Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 15. november 2022

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.

Arbeidsoppgaver

Som kriminolog analyserer du ei rekke sosiale fenomen knytt til kriminalitet, for eksempel narkotikakontroll, vald, rus, gjengkriminalitet, psykiatri og straff.

Det er vanleg at kriminologar spesialiserer seg innan eitt eller fleire tema. Du får då svært detaljert kunnskap om eitt samfunnsproblem eller eitt samfunnsfenomen, og mange kriminologar deltek aktivt i den kriminalpolitiske debatten.

Arbeidsoppgåvene for ein kriminolog vil variere mykje avhengig av arbeidsplass. 

Nokre døme på arbeidsoppgåver kan vera:

  • saksbehandling
  • forsking 
  • prosjektarbeid, for eksempel å senke ungdomskriminaliteten i ein kommune, hindre at tidlegare innsette gjer nye lovbrot etter dei er lauslatne og liknande.
  • arbeidsoppgåver innan helse og omsorg, mellom anna med kriminalomsorg og rusproblematikk.

Som regel blir ikkje kriminologar tilsett med stillingstittelen "kriminolog", men med tittelen "rådgivar", "konsulent" eller "saksbehandlar".

Kriminologar arbeider gjerne tett saman med andre yrkesgrupper, mellom andre statsvitarar, sosiologar, juristar og sosionomar.

Kor jobbar kriminologar?

Mange kriminologar arbeider i sosialsektoren, kriminalomsorga og offentleg forvalting. Kriminologar kan arbeide for eksempel i Politiet, fengselsvesenet, ideelle organisasjonar eller krisesenter.

Intervjuer

Ei dame i mørkeblå skjorte. Hun smiler til kameraet. Bak henne er mange mynter plassert bak glass.

Kriminolog

Camilla J. Bjørtomt

– Det handler om å finne røde tråder og trekke konklusjoner, sier Camilla.
Kriminolog Marte Lie Røtting jobber for NAV med Covid-19 kompensasjoner.

Kriminolog

Marte Lie Røtting

Kriminolog Marte jobber med at alle skal få rett lønnskompensasjon under og etter pandemien. Det er mange rutiner å få på plass og en like ny situasjon for NAV som for alle oss andre.

Viktige eigenskapar

Du må vere samfunnsengasjert. Som kriminolog må du vere ansvarsmedviten og ha evne til å setje seg inn i andre sine problem. Du bør ha empati, men òg vere i stand til å sjå på situasjonar objektivt.

Lønn

Utdanning

Dei vanlegaste jobbane blant kriminologiutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 837201 - Dr.polit.-utdanning, kriminologi
  • 737203 - Master, kriminologi, toårig
  • 737202 - Mag.art.-utdanning, kriminologi
  • 737201 - Cand.polit.-utdanning, kriminologi

Bedrifter som ansetter kriminologar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kriminologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2542112 - RÅDGIVER (KRIMINOLOGI)
  • 2542110 - PLANLEGGER (KRIMINOLOGI)
  • 2542101 - KRIMINOLOG

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Ein advokatsekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Brannkonstabel slukker brann

Brannkonstabel

Som brannkonstabel sløkk du brannar, og driv med rednings- og tryggleiksarbeid i brannvesenet.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.