Gjennomgått i samarbeid med Nasjonalt fagråd for maritime fagskoler 13. desember 2023

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.

Arbeidsoppgaver

Som matros jobbar du med den daglege drifta om bord på båtar som seglar innanriks og utanriks. 

Arbeidsoppgåvene varierer etter kva type skip du jobbar på, til dømes kvar stort skipet er, eller kva slags type arbeid skipet utfører.

Nokre skip fraktar ulike typar lastar mellom hamner, medan nokre skip arbeider opp mot til dømes installasjonar som havvindsanlegg, oppdrettsanlegg eller oljeplattformer.

Matrosen jobbar i tett samarbeid med kaptein og styrmann.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein matros:

  • vedlikehald, som måling og spyling på skipet
  • nødvendig arbeid på dekk
  • lasting og lossing
  • vera på bru og segla (bruvakt)
  • fortøya når skipet skal legga til eller gå frå kai
  • halda orden, vasking og rydding
  • avfallshandtering
  • observera og rapportera avvik
  • følgja gitte rutinar og prosedyrar
  • trygging og beredskap

Arbeidstider for ein som jobbar som matros er turnus. Det vil seia at ein jobbar til dømes 4 veker på skipet og har 4 veker fri etterpå. Turnus varierer veldig frå skipstype til skipstype. Alle som skal jobba på skip, og andre flyttbar innretningar til havs, må ha ei helsefråsegn som viser at du kan jobba om bord på eit skip. Då skal ein sjømannslege sjekka mellom anna syn, høyrsle, den fysiske funksjonsevna di. Dette gjeld òg lærlingar som skal jobba om bord.

Kor jobbar matrosar?

Matrosar jobbar både på mindre ferjer og hurtigbåtar her heime og på større båtar som seglar både innanriks og utanriks. 

Intervjuer

En ung mann med matrosstriper på skuldrene smiler til kamera.

Matros

Torje Mathisen Seljeseth

– Ingen dager er like på en hurtigbåt langs norskekysten, forteller Torje.
Hans Erik Christoffersen er maskinist på D/S Kysten i Tøsnberg.

Matros

Hans Erik Christoffersen

Hans Erik Christoffersen er en stolt matros på på det historiske skipet D/S Kysten.

Viktige eigenskapar

Som matros bør du like praktisk arbeid. Du må kunne samarbeide med andre om bord. På mange fartøy jobbar det folk frå mange ulike land, så gode engelskkunnskapar er ein fordel.

Lønn

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Etter- og vidareutdanning
Du kan utdanne deg vidare til styrmann eller kaptein når du har oppnådd norsk fartstid om bord. 

Dei vanlegaste jobbane blant matrosutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 481302 - Matrosfaget, Vg3

Bedrifter som ansetter matrosar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med matrosar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8341107 - MATROS
  • 8341106 - LETTMATROS
  • 8341105 - JUNGMANN
  • 8341102 - DEKKSGUTT
  • 8341104 - ARBEIDSLEDER (BÅTSMANN)
  • 8341101 - BÅTSMANN
  • 3142112 - LOSBÅTSMANN

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.