Gjennomgått i samarbeid med Lederne 28. april 2022

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.

Arbeidsoppgaver

Ein personalsjef eller personalleiar har ansvaret for personalsaker og lønn, og styrer til dømes avlønning, kompetanseutvikling, helse, miljø og trygging (HMS) og rekruttering. Det er òg forventa at personalsjefen arbeider strategisk for å utvikla verksemda for å møta framtidige behov. Kva arbeidsoppgåver personalsjefen har, vil variera noko frå arbeidsplass til arbeidsplass.

Vanlege arbeidsområde for personalsjefen:

  • personal- og lønspolitikk
  • strategiar for rekruttering
  • kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • helse, miljø og sikkerheit (HMS)
  • arbeidsrett
  • medarbeidarsamtalar
  • lønsforhandlingar
  • samarbeidsplattformer mellom arbeidsgivar og organisasjonane til arbeidstakar

Personalsjefen kan òg representera bedrifta utover i ulike samanhengar. Stillingstittelen kan òg kallast HR-ansvarleg eller HR-sjef (Human Resources).

For personalsjefar i norske verksemder er det viktig å ha kunnskap om korleis det norske arbeidslivet fungerer. Det inneber å ha god kunnskap om arbeidsmiljølova og «den norske arbeidslivsmodellen» som leggar godt samarbeid mellom myndigheiter, arbeidsgivarorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar til grunn. 

Kor jobbar personalsjefar?

Personalsjefar jobbar i private eller offentlege institusjonar, bedrifter og etatar.

Intervjuer

HR- og organisasjonssjef Henriette Høie i rød goretex jakke med hette

HR- og organisasjonssjef

Henriette Høie

Å være HR- og organisasjonssjef (HR står for Human Resources) krever at du har interesse for å utvikle mennesker. Henriette Høie har jobbet både i store bedrifter og mindre organisasjoner og liker å få til resultater gjennom andre.

Viktige eigenskapar

Som personalsjef må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og ha evna til å få tilsette til å kjenne seg sett og verdsett. Du bør òg vere strukturert og tydeleg i din framtoning. Du må kunna samarbeida godt med andre. Vidare bør du ha evna til å leia, motivera, prioritera og delegera.

Lønn

Utdanning

Personalsjefar kan ha svært ulik yrkes- og utdanningsbakgrunn, innan til dømes pedagogikk, økonomi eller administrasjon. Personalsjefar har ofte erfaring frå arbeidslivet. Når ein lyser ut ei stilling som personalsjef, skriv ein gjerne også kva utdanning og kvalifikasjonar ein vil ha. 

Fleire høgskolar og universitet tilbyr utdanning innan personalleiing, administrasjon og økonomi.

Søk etter studiestader

Det det blir òg tilbode kurs i lønns- og personalpolitikk.

Etter- og vidareutdanning

Du vel vidareutdanning på bakgrunn av tidlegare utdanning og praksismen det er vanleg å velje noko innanfor økonomi og administrasjon. Fleire institusjonar tilbyr ulike kurs innan lønn, personal og administrasjon.

Dei som jobbar som personalsjefar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter personalsjefar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med personalsjefar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 1232103 - PERSONALSJEF
  • 1232102 - PERSONALDIREKTØR
  • 1232111 - PERSONALLEDER
  • 2512142 - HR-LEDER
  • 2512134 - BEMANNINGSKOORDINATOR
  • 1232115 - HR-DIREKTØR
  • 1232114 - LØNNINGSSJEF
  • 1232113 - STAFFCAPTAIN
  • 1232112 - STABSSJEF
  • 1232109 - FYLKESPERSONALSJEF
  • 1232110 - ORGANISASJONSSJEF
  • 1232101 - OPPLÆRINGSLEDER
  • 1232116 - KOMMUNALSJEF (HR)
  • 1232117 - FYLKESDIREKTØR (HR)
  • 1231113 - PERSONAL-OG ØKONOMIDIREKTØR
  • 3492104 - GRUPPELEDER (FJERNSYN)
  • 1232107 - HOFFSJEF

Andre yrke

Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Ein advokatsekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
En kvinnelig finansanalytiker sitter med et headset foran tre dataskjermer med grafer og tall.

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.