Gjennomgått i samarbeid med Markedsforbundet 22. januar 2013

Marknadsanalytikar

Marknadsanalytikaren jobbar med å analysere marknader, for så å informere om resultata.

Arbeidsoppgaver

Som marknadsanalytikar analyserer du dei marknadene ei bedrift leverer varer og tenester til. Hovudoppgåva til ein marknadsanalytikar er å informere leiinga om marknaden, slik at leiinga har eit godt grunnlag for å ta avgjersler.

Viktige arbeidsoppgåver for marknadsanalytikaren:

  • analysere spørjeundersøkingar og andre marknadsundersøkingar
  • sette seg inn i konkurransesituasjonen til bedrifta
  • vurdere salsmogelegheiter og utarbeide salsprognosar for varer og tenester
  • halde seg oppdatert på trendar i marknaden

Arbeidsoppgåvene kan variere etter kva type bedrift marknadsanalytikaren jobbar i.

Kor jobbar markedsanalytikere?

Som oftast jobbar marknadsanalytikarar i større bedrifter i det private næringslivet. Alle bedrifter som har produkt og tenester å selje i ein open marknad har behov for marknadsanalyse. I mindre bedrifter blir jobben ofte gjort av marknadssjefen eller marknadsansvarleg. Det finst også somme bedrifter som spesialiserer seg på dette området. Dei leverer analysetenester til bedrifter som ønsker det.

Viktige eigenskapar

Som marknadsanalytikar må du vere analytisk og nøyaktig. Du må kunne halde deg oppdatert på ein marknad i stadig utvikling, og du må kunne presentere resultata dine på ein lett måte. Du bør elles ha evna til å engasjere.

Lønn

Utdanning

Utdanningskrava til marknadsanalytikaren endrar seg etter kva marknad han jobbar mot. Tradisjonelt har det vore ei hovudvekt av økonomar og marknadsførarar i slike stillingar. Skal du analysere marknader i andre verdsdelar, kan det også vere ein fordel med bakgrunn frå sosiologi eller sosialantropologi. Har ein kundar i det offentlege kan det vere ein fordel med bakgrunn frå statsvitskap eller juss.

Etter- og vidareutdanning
Universitet og høgskolar tilbyr vidareutdanningskurs. Det same gjer nokre fagorganisasjonar.

Dei som jobbar som markedsanalytikere har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant økonomutdannede

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 741199 - Økonomisk-administrative fag, uspesifiserte, høyere nivå
  • 741106 - Finansanalytiker, autoriseringsstudium
  • 641131 - Siviløkonomutdanning, fireårig

Bedrifter som ansetter markedsanalytikere

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med markedsanalytikere

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2519130 - MARKEDSANSVARLIG
  • 2519129 - FORRETNINGSUTVIKLER
  • 2519128 - FAGKONSULENT (OPPLÆRINGSKONTOR)
  • 2519125 - PRODUKTKOORDINATOR
  • 2519119 - FAGKONSULENT (MARKEDSANALYSE)
  • 2519118 - SENIORRÅDGIVER (FORRETNINGSUTVIKLING)
  • 2519117 - SENIORRÅDGIVER (MARKEDSANALYSE)
  • 2519113 - RÅDGIVER (MARKEDSANALYSE)
  • 2519112 - KONSULENT (MARKEDSANALYSE)
  • 2519111 - SENIOR KONSULENT (MARKEDSANALYSE)
  • 2519110 - SJEFSKONSULENT (MARKEDSANALYSE)
  • 2519109 - KONSULENT (NÆRINGSLIVSFINANSIERING)
  • 2519108 - STRATEGIRÅDGIVER
  • 2519107 - SALGSANALYTIKER
  • 2519105 - TRENDFORSKER
  • 2519103 - PROGRAMANALYTIKER (IT)
  • 2519102 - MARKEDSANALYTIKER
  • 2519101 - MARKEDSFORSKER

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Illustrasjonsbilde av kvinne som står i en butikk og rydder i hyllene.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.