Modell gjør seg klar til å bli fotografert.
Yrkesskildring

Modell

favoritt ikon

Ein modell blir kontakta for presentasjon eller vising av klede, smykke og liknande. Modellar jobbar ofte i modellbyrå.

Som modell viser du fram motekolleksjonar, kosmetikk og slikt ved å posere ved fotografering eller filming i kunstnarisk samanheng eller reklame.

Oppdraga til modellen varierer. Du kan til dømes jobbe som både fotomodell og statist i ein film. Under motevisingar går modellane på ein catwalk. Her viser dei fram antrekk og kolleksjonar. Du kan også stå modell for kunstnarar som skaper skulpturar eller måleri.

Det er relativt få som livnærer seg av modellyrket, og det er tøffare enn nokon gong å kome inn på det internasjonale marknaden som modell. Ofte er det snakk om eit mellombels arbeid; ei biinntekt.

I løpet av ein arbeidsdag som modell samarbeider du gjerne med fotografar, regissørar, stylistar og sminkørar

Kvar arbeider modellar?

Modellar jobbar ofte for oppdragsgivarar i motebransjen eller andre kommersielle aktørar som har behov for å marknadsføre varer.

Somme modellar jobbar som sjølvstendige næringsdrivande. Dei fleste er likevel engasjerte gjennom modellbyrå. Det er hard konkurranse om modelljobbane. Modellar som er tilknytt eit byrå vil truleg ha større sjanse til å få oppdrag. Nokon, men svært få modellar, får jobb direkte hos større motehus og grossistfirma i motebransjen.

Personlege eigenskapar

Modellar bør ha ein tiltalande og ofte spesiell utsjånad. Det finst like fullt like forskjellige modellar som det finst ulike klede. Høgde, vekt og andre preferansar varierer alt etter arbeidsgivar og oppdrag. Du bør ha god konsentrasjon, god helse og godt uthald.

Utdanning

Det finst inga formell utdanning for modellar. Opplæringa går ofte føre seg under arbeidet. Erfaring og talent er sentrale eigenskapar som oppdragsgivarar ser etter. Nokre modellar deltar på kurs i regi av private skolar og modellbyrå.

Opptakskrav
Opptakskrava kan variere. Ofte blir det halde casting eller audition der talent og erfaring er avgjerande.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Negledesigner jobber med neglene til kunde.

Negledesignar

Nagledesignarar flest jobbar i naglesalongar med stell og pleie av negler og hender.

Frisør klipper kunde.

Frisør

Som frisør klipper og stylar du kundar. Du kan også gi råd og rettleiing om hårfasongar og produkt.

Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskin­sjef

Som maskin­sjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller ein flyttbar rigg.

Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleums­ingeniør

Som petroleums­ingeniør arbeider du innan olje- og gassbransjen, og har ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.

Mannlig forsker dypper slanger i reagensglass.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny.

Kosmetolog sminker en klient.

Kosmetolog

Kosmetologar gir kundar hudpleie og kosmetisk behandling.

Professor underviser en gruppe studenter.

Professor

Professoren arbeidar med forsking og med undervising og rettleiing av studentar.

En liten jente holder smilende opp en mobiltelefon. Kabinpersonale, mor, bestemor og bror ser på i bakgrunnen.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.

Massasjeterapeut masserer nakke

Massasje­terapeut

Ein massasje­terapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.

Diplomatar på arbeid i FN.

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.

Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudpleiar

Ein hudpleiar behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.

Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.