Gjennomgått i samarbeid med Nasjonalt fagråd for maritime fagskoler 13. desember 2023

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.

Arbeidsoppgaver

Ein skipsmotormekanikar heitte tidlegare motormann, men får nytt namn frå 01.08.2022, i samband med fagfornyelsen.

Skipsmotormekanikar bruker verktøy, sveise-, måle- og testutstyr for vedlikehald av skipsmaskineri, ventilar og røyrsystem.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein skipsmotormekanikar:

  • vedlikehald i maskinrom og andre tekniske rom
  • vaktfunksjon
  • forefallende arbeid
  • motormekanikk
  • halde orden, reinhald og rydding
  • avfallshandtering
  • observere og rapportere avvik
  • følgje gitte rutinar og prosedyrar
  • sikkerheit og beredskap

Arbeidet ledast av ein maskinist eller maskinsjef. Motormenn jobbar på sjøen, gjerne i lengre periodar, og du må vere forberedt på å jobbe turnus.

Alle som skal jobbe på skip, må ha ein helseattest som viser at du kan jobbe om bord på eit skip. Då skal ein sjømannslege sjekka mellom anna syn, høyrsle, og den fysiske funksjonsevna di. Dette gjeld og lærlingar som skal jobbe om bord. 

Kor jobbar skipsmotormekanikarar?

Ein motormann jobbar som oftast om bord på skip, men det er og mogeleg å jobbe på landbasert industri.

Intervjuer

Motormann Thrine Gohn klatret opp i ubåten hun jobber på.

Motormann

Thrine Gohn

Thrine er motormann på ubåt. En liten verden på dypet med både faglige og sosiale utfordringer.

Viktige eigenskapar

Som motormann er det viktig å arbeide nøyaktig og sjølvstendig. Du må vere flink til å takle stress og handtere utfordringar. Det er viktig med gode samarbeidsevner og du bør vere sosial. Det er ein fordel å ha gode engelskkunnskapar, og du bør vere nysgjerrig og ha ei interesse for faget.

Lønn

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Du kan og ta fagbrev som skipsmotormekanikar i Forsvaret.

Etter- og vidareutdanning

Du kan utdanne deg vidare til maskinist eller maskinsjef når du har oppnådd nok fartstid om bord. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Dei som jobbar som skipsmotormekanikarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant skipsmotormekanikare

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 455231 - Skipsmotormekanikerfaget, Vg3

Bedrifter som ansetter skipsmotormekanikarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med skipsmotormekanikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8342111 - SKIPSMEKANIKER
  • 8342105 - SKIPSMEKANIKERASPIRANT
  • 8342101 - MOTORMANN
  • 8113114 - MASKINROMSOPERATØR (BORE- OG ENTREPENØRFARTØY)

Andre yrke

Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
Flymotormekaniker i arbeid

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.