Gjennomgått i samarbeid med Norges Idrettshøgskole 14. juni 2023

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.

Arbeidsoppgaver

Ein idrettstrenar arbeider med å planlegge trening og er involvert i andre delar av kvardagen for idrettsutøvarar. Yrket kalles også idrettsinstruktør.

Dei fleste trenarar er knytt til idrettsklubbar og -utøvarar på amatørnivå. Det er også mange som arbeider med profesjonelle idrettsutøvarar. Ofte fungerer trenaren som ein rettleiar og rådgivar, og mange trenarar har bakgrunn som utøvarar.

Vanlege arbeidsoppgåver for idrettstrenaren er:

  • planleggje, leggje til rette, gjennomføre og vurdere trening
  • trena utøvere og eller lag og trenerutvekling på alle alders- og prestasjonsnivå, også landslag
  • undervise og instruere
  • prestasjonsutvikling av eit lag eller ein utøvar
  • førebu utøvarar til kamp eller konkurranse
  • idrettspsykologisk rettleiing
  • bruka ulike teknologiske verktøy og data for å analysera trening og prestasjon
  • vera involvert i andre delar av kvardagen frå idrettsutøvarar, til dømes med administrasjon og leiing

Arbeidet varierer svært mykje etter kva idrett du er knytt til og kven du trenar. Det er stor skilnad på ein arbeidskvardag med born, unge, vaksne eller eldre, og om du trenar nybegynnarar og vidarekomne.

På profesjonelt nivå er det gjerne trenaren som har det sportslege ansvaret for at idrettsklubben eller -utøvaren oppnår dei ønskte resultata. Det er vanleg at trenarar er del av eit team, og at ulike trenarar har ulike ansvarsområde.

Det er ikkje uvanleg at idrettskonsulentar har brei erfaring som trenarar eller instruktørar. Ein del trenarar har sjølv bakgrunn som utøvarar.

Kor jobbar idrettstrenarar?

Trenarar er tilsette i idrettsklubbar, -krinsar og -forbund. Nokre trenarar er òg personleg tilknytte individuelle utøvarar. Idrettstrenaren kan arbeida som fotballtrenar, svømmetrenar eller som trenar i andre bestemte idrettar.

Intervjuer

Idrettstrener med rød allværsjakke og svart sekk, grønn lue på hodet og fjell i bakgrunnen.

Idrettstrener

Lage Sofienlund

Lage Sofienlund jobber som skitrener for Konnerud IL, og forteller at en idrettstrener må kunne gi konkret feedback og skape gode relasjoner med idrettsutøverne.

Viktige eigenskapar

Som idrettstrenar må du ha inngåande kunnskap om idretten du arbeider med. Du må ha kompetanse innan idrett og trening, og vere god til å organisere og planleggje. Arbeidet som idrettstrenar kan vere krevjande både fysisk og psykisk, og ofte vil du arbeide med utøvarar på svært ulikt nivå. Forståing og evne til å samarbeide er difor svært viktig.

Lønn

Utdanning

Ein krev inga formell utdanning for å vere idrettstrenar, men det kan vere svært nyttig. I dei fleste idrettar krev ein formell trenarutdanning for å ha lov til å vere trenar på toppnivå. I ein del idrettar er det òg krav om kurs uansett kva nivå du ønsker å drive som trenar. Dette blir i hovudsak administrert av idrettsforbunda sjølv. 

Mange universitet og høgskular tilbyr idrettsvitenskapelig utdanning for trenarar som heiltidsstudiar.

Etter- og vidareutdanning

Klubbar, krinsar og forbund arrangerer vidareutdanningskurs. I dei fleste idrettsgreiner finst det gode høve til å utvikle seg vidare gjennom kursing, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Noregs idrettshøgskole og andre høgskolar tilbyr òg etter- og vidareutdanningskurs.

Dei som jobbar som idrettstrenarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant idrettsutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 768105 - Master, idrett/kroppsøving, toårig
  • 668999 - Idrettsfag, andre, uspesifiserte, lavere nivå
  • 668105 - Bachelor, idrett/kroppsøving, treårig
  • 668101 - Idrett, lavere nivå
  • 468101 - Idrettsfag, Vg3
  • 668106 - Bachelor, idretts- og bevegelsesvitenskap, treårig
  • 768106 - Master, idretts-/bevegelsesvitenskap, toårig
  • 668107 - Master, idrett/kroppsøving, ettårig
  • 768999 - Idrettsfag, andre, uspesifiserte, høyere nivå

Bedrifter som ansetter idrettstrenarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med idrettstrenarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3475141 - COACH (IDRETT)
  • 3475140 - SPORTSJEF
  • 3475139 - SVØMMETRENER
  • 3475138 - HOVEDTRENER
  • 3475137 - SKILÆRER
  • 3475131 - IDRETTSSEKSJONSLEDER
  • 3475129 - STUDIOLEDER (IDRETT)
  • 3475128 - AEROBICLEDER
  • 3475124 - IDRETTSFUNKSJONÆR
  • 3475122 - FOTBALLTRENER
  • 3475121 - HÅNDBALLTRENER
  • 3475117 - TRAVTRENER
  • 3475115 - IDRETTSTRENER
  • 3475109 - VOLLYBALLTRENER
  • 3475108 - GALOPPTRENER
  • 3475107 - TENNISTRENER
  • 3475105 - ISHOCKEYTRENER
  • 3475104 - FRIIDRETTSTRENER
  • 3475103 - BASKETBALLTRENER
  • 3475102 - TRENER (IDRETT)
  • 3475123 - INSTRUKTØR (IDRETT)
  • 3475116 - AEROBICINSTRUKTØR
  • 3475110 - GOLFINSTRUKTØR
  • 3475113 - IDRETTSINSTRUKTØR
  • 3475123 - INSTRUKTØR (IDRETT)
  • 3475120 - SKIINSTRUKTØR
  • 3475106 - SKØYTEINSTRUKTØR
  • 3475119 - SVØMMEINSTRUKTØR

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar arbeider med å utvikle fotballspelarar og fotballag.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.