Kaptein ser på horisonten i kikkert
Yrkesskildring

Kaptein

favoritt ikon

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.

Som kaptein er du den øvste leiaren på eit skip. Du har ansvaret for mannskapet, passasjerane, lasta og utstyret. Kapteinen har også ansvaret for navigasjonen og sikkerheita. Som kaptein står du elles også som ansvarleg overfor arbeidsgivaren og myndigheitene. I tillegg til maritime kunnskapar må du ha kunnskapar om leiing og økonomi.

Overstyrmannen er nestkommanderande og avløysar for kapteinen. Han har vanlegvis hovudansvaret for laste- og losseoperasjonane og behandlinga av lasta. Kapteinen høyrer til leiargruppa på skipet saman med overstyrmannen, maskinsjefen og førstemaskinisten. På eit skip er det som regel ein kaptein, ein overstyrmann og to til tre styrmenn. Talet på personar om bord varierer etter type skip og fartsområde.

Kapteinen jobbar skift, og han må rekne med å vere om bord i lange periodar. Maritimt Forum har laga ein film om yrket.

For å bli kaptein bør du ha erfaring som styrmann. Etter endt utdanning byrjar du vanlegvis som kadett. Deretter kan ein bli styrmann, så overstyrmann og til slutt kaptein. Dette er den naturlege karrierevegen på eit skip.

Styrmann, los, overstyrmann og kaptein går under betegnelsen dekksoffiser. Arbeidet som dekksoffiser varierer etter kva type skip du arbeider på. Det er stor forskjell på å arbeide på ei ferje og på ein tankbåt i internasjonale farvatn.

Kvar arbeider kapteinar?

Kapteinen arbeider på handels- og passasjerskip i norske og internasjonale farvatn. Han kan arbeide på alt frå tankskip og offshorefartøy til hurtigbåtar. Etter lengre tid som kaptein kan  du også arbeide på land med administrasjon, personalleiing, kvalitets- og sikkerheitsarbeid, i administrasjonen i reiarlag, maritime bedrifter eller i offentleg sjøforvalting.

Personlege eigenskapar

Som kaptein må du vere snarrådig, effektiv og nøyaktig. Dersom du tek ei feil avgjersle eller ikkje er merksam, kan det medføre farlege situasjonar. Du må vere serviceretta, god til å samarbeide med andre og like å arbeide tett på mange menneske. Du bør kunne inspirere og leie andre. 

Du vil vere mange døgn på havet. Nokon meiner at det å arbeide som kaptein er meir ein livsstil enn ein jobb. For å trivst i jobben er det derfor viktig at du liker å vere på havet, og at du kan vere borte frå heimen over lange periodar.

Du bør ha plettfri vandel. Dette er eit krav for å få visum til mange av dei landa skip reiser innom.

Utdanning

For å bli kaptein må du ha godkjend helseattest, godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

  • Deretter kan du ta ei toårig grad i nautikk ved ein teknisk fagskole. Så må du ha segletid som kadett og ta nødvendige sertifikat, skal du bli kaptein.

    Krav om fartstid for å få sertifikat:

    • 6 månader fartstid for dei som har fagbrev som matros/fiskar
    • 12 månader fartstid for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
    • 1 månad fartstid for dei som har 36 månadar fartstid som matros/fiskar før dei byrjar på utdanninga 

    Vil du bli kaptein på ein kvar båt, må du ta det høgaste sertifikatet. Dette får du etter ei viss erfaring med segling. Det finst like fullt mange båtar kor krava er låge for å segle som kaptein; du treng ikkje nødvendigvis eit høgt sertifikat.

    Høgskoleutdanning
    Du kan ta ei treårig høgskoleutdanning i nautikk, for så å reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat.

    Sjå oversikt over studiestader

    Opptakskrav
    For å komme inn på yrkesfagleg utdanning må du ha fullført grunnskole. Til høgskoleutdanninga treng du enten generell studiekompetanse eller bestått teknisk fagskole. Fagskolar krev fagbrev som matros eller 36 månadar fartstid som matros/fiskar. Fleire høgskolar gir dei som har fagbrev ei mogelegheit til å søke plass gjennom y-vegen.

    Sjå oversikt over poenggrenser hos Samordna opptak

    Du må ha godkjend helseattest, godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest.

  • Etter fagskole må du ha segletid med opplæring, som oftast som kadett, og ta naudsynte sertifikat for å kaptein.

    Krav om fartstid for å få sertifikat:

    • 6 månader effektiv fartstid (total tid på båt) med systematisk opplæring for dei som har fagbrev som matros/fiskar
    • 12 månader effektiv fartstid (total tid på båt) med systematisk opplæring for dei som ikkje har fagbrev som matros/fiskar
    • 1 månad effektiv fartstid (total tid på båt) for dei som har 36 månadar fartstid som matros/fiskar før dei byrjar på utdanninga 

    Vil du bli kaptein på ein kvar båt, må du ta det høgaste sertifikatet. Dette får du etter ei viss erfaring med segling. Det finst like fullt mange båtar kor krava er låge for å segle som kaptein; du treng ikkje nødvendigvis eit høgt sertifikat.

    Høgskole- og universitetsutdanning
    Du kan ta ei treårig bachelorgrad i nautikk på universitet eller høgskole.

  • Teorien dekker alle navigasjonssertifikata opp til klasse 1 sjøkaptein. Samanlikna med teknisk fagskole er studiet meir teoretisk og inneheld mellom anna fleire fag innan leiingsteori.

    Etter at du er ferdig med utdanninga di, må du ha 12 månader med systematisk opplæring på båt. I denne perioden reiser du ut som kadett for å ta dei naudsynte sertifikata. Vanlegvis blir du tilsett som fyrste- eller andrestyrmann når du har fått ditt fyrste sertifikat. Etter at du har opparbeida deg erfaring, kan du bli forfremma til overstyrmann og dernest kaptein.

    Opptakskrav
    For å komme inn på ei yrkesfagleg utdanning må du ha fullført grunnskole. 
    Fagskolane krev fagbrev som matros/fiskar eller 36 månadar med fartstid som matros/fiskar.
    For å kome inn på universitet- eller høgskoleutdanning, krev det som regel at du tok studieforbereding på vidaregåande. I fleire tilfelle gjer òg teknisk fagskole deg mogelegheita til å søkje på universitet og høgskole gjennom y-vegen.

    Du må ha godkjend helseattest, godt fargesyn og god høyrsel. Dersom du har diabetes, allergi og/eller astma vil du bli vurdert spesielt før du får godkjend helseattest.

Etter- og vidareutdanning
Kapteinen må halde seg oppdatert på fagområdet. Som kaptein får du derfor jamleg tilbod om spesialkurs og oppdateringskurs. Du kan også vidareutdanne deg til kaptein, men som regel kjem opprykket eller forfremjinga etter kvart som du opparbeider deg erfaring.

Kva jobbar nautikkutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Dekksoffiser eller los
Deltid
Privat
420 personer
410 personer
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 304 kr
Ca
Ca 307 kr
49 290 kr
49 800 kr
591 480 kr
597 600 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
57 770 kr
58 360 kr
693 240 kr
700 320 kr
Ca 357 kr
Ca
Ca 360 kr
58 740 kr
59 360 kr
704 880 kr
712 320 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Statlig
432 personer
417 personer
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
71 870 kr
72 160 kr
862 440 kr
865 920 kr
Ca 444 kr
Ca
Ca 445 kr
81 070 kr
81 660 kr
972 840 kr
979 920 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
69 480 kr
69 790 kr
833 760 kr
837 480 kr
Ca 429 kr
Ca
Ca 431 kr
81 870 kr
82 400 kr
982 440 kr
988 800 kr
Dekksoffiser eller los
Deltid
Alle sektorer
443 personer
431 personer
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 301 kr
Ca
Ca 304 kr
48 710 kr
49 240 kr
584 520 kr
590 880 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
57 150 kr
57 770 kr
685 800 kr
693 240 kr
Ca 353 kr
Ca
Ca 357 kr
58 150 kr
58 800 kr
697 800 kr
705 600 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Privat
6 078 personer
148 personer
5 930 personer
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 383 kr
Ca 324 kr
Ca 385 kr
62 000 kr
52 510 kr
62 350 kr
744 000 kr
630 120 kr
748 200 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
64 050 kr
52 710 kr
64 330 kr
768 600 kr
632 520 kr
771 960 kr
Ca 395 kr
Ca 325 kr
Ca 397 kr
65 820 kr
54 180 kr
66 110 kr
789 840 kr
650 160 kr
793 320 kr
Dekksoffiser eller los
Heltid
Alle sektorer
6 525 personer
163 personer
6 362 personer
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 387 kr
Ca 328 kr
Ca 389 kr
62 630 kr
53 100 kr
62 970 kr
751 560 kr
637 200 kr
755 640 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
64 370 kr
53 460 kr
64 650 kr
772 440 kr
641 520 kr
775 800 kr
Ca 397 kr
Ca 330 kr
Ca 399 kr
66 850 kr
55 360 kr
67 140 kr
802 200 kr
664 320 kr
805 680 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.

En liten jente holder smilende opp en mobiltelefon. Kabinpersonale, mor, bestemor og bror ser på i bakgrunnen.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.

Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskin­sjef

Som maskin­sjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller ein flyttbar rigg.

Helikopterpilot gjør klar til avgang

Pilot

Ein pi­lot fø­rer eit fly el­ler eit he­li­kop­ter og kan ar­bei­de både i sivil luft­fart og i Forsvaret.

Guide med følge på fjelltopp

Guide

Som guide leiar du omvisingar for reisande.

Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.

Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.

En styrmann i uniform jobber med navigering inne på dekk.

Styr­mann

Som styr­mann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og laste­operasjoner.

Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleums­ingeniør

Som petroleums­ingeniør arbeider du innan olje- og gassbransjen, og har ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.

To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nett­mann

Ein bas/nett­mann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.

Kran

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.

Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar formidlar bilar, gjerne frå eit avgrensa tal bilmerke dei kjenner godt.