Gjennomgått i samarbeid med NHO reiseliv, NHO mat og drikke 24. august 2021

Kokk

Kokkar jobbar med å lage mat, setje opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.

Arbeidsoppgaver

Kokkar lagar mat og gjer den klar for servering.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein kokk:

  • planlegga innkjøp og berekna pris
  • behandla råvarer 
  • vere med på konseptutvikling og planlegging av menyar
  • vask og reinhald av kjøkken
  • kunde- og brukarkontakt


I det daglege arbeidet må kokkane ofte setja opp meny og planlegga innkjøp. Jobbar du i eit stort kjøkken vil du gjerne ha ein kjøkkensjef som leiar arbeidde og har ansvar for innkjøp og planlegging. Ved mindre kjøkken gjer kokken dette sjølv. 

Nokre stader vil kvar kokk ha ansvar for ein spesiell del av matproduksjonen, til dømes å steika kjøtt, koka sausar og suppe, laga grønsaker eller laga dessertar. Ved større kjøkken er det ofte fleire avdelingar, og arbeidet blir fordelt mellom kokkar og assistentar. Ein kokk må kunna litt av alt, og allsidigheit er derfor viktig. 

Sjølv om kokken samarbeider med servitøren, er kokken ofte å sjå i serveringlokalane, ute blant gjestene eller brukarane. Kommunikasjon direkte med gjestene er viktig.

Som kokk må du ha god kunnskap om råvarer, behandling av råvarer og tilberedningsteknikker. Næringsinnhald, mattrygging, allergiar og intoleransar, forskjellige kulturar og religionar, og regelverk innanfor hygiene og HMS er òg tema du må vita mykje om. 

Som kokk må du rekna med å jobba turnus. Det inneber arbeid på kveldstid, i helgane og på heilagdagar. Det finst òg mange arbeidsplassar som har arbeidstid berre på dagtid og frå måndag til fredag. 

Det er vanleg å skilje mellom yrkesbetekningane ernæringskokk (tidlegare institusjonskokk) og kokk. Ernæringskokkane har spesialkompetanse innan diett og ernæring og arbeider ved institusjonskjøkken, til dømes i fengsel, på sjukehus eller sjukeheim.

 

 

Kor jobbar kokkar?

Som kokk kan du arbeida på til dømes restaurantar, kafear, bedriftskantiner, innanfor skipsfart og offshore, i store offentlege institusjonar (til dømes på sjukehus og i forsvaret), innanfor daglegvarehandelen og i næringsmiddelindustrien.

 

 

Intervjuer

En mann i hvit kokkejakke og grønt forkle. Han holder en kongekrabbe. Han er på et kjøkken.

Kokk

Stian Solvang

Uansett hvor mange år du jobber på kjøkken, kommer du ikke til å bli helt ferdig utlært. Det kommer nye ting hele tiden, det dukker opp stadig nye trender, forteller Stian Solvang.

Viktige eigenskapar

Du bør interessera deg for mat, vera strukturert og kreativ og ha estetisk sans. Som kokk må du kunna jobba sjølvstendig og samtidig vera god til å samarbeida med andre. Det er viktig at du taklar å jobba under tidspress. Det kan vera fysisk krevjande å jobba som kokk, derfor er det ein fordel å vera i god form.

Lønn

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Etter- og vidareutdanning
Innanfor kokkefaget finst det fleire moglegheiter for vidareutdanning. Påbygging til generell studiekompetanse kan takast før eller etter fullført læretid. Det finst studietilbod for kokkar både med og utan studiekompetanse. Hotelleiing og reiselivsleiing er nokon av aktuelle vidareutdanningar innan faget. Du kan òg ta meisterbrev i kokkefaget. Les meir om mesterutdanning.

Dei vanlegaste jobbane blant kokkeutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 483202 - Stuertutdanning, videregående, avsluttende utdanning
  • 458108 - Kokkfaget, Vg3
  • 458106 - Institusjonskokkfaget, Vg3

Bedrifter som ansetter kokkar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kokkar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5122129 - PIZZABAKER
  • 5122128 - HJELPEKOKK
  • 5122126 - PIZZAKOKK
  • 5122123 - GATEKJØKKENMEDARBEIDER
  • 5122121 - KJØKKENISTRUKTØR
  • 5122119 - STUERT
  • 5122118 - SJEFSKOKK
  • 5122116 - OVERKOKK
  • 5122114 - KOKK
  • 5122110 - OVERSTUERT
  • 5122108 - FØRSTEKOKK
  • 5122104 - FORPLEININGSJEF (STUERT)
  • 5122103 - FISKEBÅTSTUERT
  • 5122102 - DIETTKOKK

Andre yrke

Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Tre ernæringskokker lager mat ved sida av kvarandre inne på et grovkjøkken

Ernæringskokk

Ernæringskokker lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.
Fiskeoppdretter som holder opp en fisk han har henta opp fra merden bak.

Fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)

Som fagoperatør i akvakultur (fiskeoppdrettar) har du ansvaret for den daglege drifta av et akvakulturanlegg.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
En hovmester planlegger serveringen med servitører og kokker

Hovmeister

Hovmeisteren ser til at gjestene blir tekne godt imot, og at dei får den servicen dei skal ha.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Som klinisk ernæringsfysiolog hjelper du menneske til ei betre helse ved å gjere dei medvitne på maten dei et og kva for ei næring dei får i seg.
En konditor sprøyter ut kakedeig på en stekeplate

Konditor

Som konditor arbeider du med å lage, pynte og setje saman kaker av ulikt slag.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Spade med fiskefôr holdes fram for å kastes ut i merden med fisk.

Produktutviklar fiskefôr

Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.