Gjennomgått i samarbeid med Hålogaland Teater 25. oktober 2022

Lydteknikar

Som lydteknikar er du ansvarleg for at opptak, avspeling og formidling av lyd går føre seg på ein god måte.

Arbeidsoppgaver

Lydteknikarar arbeider med den tekniske delen av lydformidling. Lydteknikaren held seg i bakgrunnen, men har ei avgjerande rolle for lydformidlinga og forminga av lydbiletet til artistar. Ein god lydteknikar blir ikkje lagt merke til; lyden skal opplevast som naturleg.

Det finst to typar lydteknikarar: konsertlydteknikarar (live-lydteknikar) og studioteknikarar. 

Vanlege arbeidsoppgåver for konsertlydteknikaren:

  • planleggje konsertar og festivalar
  • rigge opp og ned små og store lydanlegg
  • avslutte konsertar
  • vedlikehalde digitalt og analogt lydutstyr

Vanlege arbeidsoppgåver for studioteknikaren:

  • rigge opp mikrofonar og lytte i studio
  • ta opp lyd i studio
  • delta saman med artistane i utforminga av lydbiletet
  • miksing og omarbeiding av lyd
  • vedlikehalde dei digitale og analoge instrument

Arbeidstidene varierer, og du må rekne med seine kveldar og netter. Mange artistar reiser med eigne lydteknikarar på turné.

Lydteknikaren er ei etterspurt vare. Ettersom teknikken stadig blir meir avansert har bransjar bruk for spesialkompetanse innan lydformidling

Ofte blir lydteknikarar og musikkprodusentar tatt for å vere det same yrket. Yrka har mange fellestrekk, men musikkprodusenten konsentrerer seg hovudsakleg om artistane og musikken, mens lydteknikaren jobbar meir med den tekniske lydformidlinga.

Kor jobbar lydteknikarar?

Lydteknikaren kan arbeide innan radio, TV, film, i konsertlokale, på teater og i studio. Mange lydteknikarar startar eigne føretak og jobbar frilans. Med eige firma tar du oppdrag for arrangørar og bedrifter.

Intervjuer

Lydtekniker Julie Alise Holm Matinlassi er avbildet ved en miksepult som vi såvidt skimter i forgrunnen. Hun er iført mørkerød hettegenser, og ser i kamera og smiler. Hun har mørkt, langt hår med midtskill og håret frem mot ansiktet er farget rødt/rosa.

Lydtekniker

Julie Alise Holm Matinlassi

Det beste med jobben er alle opplevelsene jeg får være med på, og alle menneskene jeg møter. Det er veldig fint når jeg får tilbakemelding fra artister som er fornøyde, forteller lydtekniker Julie Alise.

Viktige eigenskapar

Ein lydteknikar må kunne kommunisere raskt og tydeleg i produksjonsarbeidet. Gode samarbeidseigenskapar og teknisk innsikt kjem godt med, skal du gjere ein god jobb som lydteknikar. I eit hektisk arbeidstilvære må du kunne handtere problem også under stress, og du må klare å halde oversikt.

Lønn

Utdanning

Dersom du ynskjer å jobbe som konsertlydteknikar (live-lydteknikar) på konsertar med livemusikk, finst det få gode utdanningstilbod i Noreg. Dei fleste live-lydteknikarar utdannar seg innanfor firmaet eller konsertlokalet dei er tilsette i.

Dersom du ynskjer å jobbe som studioteknikar i musikkstudio og på kontrollrom, finst det ei rekke utdanningar – både private og offentlege – innanfor lydteknikk i Noreg. I tillegg har fleire folkehøgskolar opplæring i lydteknikk.

Dei som jobbar som lydteknikarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant lydteknikarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 655114 - Bachelor, film- og TV-lyd, treårig
  • 655113 - Lydproduksjon, lavere nivå
  • 555132 - Fagskoleutdanning, lyd- og musikkproduksjon – lydteknikk, toårig
  • 455119 - Lydtekniker, videregående, avsluttende utdanning
  • 735905 - Master, fjernsynsproduksjon, toårig
  • 635902 - Høgskolekandidat, medieteknikk, toårig
  • 635907 - Bachelor, fjernsynsteknikk, treårig

Bedrifter som ansetter lydteknikarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med lydteknikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3131110 - LYDTEKNIKER
  • 3131120 - LYDMESTER
  • 3131109 - LYDINGENIØR

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer og reparerer elektriske anlegg.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Ein energimontør arbeider med å bygge og halde ved like el-kraftnettet.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.