Husøkonom
Yrkesskildring

Hus­økonom

favoritt ikon

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.

Ein husøkonom planlegg og koordinerer oppgåver hovedsakeleg knytta til reinhald. Husøkonomen har også personalansvar. 

Som husøkonom har du leiarfunksjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for husøkonomen er:

  • ansvar for reinhaldet i bedrifta
  • planlegge og kjøpe inn materiell til den daglege reinhaldsdrifta
  • forhandle om pris og vilkår med leverandørar 
  • organisere, lede og motivere tilsette
  • kvalitetssikre arbeidet til andre
  • arbeide med budsjett

Husøkonom kan også kallast serviceleiar.

Kvar arbeider husøkonomar?

Husøkonomar arbeider i verksemder og institusjonar av ein viss storleik. Vanlege arbeidsstader er hotell og andre overnattingsbedrifter, samt helseinstitusjonar.

 

Personlege eigenskapar

Ein husøkonom bør ha vere strukturert og god til å planlegge. Jobben inneber ein del budsjettarbeid og forhandlingar med leverandørar, så du bør også ha ei viss talforståing. Du bør også ha leiareignskapar og gode samarbeidsevner.

 

 

Utdanning

Du treng ikkje noko bestemt utdanning for å bli tilsett som husøkonom. Relevante utdanning kan være økonomi.
Sjå oversikt over utdanningsstader

 

Etter- og vidareutdanning
Med bakgrunn som husøkonom har du eit godt grunnlag for å vidareutdanne deg i personal- og leiingsarbeid, økonomifag, hotelldrift, samt vedlikehald og service. 

Kva jobbar husøkonomiutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Hva er de vanligste utdanningene for husøkonomar?

Fast tilsette i Noreg med dette yrket har følgjande utdanningar:

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Akershus
Velg kommuner i Aust-Agder
Velg kommuner i Buskerud
Velg kommuner i Finnmark
Velg kommuner i Hedmark
Velg kommuner i Hordaland
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oppland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Sogn og Fjordane
Velg kommuner i Telemark
Velg kommuner i Troms
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vest-Agder
Velg kommuner i Vestfold
Velg kommuner i Østfold