNISK,NATURVITENSKAPELIG UTREDNING, OFF.ADM)

Andre yrke

Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Ein advokatsekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
En kvinnelig finansanalytiker sitter med et headset foran tre dataskjermer med grafer og tall.

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.