Gjennomgått i samarbeid med Kabinansattes forbund 26. november 2021

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.

Arbeidsoppgaver

Kabinpersonale er fellesnemninga på flyvertinner, flyvertar, stewardar og purserar. Purseren er arbeidsleiaren for besetninga om bord på den aktuelle flyvningen. Steward er ein yrkestittel som blir brukt om bord på flyruter mellom kontinent der stewarden har ansvaret for mat, drikke, oppdekning og servering og koordinerer dette med Purseren.

Kabinbesetninga sørger for trygginga til passasjerane om bord, og er trena på å handtera eventuelle nødsituasjonar som t.d. å evakuera eit fly og sløkka brann. Vidare skal kabinpersonalet sørga for at ombordstigningen går smidig slik at flyet kan gå på rute, yta service og evt servering til passasjerane i løpet av flyreisa, og dessutan yta førstehjelp dersom nokon blir sjuk eller skader seg. Kabinbesetninga blir opplært og godt trena på å gi medisinsk førstehjelp.

Vanleg arbeidsoppgåver for kabintilsette:

  • gjennomføra ein briefing med resten av besetninga inkludert pilotane før flyvningen
  • sjekka at nødutstyr er i orden og riktig plassert om bord i flyet
  • kontrollera at mat og anna er lasta i riktig tal
  • ønske passasjerane velkommen under ombordstigning
  • klargjera og sikre kabinen før avgang og landing
  • demonstrera tryggingsrutinar, og sjekka at alle passasjerar er forsvarleg fastspent
  • svara på spørsmål frå passasjerane under reisa og hjelpa dei med praktiske ting i kabinen
  • servera og selja mat, drikke og evt. taxfree-varer
  • informera om tryggingsprosedyrane og servicen om bord
  • sørga for at passasjerane kjem seg trygt av flyet og takka for turen.

I dette yrket må du jobba skift og ofte til ugunstige tider av døgnet.

Kor jobbar kabintilsette fly?

Kabintilsette arbeider i luftfartsselskap som utfører rute- og charterflygingar.

Intervjuer

Portrettbilde av Marlene Sandberg

Kabinpersonal fly

Marlene Sandberg

På mange måter er kabinpersonalet brannmenn, sykepleiere og politimenn. Vi fungerer også som barnehagepersonell for barn som reiser alene. Det er mange ulike roller i denne jobben.

Viktige eigenskapar

Som kabinpersonale må du vera ansvarsbevisst, serviceorientert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må ha høg stressterskel og kunne handla raskt i stressande og pressa situasjonar. Vidare må du vera punktlig og fleksibel, sidan både arbeidstida, der du flyr og kven du jobbar saman med i kabinen, kan variera frå dag til dag. Du må òg ha høg arbeidskapasitet då arbeidsdagane ofte er svært lange og med få pausar.

Lønn

Utdanning

Dei fleste flyselskap arrangerer eigne kurs for kabinpersonale. Varigheita til kurset er ca 4-6 veker. Kurset må beståast før ein får jobbkontrakt:

Opptakskrav
Opptakskrava til kurs og opplæring varierer frå selskap til selskap. Generelt treng ein normalt syn, god fysisk og mental helse, plettfri vandel og gode engelskkunnskapar.

Det er ein fordel om du kan andre framandspråk i tillegg til engelsk, slik som spansk, fransk og tysk etc. Erfaring frå serviceyrke eller helsevesenet er ein stor fordel.

Dei som jobbar som kabintilsette fly har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter kabintilsette fly

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kabintilsette fly

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5111105 - KABINPERSONALE
  • 5111108 - CABIN ATTENDANT
  • 5111106 - AIRPURSER
  • 5111104 - FLYVERTINNE
  • 5111122 - HOSTESS (LUFTFARTØY)
  • 5111119 - STEWARD (LUFTFARTØY)
  • 5111117 - KABINSJEF
  • 5111116 - AIRSTEWARD
  • 5111115 - CABIN CHIEF
  • 5111114 - PURSER (TRANSPORT)
  • 5111109 - STEWARDESS (LUFTFARTØY)
  • 5111107 - HOST (LUFTFARTØY)
  • 5111103 - FLYVERT

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.

Relaterte lenker