Gjennomgått i samarbeid med Fagforbundet, Post og finans 17. desember 2021

Postbod

Eit postbod jobbar med å sortere og distribuere post, både til privatpersonar og bedrifter.

Arbeidsoppgaver

Postbod arbeider med å distribuere post – alt av brev, pakker, blad, aviser, reklame og anna. Arbeidet består av å sortere og levere ut post til private husstandar og bedrifter.

Utdelinga går føre seg utandørs, hovudsakleg i tidsrommet frå klokka 09.00 til 17.00. Stort sett går utdelinga føre seg med sykkel, moped eller bil, avhengig av arbeidsstad.

Kor jobbar postbod?

Postbodet er vanlegvis tilsett i Posten eller Bring. Du kan også arbeide som bod for private selskap. 

Intervjuer

Kvinne med varme klær og svart lue smiler utendørs

Postbud

Line Lunner

– Dette er et yrke som passer for dem som er glad i å være ute, og som liker å jobbe selvstendig, mener Line.
Portrettbilde av postbud Bendik Kvalvik i rødt arbeidstøy og en rød postbil i bakgrunnen

Postbud

Bendik Kvalvik

– Posten er jo en bedrift som gjør at landet går rundt, sier Bendik Kvalvik.

Viktige eigenskapar

Som postbod må du vere ansvarsbevisst, ærleg og opptatt av at kundane skal vere fornøgde. Du må ha evne til både å jobbe sjølvstendig og å samarbeide. På same måten som kundebehandlarar, er postbodet Posten sitt ansikt utetter overfor privatkundar og bedrifter. Du må arbeide raskt, vere serviceinnstilt og nøyaktig. God fysisk form er også nødvendig. Det er ofte ein føresetnad at du har førarkort.

Utdanning

Du treng inga formell utdanning for å bli postbod. Kursing og opplæring går føre seg internt i bedrifta du er tilsett i.

Etter- og vidareutdanning
Arbeidsgivarar tilbyr gjerne kurs for etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å ta kurs for å få leiaransvar. 

Dei som jobbar som postbod har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter postbod

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med postbod

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4142110 - POSTBUD
  • 4142114 - POSTFULLMEKTIG
  • 4142109 - POSTBETJENT
  • 4142105 - LANDPOSTBUD
  • 4142103 - FØRSTEPOSTFULLMEKTIG
  • 4142102 - FØRSTEPOSTBETJENT
  • 4142101 - DRIFTSLEDER (POSTKONTOR)
  • 4142122 - POSTSORTERER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.