Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.
Yrkesskildring

Maskin­sjef

favoritt ikon

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller ein flyttbar rigg.

Ein maskinsjef er sjef for teknisk personell som til dømes maskinistar og elektrikarar. Maskinsjefen har ofte hovudansvaret for sikkerheita i maskinrommet og ansvaret for vedlikehald og drift av maskiner og andre tekniske installasjonar om bord. Maskinsjefen passar til dømes på at straumforsyninga på skipet, motorane og lensepumpene fungerer som dei skal. Maskinsjefen jobbar tett saman med maskinisten i maskinrommet. Når skipet er på verkstad førebur og leier maskinsjefen arbeidet.

Kvar arbeider maskinsjefar?

Maskinsjefen jobbar om bord på skip eller flyttbare riggar. Med maskinoffisersertifikatet kan du jobbe over heile verda: på skip eller flyttbare riggar med framdriftsmaskineri over 750 kW. Maskinsjefen er også attraktiv for jobbar på land i til dømes reiarlag, teknisk drift, offentleg sjøforvalting og maritime bedrifter.

Personlege eigenskapar

Som maskinsjef bør du vere glad i mekanikk og teknikk. Du bør også like å ha ein leiarposisjon. I tillegg bør du vere nøyaktig, sosial og samarbeidsvillig. Du må takle å vere borte frå familie og vener i periodar.

Utdanning

Du kan velje enten yrkesfagleg utdanning eller høgskoleutdanning for å bli maskinsjef.

Yrkesfagleg utdanning

I vidaregåande opplæring vel du å ta opplæring i bedrift i motormannsfaget, etter to år på skole.

Deretter må du ta ei toårig grad i skipsteknisk drift ved ein teknisk fagskole. Etter fagskolen må du ha til saman seks månader med fartstid som kadett og nødvendige sertifikat dersom du vil bli maskinoffiser i klasse 4 (andremaskinist). For å få sertifikat i klasse M2 (førstemaskinist) må du ha eitt år med teneste om bord på båt. For å få sertifikat i klasse M1 (maskinsjef) må du ha eitt år med teneste om bord på båt som M2. Det må du også ha dersom du vil ha sertifikat i klasse M1 (maskinsjef). 

Det er mogeleg å ta teknisk fagskole etter fagbrev i Sjøforsvaret. Sjøforsvaret tilbyr dessutan maskinistutdanning.

Høgskoleutdanning
I Noreg kan du berre utdanne deg til maskinsjef ved Høgskolen Sørøst-Norge. Bachelor i marinteknisk drift.

Etter fullført høgskoleutdanning må du reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat. Du må ha minimum 36 månader med effektiv fartstid etter enda utdanning for å få sertifikata.

Kva jobbar skipsmaskinutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Skipsmaskinist
Heltid
Alle sektorer
3 335 personer
3 303 personer
Ca 395 kr
Ca
Ca 395 kr
63 960 kr
64 020 kr
767 520 kr
768 240 kr
Ca 395 kr
Ca
Ca 395 kr
63 960 kr
64 020 kr
767 520 kr
768 240 kr
Ca 404 kr
Ca
Ca 404 kr
65 370 kr
65 460 kr
784 440 kr
785 520 kr
Ca 404 kr
Ca
Ca 404 kr
67 490 kr
67 590 kr
809 880 kr
811 080 kr
Skipsmaskinist
Deltid
Alle sektorer
155 personer
147 personer
Ca 297 kr
Ca
Ca 301 kr
48 130 kr
48 710 kr
577 560 kr
584 520 kr
Ca 297 kr
Ca
Ca 301 kr
48 130 kr
48 710 kr
577 560 kr
584 520 kr
Ca 330 kr
Ca
Ca 334 kr
53 490 kr
54 170 kr
641 880 kr
650 040 kr
Ca 330 kr
Ca
Ca 334 kr
55 530 kr
56 330 kr
666 360 kr
675 960 kr
Skipsmaskinist
Heltid
Privat
3 219 personer
3 190 personer
Ca 397 kr
Ca
Ca 398 kr
64 290 kr
64 470 kr
771 480 kr
773 640 kr
Ca 397 kr
Ca
Ca 398 kr
64 290 kr
64 470 kr
771 480 kr
773 640 kr
Ca 405 kr
Ca
Ca 406 kr
65 630 kr
65 720 kr
787 560 kr
788 640 kr
Ca 405 kr
Ca
Ca 406 kr
67 720 kr
67 810 kr
812 640 kr
813 720 kr
Skipsmaskinist
Deltid
Privat
144 personer
138 personer
Ca 301 kr
Ca
Ca 305 kr
48 710 kr
49 330 kr
584 520 kr
591 960 kr
Ca 301 kr
Ca
Ca 305 kr
48 710 kr
49 330 kr
584 520 kr
591 960 kr
Ca 337 kr
Ca
Ca 341 kr
54 670 kr
55 240 kr
656 040 kr
662 880 kr
Ca 337 kr
Ca
Ca 341 kr
56 780 kr
57 470 kr
681 360 kr
689 640 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nett­mann

Ein bas/nett­mann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.

Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.

Motormann inspiserer motorrommet

Motor­mann

Ein motor­mann held ved like og reparerer motorar og andre mekaniske delar.

Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvaret for drifta og vedlikehaldet av det tekniske utstyret og maskinene om bord på skip og flyttbare riggar.

Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyr­mann

Som overstyr­mann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.

Illustrasjonsbilde av skipsingeniør

Maritim elektrikar

Som maritim elektrikar er du spesialist på elektriske anlegg, komponentar og instrument om bord på skip.

Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskade­reparatør

Ein bilskade­reparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.

Regissør i filmstudio

Regissør

Ein filmregissør førebur og styrer ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.

Kvinnelig tolk prater med lyd og bevegelser.

Tolk

Ein tolk arbeider med munnleg omsetting av innhaldet i eit språk til eit anna.

Maskiningeniør i arbeid

Maskin­ingeniør

Ein maskin­ingeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.

En liten jente holder smilende opp en mobiltelefon. Kabinpersonale, mor, bestemor og bror ser på i bakgrunnen.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.