Gjennomgått i samarbeid med Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening 04. januar 2023

Møbeldesignar

Møbeldesignaren designar møblar og interiør.

Arbeidsoppgaver

Som møbeldesignar har du ansvaret for å forme møblar og anna interiør. Du tar omsyn til både fysiske og emosjonelle behov.

Møbeldesignarane har spesialkunnskap om ideutvikling, formgiving, konstruksjon, ergonomi og materiale. For å finne ut kva som er rett design til eit prosjekt må du bruke mykje tid på planlegging og utprøving, og du må ta omsyn til estetiske, funksjonelle og økonomiske forhold.

Tittelen møbeldesignar er ikkje verna, men møbeldesignarar med tittelen "møbeldesignar MNIL" er medlemmar av Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL). For å bli tatt opp i NIL må du ha ei mastergrad. 

Kor jobbar møbeldesignarar?

Ein møbeldesignar jobbar ofte som sjølvstendig næringsdrivande. Han baserer seg på enkeltoppdrag for industriar eller interiørprosjekt. Nokre bedrifter har møbeldesignarar som er fast tilsett.

Intervjuer

Møbeldesigner Silje Nesdal sitter på trappa utenfor verkstedet i Oslo.

Møbeldesigner

Silje Nesdal

Å se et ferdig produkt i et hjem, kontor eller i en restaurant – kjenne på gleden ved at noen har valgt mine ting og gitt møbelet et liv, er veldig givende, sier Silje Nesdal.

Viktige eigenskapar

Ein møbeldesignar bør vere kreativ og praktisk anlagt. Du må ha evna til å sjå kva som fungerer både estetisk og funksjonelt. I tillegg må du vere i stand til å kommunisere effektivt med kundar og produsentar.

Lønn

Utdanning

Det finst tilbod om høgare utdanning innan møbeldesign i Noreg. Du kan også ta utdanning i utlandet.

Oversikt over studiestader i Noreg

Opptakskrav
Generell studiekompetanse, i tillegg til opptaksprøver. Det kan hjelpe med utdanning eller praksis frå nærskylde fag som til dømes snikkarfaget.

Etter- og vidareutdanning
Som medlem av Norske interiørarkitekter og møbeldesigneres landsforening (NIL) kan du mellom anna søke stipend til vidareutvikling.

Dei som jobbar som møbeldesignarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant møbeldesignarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 716502 - Master, design, studieretning interiørarkitektur og møbeldesign, toårig
  • 616503 - Bachelor, interiørarkitektur og møbeldesign, treårig
  • 616502 - Høgskolekandidat, interiørarkitektur og møbeldesign, treårig

Bedrifter som ansetter møbeldesignarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med møbeldesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2141116 - MØBELDESIGNER
  • 3471141 - PRODUKTUTVIKLER (MØBLER)
  • 3471143 - PROSJEKTLEDER (PRODUKTUTVIKLING AV MØBLER)
  • 2552109 - INDUSTRIDESIGNER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.
Hovslager skor hest

Hovslagar

Hovslagarar arbeider med å sko hestar.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.