Gjennomgått i samarbeid med Norwegian Society of Extracorporeal Technology 06. januar 2022

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.

Arbeidsoppgaver

Ein perfusjonist handterer hjarte- og lungemaskin og andre pumper under operasjonar og på intensivavdelinger. Perfusjonisten er med i eit kirurgisk team ved opne hjarteoperasjonar der hjartet og lungene til pasienten blir stoppa for å gi kirurgen optimale arbeidsforhold. Då tar hjarte- og lungemaskinen over funksjonen til hjartet og lungene, og perfusjonisten har ansvar for å halde kontinuerleg oversikt og handtere maskinen. Som perfusjonist har du det tekniske ansvaret for ymse pumper og maskinar som blir brukt for hjarte- og lungesupport. 

Som perfusjonist må du kunne takle eventuelle komplikasjonar og gjere det som trengst for å halde blodsirkulasjonen til pasienten i gang under operasjonen.

I tillegg til å handtere hjarte- og lungemaskinen handterer også perfusjonisten utstyr som blir brukt når pasienten treng assistanse, som for eksempel ved hjarte- eller lungesvikt. Arbeidsoppgåvene kan variere frå ein arbeidsplass til ein annan.

Perfusjonist er ein beskytta tittel.

Kor jobbar perfusjonistar?

Perfusjonisten jobbar på sjukehus i kirurgiske team ved hjartekirurgiske avdelingar.

Intervjuer

Portrettbilde av perfusjonisten. Hun har på seg grønne operasjonsklær.

Perfusjonist

Emma Mølmshaug Midthun

Emma Mølmshaug Midthun lot seg fascinere av maskinen som ble brukt under en hjerteoperasjon hun fikk være med på. Da forsto hun at perfusjonist kunne være riktig yrke for henne.
Portrettfoto av Perfusjonist Anders Fjellner

Perfusjonist

Anders Fjellner

– Alle som har denne jobben må bo i nærheten av sykehuset, sier Anders Fjellner

Viktige eigenskapar

Du må like å arbeide med menneske og ha gode samarbeidsevner. Du må takle komplikasjonar under operasjonar og vere snartenkt og sjølvstendig. I tillegg må du vere serviceinnstilt og fagleg dyktig.

Lønn

Utdanning

For å bli autorisert perfusjonist må du ha ein bachelorgrad i eit relevant medisinsk eller teknisk fag og minimum to år arbeidserfaring. Dei fleste har bakgrunn som sjukepleiar (gjerne erfaring innan anestesi eller intensiv), bioingeniør eller har ein medisinsk-teknisk ingeniørutdanning.

Dernest må du ta ein mastergrad i kardiovaskulær teknologi frå eit universitet eller ein høgskole som er akkreditert av European Board of Cardiovascular Perfusion (EBCP). I Norden er det berre Aarhus Universitet som tilbyr denne utdanninga, og den nyttast av alle hjartesentera i Noreg. 

Den vanlegaste vegen inn i perfusjonistyrket er å søke på ei utdanningsstilling ved eit av dei kirurgiske hjartesentera i Noreg (UNN, St. Olavs, HUS, OUS). Då vil du som hovudregel få dekt utdanningskostnader og vere sikra både praksis under utdanning og jobb etter end utdanning.

Dersom du finansierer utdanninga sjølv, er du ikkje sikra jobb etter end utdanning. Det kan og vere svært krevjande å få utført den praktiske delen av utdanninga utan å vere tilknytt eit kirurgisk hjartesenter. Potensielle kandidatar bør derfor setje seg grundig inn i krav til autorisasjon på Helsedirektoratets sider og undersøke moglegheiter for praktisk opplæring før ein deltar på eit utdanningsprogram som ikkje er i regi av eit norsk hjartesenter. Sjå liste over studieprogram i utlandet.

Opptakskrav for perfusjonistutdanningen ved Aarhus Universitet

  • bachelorgrad i relevant medisinsk eller teknisk fag
  • minimum to års relevant arbeidserfaring etter utdanning
  • gode evner i både skriftleg og munnleg engelsk
  • matematikk og fysikk tilsvarande dansk «b-nivå» frå vidaregåande skule

Bedrifter som ansetter perfusjonistar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med perfusjonistar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3211125 - PERFUSJONIST

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.