Gjennomgått i samarbeid med Den norske kirke 31. juli 2023

Prest

Ein prest held gudstenester og har ansvar for kyrkjelege handlingar som viing, konfirmasjon, dåp og gravferd.

Arbeidsoppgaver

Prest er tittelen på ein person som leiar dei kirkelege ritual og handlingar i ei kyrkje. I Noreg jobbar prestar flest i Den norske kyrkja. Mange andre trussamfunn bruker gjerne tittelen pastor i staden for prest.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein prest:

  • førebu og halde gudstenester
  • samarbeid i stab
  • kyrkjelege handlingar som viing, konfirmasjon, dåp og gravferd
  • samtaler med menneske som skal gifte seg, døype barna sine eller ha konfirmantførebuing
  • ha tillitsfulle samtaler/sjelesorg med menneske i ulike livssituasjonar
  • administrative oppgåver/kontorarbeid og møte i forskjellige råd og utval

Menighetsprestene i Den norske kyrkje har stillingsbetegnelsene sokneprest, kapellan og prostiprest.

Soknepresten leier kyrkjetenestene i eit sokn eller i ein kyrkjelyd, og har ofte plass i kyrkjelydsrådet. Ein sokneprest tilsettast av bispedømmerådet. Dei andre prestane i kyrkjelyden, som er administrativt underlagt soknepresten, kallast oftast kapellan. Soknepresten er fagleg ansvarleg i meinigheita, og ansvarleg for fagstaben.

Institusjonspresten, for eksempel ein sjukehusprest eller ein fengselsprest, har varierte arbeidsoppgåver etter behov. Sjelesorg for brukarar, pårørande og tilsette er ein vesentleg del av jobben. Institusjonsprestane held også gudstenester og kirkelege handlingar.

Institusjonspresten er fagperson på sorgarbeid og krisehandtering, og jobbar også tverrfagleg i team med andre tilsette på institusjonane. 

Andre stillingsnemningar innanfor presteyrket er sjømannsprest, misjonsprest og studentprest. Som prest i Den norske kyrkja blir du ordinert til presteteneste av ein biskop. Som prest arbeider du saman med andre i kyrkja, til dømes kateket/meinigheitspedagog og kantor.

Kor jobbar prestar?

Som prest kan du arbeida i ein av dei rundt 1200 sokna (forsamlingane) her i landet eller ha andre stillingar i Den norske kyrkja. Du kan òg vera tilsett i utdanningsinstitusjonar, fengslar, Forsvaret, ved sjukehus eller i frivillige organisasjonar. Du kan òg arbeida utanlands i Sjømannskyrkja.

Intervjuer

En kvinne med hvit skjorte, brunt krøllete hår og briller med sort ramme, smiler til kamera. Hun står foran en hvit vegg, og har vind i håret. Bildet er tatt utendørs.

Prest

Inger Mangrud Bore

– Jeg kommer tett på folks liv i sorg og glede og det liker jeg veldig godt, sier Inger.

Viktige eigenskapar

Ein prest arbeider med menneske, det kan vere nokon som skal døype sine barn, gifte seg eller nokon som har fått ein dødsbodskap. Det inneber at ein prest møter med menneske i kjensleladde situasjonar. Det betyr at presten må vere flink til å lytte, skape tillit, ha evne til å tolke situasjonar, formidle bodskap, ha evne til innleving og vere omsorgsfull. Du må kunne samarbeide med andre, og evne å ta avgjerder.

Lønn

Utdanning

For å bli prest må du ta embetseksamen i teologi, ein såkalla cand. theol-grad og praktisk teologisk seminar. Dette er ei utdanning som tar seks år og som til saman gir 360 studiepoeng. Det er òg mogleg å bli prest ved å ta ei master i teologi kombinert med eittårig praktisk-kirkelig utdanning.

Dei som jobbar som prestar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant teologar

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 814203 - Dr.theol.-utdanning, religionsfag
  • 714222 - Master, teologi, femårig
  • 714220 - Cand.theol.-utdanning, treårig
  • 714211 - Praktisk-teologisk seminar, ettårig
  • 714205 - Cand.theol.-utdanning, seksårig
  • 714224 - Master, praktisk teologi, 1½-årig
  • 714221 - Master, teologi, toårig
  • 714212 - Videreutdanning for teologer
  • 814205 - Lic.theol.-utdanning, religionsfag
  • 714209 - Master of Philosophy, contextual theology
  • 714219 - Master, intercontextual theology, toårig
  • 714229 - Master, theology and ministry, toårig

Bedrifter som ansetter prestar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med prestar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2560125 - PROSTIPREST
  • 2560121 - PASTOR
  • 2560117 - PREST
  • 2560114 - DØVEPREST
  • 2560113 - FELTPREST
  • 2560112 - FENGSELSPREST
  • 2560111 - SJØMANNSPREST
  • 2560110 - INSTITUSJONSPREST
  • 2560109 - MISJONSPREST
  • 2560106 - KAPELLAN
  • 2560104 - SYKEHUSPREST
  • 2560103 - SOGNEPREST
  • 2560102 - PROST
  • 2560101 - DOMPROST
  • 1210184 - BISKOP
  • 2560116 - PATER (ROMERSK-KATOLSKE KIRKE)

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.
Fysioterapeut.

Fysioterapeut

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremme god helse.
Geriater prater med eldre kvinne.

Geriatar

Som geriatar er du spesialist på sjukdommar hos eldre menneske.
Samtaleterapi

Gestaltterapeut

Ein gestaltterapeut er ein person som bruker samtaleterapi i behandlinga av klientar.
Gravferdskonsulent planlegger gravferd sammen med etterlatte

Gravferdskonsulent

Ein gravferdskonsulent hjelper pårørande i samband med dødsfall og gravferder. Gravferdskonsulenten ordnar det praktiske, og vil vere ein støtte for pårørande ved dødsfall.
Gynekolog

Gynekolog

Ein gynekolog er ein lege med spesialisering i faget kvinnesjukdommar og fødselshjelp.