Gjennomgått i samarbeid med Jernbanedirektoratet 14. november 2023

Lokomotivførar

Ein lokførar køyrer tog og passar på at det tekniske i toget fungerer som det skal.

Arbeidsoppgaver

Som lokomotivføre kan du køyra persontog, godstog eller anna skinnegående materiell (til dømes ulike arbeidsvogner).

Vanlege arbeidsoppgåver for ein lokomotivførar:

  • teknisk sikkerheitskontroll av toget før og etter køyring
  • køyre toget ut ifrå regelverk og signal
  • sikre at togturen går sikkert og presist 
  • vurdere og eventuelt rette tekniske feil ved toget og infrastrukturen, og rapportere vidare
  • samarbeide tett med togleiar og togekspeditør, som er dei instansane som gir løyve til å køyre
  • viss du køyrer persontog, samarbeider du også tett med konduktør 

Det er toget sine ruter og ordrar som bestemmer når toget skal gå.

Som lokomotivførar må du vere førebudd på å jobbe turnus.

Kor jobbar lokomotivførarar?

Lokomotivføraren jobbar i jernbaneselselskaper som Vy tog, Green Cargo, CargoNet, Bane NOR, Baneservice, Flytoget, LKAB Malmtrafikk, GoAhead Nordic og Hector Rail. Som lokomotivførar kan du òg arbeida innan jernbaneverksemd med undervisning, som mellomleiar og i ulike rådgivarstillingar.

Intervjuer

Helene foran et tog. Hun smiler i kameraet og har langt brunt hår og hvit skjorte.

Lokomotivfører

Helene Aam

Som lokomotivfører blir jeg aldri lei av å kjøre store tog og følge med på den skiftende utsikten, tett innpå naturen.
Portrett av lokomotivfører Trond Omfred

Lokomotivfører

Trond Omfred Kolby Meier

– Som lokomotivfører kan man se naturen, møte mennesker og ha et stort ansvar.

Viktige eigenskapar

Som lokomotivførar har du ansvaret for ei stor mengd passasjerar og gods. Du må derfor ha evne til å jobbe konsentrert, du må ha god vurderingsevne og kunne reagere raskt viss det skulle oppstå spesielle situasjonar. Du må vere ansvarsbevisst og påliteleg. Du må også ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.

Lønn

Utdanning

Du kan utdanne deg til lokomotivførar ved Norsk fagskole for lokomotivførere. Dette er ei grunnutdanning som varer i eitt år og gir 60 fagskolepoeng. Utdanninga inneheld både teori og praksis. Du kan også ta utdanninga nettbasert med samlinger.

Les meir om utdanninga

Resten av utdanninga som fører fram til sertifisering som lokomotivførar, tar du i bedrifta du blir tilsett i. Denne delen av utdanninga varer i om lag eit halvt år.

Etter- og vidareutdanning

Det finst ei rekke leiarutdanningar og administrative utdanningar som kan vere relevante. Du kan ta pedagogisk påbygg, for så å kunne undervise framtidige lokomotivførarar. Du kan også ta kurs innan sikkerheit, for så å jobbe med trafikksikkerheit.

Bedrifter som ansetter lokomotivførarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med lokomotivførarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8311106 - LOKFØRER
  • 8311104 - LOKOMOTIVLEDER
  • 8311101 - LOKOMOTIVFØRER
  • 8311103 - LOKOMOTIVFØRERASSISTENT
  • 8311105 - LOKOMOTIVMESTER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.