Gjennomgått i samarbeid med UX Norge 22. januar 2024

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.

Arbeidsoppgaver

Interaksjonsdesignaren jobbar med å gjera tekniske system gode og effektive å bruka. Det kan vera alt frå nettbutikkar og apper, til avanserte verktøy for dataanalyse. Eller det kan vera problemstillingar som: korleis gjera det enkelt å lada ein elbil? korleis raskt redigera eit bilde? korleis gjera det enklare å finna ein ny jobb? korleis administrera byggesøknader meir effektivt?

Tidlegare fokuserte interaksjonsdesignarar mest på å gjera store datasystem meir brukarvennlege. I dag har interaksjonsdesignaren ein finger med i spelet på alt frå korleis du bestiller ei reise, kjøper noko på nett eller bruker mobilen.

Interaksjonsdesignarar kartlegg behova til brukarane og måla til verksemda. Dei set seg inn i dei tekniske moglegheitene og kva avgrensninger dei må jobba innanfor. Dei samarbeider òg tett med ekspertar på brukarinnsikt, teknologi og forretning, for å kunna laga eit konsept som fungerer for dei som skal bruka det.

Vanlege arbeidsoppgåver for interaksjonsdesignarar kan vera:

  • kartlegga behovet til brukarane
  • kartlegga korleis folk løyser oppgåvene sine i dag, og korleis dette kan forbetrast forstå målet til bedrifta, og forstå der det finst moglegheiter
  • forstå moglegheitene og avgrensingane til teknologien
  • forma ut og testa konsept for bruk av system
  • sørga for at krav til tilgjengelegheit (universell utforming) blir følgt
  • bygga prototypar og testa dei med ekte brukarar
  • produsera detaljert design, ofte i tett samarbeid med teknologar og grafiske designarar
  • vera med og kvalitetssikre det som blir laga gjennom heile utviklingsprosessen

Interaksjonsdesigner er ikkje ein beskytta tittel og rolla som interaksjonsdesignar overlappar til dels med rolla som tenestedesignar, grafisk designar, forretningsutviklar, teknisk arkitekt, frontendutvikler (webdesigner) og produkteigar.

Kor jobbar interaksjonsdesignarar?

Som interaksjonsdesignar kan du få jobb i mange land og jobba med mange forskjellige problemstillingar. Du kan jobba i små oppstartsbedrifter eller store offentlege eller private verksemder. Rolla byr på varierte utfordringar og det er mange spesialiseringsmoglegheiter.

Intervjuer

Portrettbilde av Øyvind Rønning, han har brunt hår og smiler i kamera.

Interaksjonsdesigner

Øyvind Rønning

Øyvind lager digitale læringsverktøy og spill i Kahoot! Som digital designer er man dagens håndverker, sier han.

Viktige eigenskapar

Det er viktig at interaksjonsdesignaren er god til å leia designprosessar, utvikla eigna konsept og kritisk evaluera innspel og forslag til løysingar på brukarproblem. Fordi interaksjonsdesignarar jobbar med mange forskjellige problemstillingar hos forskjellige verksemder, er det viktig at ein interaksjonsdesignar raskt kan skaffa seg oversyn over nye fagfelt, og læra seg nye verktøy og metodar.

Lønn

Utdanning

Interaksjonsdesignarar kan ha bakgrunn frå mange forskjellige utdanningar. Det finst ei rekke utdanningstilbod i interaksjonsdesign, både på universitet, høgskular og fagskular.

Interaksjonsdesign er òg ofte ein del av studium innan informasjonsvitskap, informatikk, industridesign, webdesign og liknande.

Bedrifter som ansetter interaksjonsdesignarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med interaksjonsdesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471140 - UX-DESIGNER
  • 3471129 - WEBDESIGNER
  • 3471118 - WEB-DESIGNER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.