Gjennomgått i samarbeid med Norsk Sjøoffiserforbund 01. juni 2022

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.

Arbeidsoppgaver

Som overstyrmann er du nestansvarleg etter kapteinen og avløysar på eit skip. Du jobbar skift og må rekna med å vera om bord i lengre periodar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein overstyrmann:

  • hovudansvar for laste- og losseoperasjoner og behandling av last
  • ansvar for stabiliteten på skipet, trygging og vedlikehald på dekk
  • administrativt arbeid
  • vera medisinsk ansvarleg om bord
  • beherska elektroniske kart, radar og andre høgteknologiske verktøy for å navigera og gjennomføra ei sikker reise

Overstyrmannen høyrer til leiargruppa på skipet saman med kapteinenmaskinsjefen og førstemaskinisten. På eit skip er det som regel ein kaptein, ein overstyrmann og to-tre styrmenn. Talet på personar om bord varierer etter skipstype og fartsområde.

Etter fullført utdanning startar du som kadett. Deretter kan du bli styrmann, så overstyrmann og til slutt kaptein. Dette er den naturlege karrierevegen på eit skip.

Overstyrmannen samarbeider tett med dei andre styrmennene, som sørgjer for at dei følgjer overstyrmannens plan for lasting og lossing.  

Styrmann, los, overstyrmann og kaptein går under namnet dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer etter kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeide som styrmann på ei ferje i ein trong norsk fjordarm, og på ein tankbåt som fartar over heile verda. Du samarbeider med fleire yrkesgrupper, til dømes med matroser, loser og motormenn og maskinistar.

Alle som skal jobba på skip, og andre flyttbar innretninger til havs, må ha ei helsefråsegn som viser at du kan jobba om bord på eit skip. Då skal ein sjømannslege sjekka mellom anna syn, høyrsle, den fysiske funksjonsevna di. Dette gjeld òg lærlingar som skal jobba om bord.

Kor jobbar overstyrmenn?

Overstyrmannen arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn. Det kan vere alt frå tankskip, offshorefartøy og hurtigbåtar. Viss du vil segla i internasjonale farvatn, må du vera oppmerksam på at plettfri vandel ofte er eit krav for å få visum i fleire land.

Etter ein tid som styrmann kan du også arbeide på land med administrasjon, personalleiing, kvalitets- og sikkerheitsarbeid, reiarlagsadministrasjon, maritime bedrifter eller i offentleg sjøforvalting. 

Intervjuer

Overstyrmann Ken Roger Klovning er avbildet i styrhuset på M/S Utsira. Han er iført en svart piquet-trøye med o.styrmann i hvite bokstaver på brystet.

Overstyrmann

Ken Roger Klovning

Jeg syns det er utrolig fint å seile på kysten. Det er lite som slår å sitte i styrehuset med en kaffekopp og se på utsikten, sier overstyrmann Ken Roger.

Viktige eigenskapar

Som overstyrmann er det viktig å vera besluttsom, effektiv og nøyaktig. Du må vera serviceinnstilt, glad i å samarbeida og like å arbeida tett med mange menneske. Du bør vera glad i å inspirera og leia andre.

Lønn

Utdanning

Du kan først ta fagbrev i matrosfag på vidaregåande skule med to år i lære i bedrift. Deretter kan du ta ei toårig dekksoffiserutdanning ved ein fagskule. Etterpå må du ha seilingstid (fartstid) som kadett og få systematisk opplæring, i tillegg til å ta nødvendige sertifikat for å bli styrmann, og deretter overstyrmann. Du må òg ha godkjent helseattest, godt fargesyn og god høyrsle. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjent helseattest. 

Fartstid som blir kravd som kadett for å få sertifikat:

• 6 månader effektiv fartstid (tid om bord) med opplæring for dei som har fagbrev som matros/fiskar
• 12 månader effektiv fartstid (tid om bord) med opplæring for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
• 1 månad effektiv fartstid (tid om bord) for dei som har 36 månader fartstid som matros/fiskar før dei byrjar på utdanninga si

Fartstida for kadettar omregnes slik at det passar med eit årsverk på land. Timane omregnes til fartstid dagar etter formelen D = (x/1867) * 365, der «D» står for fartstid dagar, «x» står for timar og 1867 er tal timar i basis årsverk basert på 8-timars dag. Det vil seia at ein 12 timars arbeidsdag tilsvarer 2,35 fartstid dagar.

Etter- og vidareutdanning
Overstyrmannen må halde seg oppdatert på fagområde. Du får derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Du kan også vidareutdanne deg til kaptein, men som regel kjem opprykket eller forfremjinga etter kvart som du opparbeider deg erfaring.

Dei som jobbar som overstyrmenn har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant nautikkutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 681309 - Bachelor, nautikkutdanning, treårig
  • 681304 - Maritim høgskole, maritim drift, nautisk linje, toårig
  • 681303 - Høgskolekandidat, nautisk studium, treårig
  • 581304 - Teknisk fagskole, maritime fag med fordypning i nautiske fag/fiskerifag

Bedrifter som ansetter overstyrmenn

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med overstyrmenn

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3142115 - OVERSTYRMANN

Andre yrke

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Som maritim elektrikar er du spesialist på elektriske anlegg, komponentar og instrument om bord på skip.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.