Gjennomgått i samarbeid med Pilot Flight Academy 28. november 2023

Pilot

Ein pi­lot fø­rer eit fly, he­li­kop­ter eller fjernstyrt luftfartøy, og kan ar­bei­de både i sivil luft­fart og i Forsvaret.

Arbeidsoppgaver

Pi­lot­ar (flygarar) kan de­last inn i flei­re ka­te­go­r­iar:

  • pilot i fly og he­li­kop­ter i sivil luft­fart
  • pi­lot i Forsvaret med ja­gar­fly, spe­si­al­fly, trans­port­fly eller he­li­kop­ter
  • pilot av ubemanna luftfartøy (bruksområdet for fjernstyrte luftfartøy er i sterk vekst innan kommersiell og offentleg verksemd, og i Forsvaret)

Van­leg­vis er be­set­nin­ga på eit tra­fikk­fly sett sam­an av ein kap­tein og ein styr­mann, i til­legg til dei ka­bin­til­set­te om bord på pas­sa­sjer­fly.

For andre typar operasjonea og oppdrag kan det vere behov for medisinsk personell, redningsspesialistar eller «task specialists». 

Som kap­tein er du sjef i fl­yet og har an­svar for be­set­nin­ga, pas­sa­sje­ra­ne og las­ta. Kap­tei­nen har an­svar for at fl­yet fun­ge­rer slik det skal, og for at fly­gin­ga går føre seg et­ter trygg­leiks­reg­la­ne. Styr­man­nen er nest­kom­man­de­ran­de og av­løy­ser kap­tei­nen ved be­hov.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein pilot kan vere

  • kap­tei­nen og styr­man­nen set opp rei­se­pla­nen sam­an med spe­si­fi­ka­sjo­nar for fly­ha­stig­heit, fly­høgde og fly­tid.
  • på ein vanleg tur er det gjer­ne ein av pi­lo­ta­ne som flyr fl­yet mens den andre over­va­kar fly­gin­ga.
  • over­va­kin­ga om­fat­tar mel­lom anna hand­te­ring av radio og kom­mu­ni­ka­sjon med fly­ge­lei­a­rar un­der­vegs, driv­stoff­kont­roll og kont­roll av alle bry­ta­rar og spa­kar. Det en­de­le­ge an­sva­ret ligg all­tid hos kap­tei­nen.

Pilotar må gjennomgå jamlege legeundersøkingar avhengig av alder. Dei må også gjennomføre jamlege treningsprogram, mel­lom anna simulatortrening.

Sidan engelsk er eit arbeidsspråk innan flytrafikk, må du som pilot ha svært gode engelskkunnskapar.

Kor jobbar pi­lo­tar?

I sivil luft­fart ar­bei­der dei fles­te pi­lo­tar i fly­sel­skap som driv ru­te­tra­fikk og charter­fly­gin­gar, både in­nan- og utan­riks. Andre er til­set­te i sel­skap som driv med fly­frakt, ambulanseteneste, søk og redning, brannsløkking, taxi­fly­ging, fly­fo­to­gra­fe­ring og inspeksjonsoppdrag.

Man­ge pi­lo­tar ar­bei­der med he­li­kop­ter­trans­port knytt til olje- og gass­in­dust­r­ien, eller helikopterløft og spesialoppdrag i innlandet.

Forsvaret har til ei kvar tid pi­lo­tar som flyr ja­gar­fly, sto­re og små trans­port­fly, re­kog­no­se­rings­fly og he­li­kop­ter. Utviklinga innan dronar og teknologi har også opna nye moglegheiter for blant anna innsatsleiing, inspeksjonar, foto og lette løft.

Utviklinga innan dronar og teknologi har òg opna nye moglegheiter for mellom anna innsatsleiing, inspeksjonar, foto og lette løft.

Intervjuer

En mann i rød pilot-uniform. Han er i et fly.

Pilot

Kristian Bergesen

– Jeg har barndomsdrømmen min som yrke. Jobben min gir virkelig mening og utgjør en forskjell i folks hverdag, forteller Kristian.

Viktige eigenskapar

Det blir stilt krav om god fy­sikk, psy­ke og mo­ti­va­sjon for å bli pi­lot. Som pilot må du ha god situasjonsforståing og vere i stand til å vurdere og handle rett i vans­ke­le­ge og uføreset­te si­tua­sjo­nar. Du må også ha gode kom­mu­ni­ka­sjons- og sa­mar­beids­ev­ner.

 

Lønn

Utdanning

Du kan bli pilot ved å ta bachelor i luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Her må du ikkje betale for utdanninga sjølv.

Du kan også ta sivil utdanning ved private fagskolar. Privat utdanning betaler du sjølv. Nokre private skolar er godkjende og gir rett til delfinansiering frå Lånekassen. 

Utdanning i utlandet 
Du kan ta utdanning i andre europeiske land, og dessutan USA, og få utdanninga godkjend i Noreg. Obs: Ikkje alle utdanningar kvalifiserer for godkjenning i Noreg.

Militær utdanning
Utdanninga i Luftforsvaret går føre seg i Noreg og USA. Du får lønn under utdanninga og dei som fullfører får fast jobb som flygar i Luftforsvaret. Med ein militær flygarutdanning bind du deg for cirka 15 år i Luftforsvaret, inkludert to-tre års utdanning.

Opptakskrav
Opptakskrava varierer frå skole til skole.

Skal du utdanne deg til yrkesflygar vil krava vere strengare enn om du utdannar deg til privatflygar. Det blir også stilt krav til fysisk og psykisk helse, og du må vise medisinsk bevis klasse 1. Du må også ha plettfri vandel. 

For å bli vurdert som søkjar i Luftforsvaret må du vere mellom 18 og 22 år (24 år for personar med fullført befalsskole).

Les meir om medisinske krav i luftfarten på Luftfartstilsynets nettside

 

Et­ter- og vi­da­re­ut­dan­ning

Pi­lo­tar kan, ba­sert på opp­nåd­de kva­li­fi­ka­sjo­nar, hei­le tida opp­gra­de­re seg for andre fly­ty­par.

Dei som jobbar som pi­lo­tar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 581201 - Flygerutdanning, treårig
  • 581299 - Luftfartsfag, uspesifiserte, påbygging til videregående utdanning
  • 481201 - Flygerutdanning
  • 581202 - Fagskoleutdanning, flygerutdanning
  • 681203 - Bachelor, luftfartsfag, treårig
  • 581203 - Fagskoleutdanning, trafikkflyger – fly, toårig

Bedrifter som ansetter pi­lo­tar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med pi­lo­tar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3143110 - TRAFIKKFLYGER
  • 3143109 - FLYSTYRMANN
  • 3143108 - FLYKAPTEIN
  • 3143107 - PILOT (LUFTFART)
  • 3143102 - FLYGER
  • 3143101 - ANNENFLYGER
  • 3143105 - SJEKKFLYGER
  • 3143106 - KONTROLLFLYGER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.