Regissør i filmstudio
Yrkesskildring

Regissør

favoritt ikon

Ein filmregissør førebur og styrer ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.

Som filmregissør er jobben din å fortelje ei historie ved hjelp av film. Regissøren har ein idé eller les ei historie, tolkar henne og fortel henne til publikum via film.

Vanlege arbeidsoppgåver for regissøren:

  • gjere førearbeid der du finn ut korleis historia skal forteljast
  • planlegge det visuelle uttrykket
  • gjere opptak og samarbeid med fotografar og lydteknikarar
  • instruere skodespelarar eller finne aktuelle personar til dokumentarar
  • avgjere kva lyssetting som skal brukast
  • vurdere om det skal brukast spesialeffektar
  • velje kva slags musikk som skal brukast
  • klippe og gjere anna etterarbeid av filmen
  • promotere filmen

Regissøren jobbar ofte tett saman med filmprodusentar, manusforfattarar, filmarbeidarar og  skodespelarar.

Ein regissør er også ein som jobbar på eit teater. Stillinga kallast då teaterregissør eller sceneinstruktør. Som teaterregissør er oppgåva di å finne ut korleis du kan fortelje historia på ei scene på best mogeleg måte. 

Kvar arbeider regissørar?

Som regissør jobbar du som oftast frilans. Det er opp til regissøren sjølv å skaffe seg prosjekt og kontaktar innanfor produksjonsselskapa. Draumen for mange er å jobbe med spelefilm eller tv-seriar. Ein del regissørar jobbar med reklamefilm eller musikkvideoar.

Teaterregissørane arbeider stort sett på eit teater eller i ein opera. Dei kan òg jobbe som filmregissørar. Det er mindre vanleg at ein som er utdanna filmregissør tar jobb som ein teaterregissør. 

Personlege eigenskapar

For å jobbe som regissør må du vere kreativ. Du må kunne ta ein historie frå papiret og vidareformidle den på film. Du må ha evne til å skjønne kva forfattaren av historia ønsker å fortelje med den.

Som regissør må du takle uregelmessige arbeidstider og forskjellige arbeidsstader. Du må kunne planlegge prosjekt og ha evne til å samarbeide med andre for å komme fram til resultatet.

Utdanning

Regissørar har ulik bakgrunn. Nokre har lang utdanning innanfor film, regi, drama, medieteknikk eller liknande, mens andre er sjølvlærte og har mindre formell utdanning.

Det finst utdanningstilbod innanfor filmregi, fleirkameraproduksjon, fjernsynsproduksjon og liknande i Noreg. Ein kan også velje å studere i utlandet.

Sjå oversikt over utdanning innan film

Etter- og vidareutdanning
Det finst etterutdanningskurs for regissørar i regi av ulike organisasjonar og forbund. 

Kva jobbar regissørutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Regissør eller produsent (film/tv/teater)
Heltid
Alle sektorer
858 personer
311 personer
547 personer
Ca 309 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
50 000 kr
50 000 kr
50 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
50 000 kr
50 000 kr
50 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
Ca 329 kr
Ca 321 kr
Ca 333 kr
53 270 kr
51 960 kr
54 010 kr
639 240 kr
623 520 kr
648 120 kr
Ca 329 kr
Ca 321 kr
Ca 333 kr
53 530 kr
52 200 kr
54 290 kr
642 360 kr
626 400 kr
651 480 kr
Regissør eller produsent (film/tv/teater)
Deltid
Alle sektorer
199 personer
Ca 272 kr
Ca
Ca
44 140 kr
529 680 kr
Ca 272 kr
Ca
Ca
44 140 kr
529 680 kr
Ca 291 kr
Ca
Ca
47 090 kr
565 080 kr
Ca 291 kr
Ca
Ca
47 450 kr
569 400 kr
Regissør eller produsent (film/tv/teater)
Heltid
Privat
769 personer
263 personer
506 personer
Ca 309 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
50 000 kr
50 000 kr
50 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
Ca 309 kr
50 000 kr
50 000 kr
50 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
600 000 kr
Ca 330 kr
Ca 322 kr
Ca 334 kr
53 470 kr
52 240 kr
54 100 kr
641 640 kr
626 880 kr
649 200 kr
Ca 330 kr
Ca 322 kr
Ca 334 kr
53 660 kr
52 380 kr
54 310 kr
643 920 kr
628 560 kr
651 720 kr
Regissør eller produsent (film/tv/teater)
Deltid
Privat
189 personer
Ca 272 kr
Ca
Ca
44 070 kr
528 840 kr
Ca 272 kr
Ca
Ca
44 070 kr
528 840 kr
Ca 291 kr
Ca
Ca
47 150 kr
565 800 kr
Ca 291 kr
Ca
Ca
47 530 kr
570 360 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken