Gjennomgått i samarbeid med Norsk logopedlag 24. oktober 2022

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.

Arbeidsoppgaver

Logopeden utreder og jobbar med menneske som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, språk- og talevanskar, taleflytvanskar (stamming eller løpsk tale) og svelgevanskar. 

Det er fleire årsaker til at menneske kan ha problem med å kommunisere. Nokre er fødd med det, medan andre har fått vanskane på grunn av sjukdom, skadar eller ulykker, som for eksempel hjerneslag eller hovudskadar. Som logoped må du vurdere om tiltaka bør vere i form av førebygging, diagnostisering, undervising og/eller rettleiing. Arbeidsoppgåvene til logopeden varierer etter kvar han jobbar og kva fagområde han jobbar innanfor.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein logoped:

  • greie ut barn, unge og vaksne med språk-, tale-, kommunikasjons-, stemme-, taleflyt- og svelgevanskar
  • direkte og indirekte arbeid og tiltak for barn, unge og vaksne med språk- tale, kommunikasjons- stemme-, taleflyt- og svelgevanskar
  • rettleie foreldre, pårørande eller samarbeidspartnarar
  • vurdere om tiltaka bør vere i form av førebygging, diagnostisering, undervisning og/eller rådgiving
  • rettleia praksisstudentar
  • kompetanseheving for barnehagepersonell, lærarar og helsepersonell

Som logoped samarbeider du med ei rekke andre yrkesgrupper. Desse kan vere lærarar, barnehagelærarar, spesialpedagogar, pedagogisk-psykologiske rådgivarar og andre tilsette i skoleverket og skolens stønadssystem. Du kan også samarbeide med helsepersonell som legar, psykologar, fysioterapeutar, sykepleiarar og ergoterapeutar.

Kor jobbar logopedar?

Logopeden er tilsett i barnehage, skole, vaksenopplæring, pedagogisk-psykologisk rådgivingsteneste, ressurssenter, kompetansesenter, rehabiliteringssenter eller sjukehus. Logopedar jobbar også med undervisning og forsking på universitet og høgskole. Logopeden kan også arbeide i private bedrifter eller starte eigen bedrift.

Intervjuer

En mann smiler med hendene i lommene

Logoped

Ole Bjørn Jensen

Ida Braåthen driver egen praksis i Vestfold.

Logoped

Ida Bråthen

Ida har verktøyene for mennesker med større og mindre vansker med språk. – Det beste med mitt valg er at jeg gjør noe meningsfylt både for andre og meg selv, sier hun.

Viktige eigenskapar

Som logoped må du vere tolmodig, ha empati, forståing og respekt for andre. Du bør like å vere rundt menneske. Som logoped bør du ha gode kommunikasjonsferdigheiter og gode norskkunnskapar. Du bør også vere målmedviten, og evne å jobbe både saman med andre og aleine.

Lønn

Lønnstatistikken for logoped er i same kategori som audiograf.

Utdanning

Logopedutdanninga i Noreg er på mastergradsnivå. Det betyr at du må ha fullført ein relevant bachelorgrad eller tilsvarande først. Relevante studiar er spesialpedagogikk, pedagogikk, lærarutdanning/barnehagelærarutdanning, ulike helsefag, psykologi og lingvistikk/fonetikk.

Sjå oversikt over utdanningsstader

Etter- og vidareutdanning

Det finst tilbod om kurs, etterutdanning og vidareutdanning for logopedar, både innanlands og utanlands.

Bedrifter som ansetter logopedar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med logopedar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2340101 - LOGOPED

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.