Gjennomgått i samarbeid med Nasjonalt fagråd for maritime fagskoler 13. desember 2023

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.

Arbeidsoppgaver

Om bord på eit skip kan det vera fleire i maskinbesetninga. Dette varierer etter kvar stort maskineriet er. På større fartøy er det både 1. maskinist og 2. maskinistar. Fellesnemninga for dei som jobbar som maskinist eller maskinsjef er maskinoffiser.

Som maskinist har du moglegheit å jobba på skip, plattform eller på landsanlegg der det er behov for tilsette med maskinistutdanning. Som 1. maskinist er du maskinsjefens nestkommanderande om bord, og jobbar i maskinrommet med å halda maskineriet i god teknisk stand.

Vanlege arbeidsoppgåver for maskinistar

  • dagleg ansvar for drift, reparasjon, overhaling og vedlikehald av maskineri og tekniske system på heile fartøyet
  • planlegga større og mindre vedlikehaldsarbeid
  • vakthald i kontrollrom
  • hovudansvar for trygginga i maskinrommet
  • bunkring (fylla drivstoff)
  • opplæring av nye i maskinbesetninga

I dette yrket må du vera førebudd på å arbeida turnus og kanskje vera lengre periodar om bord, til dømes fire veker om bord, fire veker fri.

Alle som skal jobba på skip, og andre flyttbar innretningar til havs, må ha ei helsefråsegn som viser at du kan jobba om bord på eit skip. Då skal ein sjømannslege sjekka mellom anna syn, høyrsle, den fysiske funksjonsevna di. Dette gjeld òg lærlingar som skal jobba om bord.

Kor jobbar maskinistar?

Maskinisten arbeider om bord på skip eller offshore. Som maskinist kan du òg jobbe på land, i reiarlag, offentleg sjøfortvalting eller maritime bedrifter som til dømes Veritas. Eit maskinistsertifikat gir deg mogelegheiter til å jobbe over heile verda.

Intervjuer

Maskinist Anders Aasmundsen. Portrett

Maskinist/maskinoffiser

Anders Aasmundsen

Som maskinist i Kystverket gjør Anders både tekniske oppgaver på båten, og vedlikeholdsarbeid langs kysten.

Viktige eigenskapar

Som maskinist er det viktig å vere teknisk interessert og ha lett for å skjøne korleis maskiner fungerer. Du må vere serviceinnstilt og like å arbeide tett med andre menneske. For å trivast i jobben er det òg ein fordel å like å vere på havet.

Lønn

Utdanning

Du kan først ta fagbrev og ferdigheitssertifikat som motormann ved å ta vidaregåande utdanning med to år lære i bedrift. Deretter kan du ta ein toårig grad i maskinteknisk drift ved ein teknisk fagskole. Etterpå må du ha seilingstid som maskinkadett og få opplæring fram til første sertifikat som maskinist. 

Fartstid som krevst for å få sertifikat:

  • seks månader effektiv fartstid (tid om bord på båt) med opplæring om du har fagbrev som motormann
  • tolv månader effektiv fartstid med opplæring om du ikkje har fagbrev som motormann
  • ein månad effektiv fartstid om du har 36 månader fartstid som motormann før du begynner på utdanninga 

Som maskinist må du ha bestått helseattest, og ha godt fargesyn og god høyrsle. 

Dei som jobbar som maskinistar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant maskinistutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 681308 - Høgskolekandidat, marinteknisk drift, treårig
  • 655215 - Bachelor, ingeniørfag, marinteknisk drift, treårig
  • 655214 - Bachelor, marinteknisk drift, treårig
  • 655205 - Høgskoleingeniørutdanning, maskin, treårig
  • 581305 - Teknisk fagskole, linje for maritime fag og fiskerifag, toårig
  • 555220 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på ledelsesnivå, toårig
  • 555217 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på ledelsesnivå
  • 555213 - Fagskoleutdanning, skipsteknisk drift
  • 555202 - Maritime maskinistfag, påbygging til videregående utdanning
  • 555201 - Enemaskinistkurs
  • 455225 - Maskinarbeiderfaget, VK II
  • 455224 - Maritime maskinistfag, videregående, avsluttende utdanning

Bedrifter som ansetter maskinistar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med maskinistar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8342104 - MASKINPASSER (SKIP)
  • 8162118 - MASKINIST (FORBRENNINGSANLEGG)
  • 8162117 - OPERATØR (FORBRENNINGSANLEGG)
  • 8162115 - KULDEMASKINIST
  • 8162109 - DRIFTSOPERATØR (VANNRENSEANLEGG)
  • 8162107 - FRYSEMASKINIST (STASJONÆRE ANLEGG)
  • 8162102 - KJØLEMASKINIST (FORBRENNINGSANLEGG)
  • 5163139 - MASKINIST (DRIFT AV MASKINER)
  • 3141115 - SUPERVISOR (VEDLIKEHOLD SKIP)
  • 3141112 - MASKINOFFISER (SKIP)
  • 3141110 - KJØLEMASKINIST (SKIP)
  • 3141109 - SKIPSMASKINIST
  • 3141107 - ANDREMASKINIST (SKIP)
  • 3141106 - OFFISERSASPIRANT (MASKIN)
  • 3141105 - TEKNISK ASSISTENT (BORE- OG ENTREPENØRFARTØY)
  • 3141104 - ENEMASKINIST
  • 3141103 - MASKINIST (SKIP)
  • 3141102 - FØRSTEMASKINIST (SKIP)
  • 3141101 - ANNENMASKINIST
  • 8342103 - MASKINASSISTENT (SKIP)

Andre yrke

Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
Flymotormekaniker i arbeid

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.