Gjennomgått i samarbeid med Norges Optikerforbund 23. november 2022

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.

Arbeidsoppgaver

Ein optikar er ein person som arbeider med synsundersøkingar og hjelper folk til å kunne nytta synet sitt gjennom heile livet.

Vanlege arbeidsoppgåver for optikaren:

  • utføre synsundersøkingar og avdekke synsfeil
  • tilrå hjelpemiddel som briller og kontaktlinser
  • gi synstrening og følge opp syn og augehelse
  • gi råd og rettleiing om syn og augehelse
  • vise til anna helsepersonell ved mistanke om augesjukdomar

I Norge er yrkestittelen optikar verna. Etter fullført utdanning må ein som optikar søke autorisasjon frå Helsedirektoratet for å kunne praktisere i yrket.

Som autorisert optikar må du utføre arbeidsoppgåvene dine på ein forsvarleg og sjølvstendig måte. Dette krev ein høg fagleg og etisk standard. Optikaren må også halde seg oppdatert på fagområdet.

Kor jobbar optikarar?

Optikarar flest arbeider i optikarbutikkar, på augeavdelingar på sjukehus og i hjelpemiddelsentralar for synshemma personar.

Somme arbeider også med produksjon og sal av brilleglas. Dei siste åra har fleire optikarar også byrja arbeide saman med augelegar på private klinikkar for augehelse. Arbeid innan synsforsking og utdanning er også mogeleg.

Intervjuer

Portrettfoto av en kvinne med langt brunt hår som smiler til kamera. Hun står foran en hvit vegg, og er ikledd hvit skjorte og svart blazer.

Optiker

Anja Veslemøy Elstad

Anja Veslemøy Elstad syntes hun fikk god hjelp av optiker da hun var ungdom, og det gav henne lysten til å hjelpe andre med synet sitt.

Viktige eigenskapar

Optikaren må vere opptatt av helse, omsorg og service. Nøyaktigheit og teknisk innsikt er andre viktige eigenskapar ein optikar bør ha.

Lønn

Utdanning

Høgskolen i Sørøst-Norge er den einaste høgskolen som tilbyr optometri. Studiet gir ei bachelorgrad, attpå offentleg godkjenning som optikar.

Etter- og vidareutdanning
Etter bachelor i optometri kan du ta ei mastergrad i klinisk optometri eller ei grad i synsvitskap. 

Dei vanlegaste jobbane blant optikarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 655304 - Bachelor, optikk, treårig
  • 655302 - Høgskoleingeniørutdanning, optikk, treårig
  • 655301 - Ingeniørutdanning, optikk, toårig

Bedrifter som ansetter optikarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med optikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3224120 - OPTIKER

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.

Relaterte lenker