Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 15. november 2022

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.

Arbeidsoppgaver

Historikarar studerer og skriv om fortida. Ved hjelp av kritisk gjennomgang av historiske kjelder skal du som historikaren skaffe deg ei omfattande forståing av korleis samfunn og kultur har endra seg over tid. 

Vanlege arbeidsoppgåver for historikaren:

  • forsking på kjende og ukjende kildar
  • undervising og rettleiing
  • utforming av studieemne og oppføring av litteraturlister
  • skriva notat, rapportar og utgreiingar
  • samla inn, vurdera, behandla, analysera og tolka tekstar, og dessutan omarbeida dei for offentleg publisering eller utstillingar

Historiefaget er breitt, og det finst mange valmoglegheiter med tanke på kva felt du vil fordjupe deg i. Historikarar spesialiserer seg i kulturhistorie, krigshistorie, økonomisk historie eller liknande.

Vidare kan du spesialisere deg med tanke på historisk tidsperiode, geografisk område eller delar av samfunnet. Sjølv om du spesialiserer deg, treng du brei kunnskap for å sjå heilskapen og dei lange linjene i historiefaget.

Historikarar blir ofte ikkje tilsette med stillingstittelen historikar, men kan til dømes bli tilsett som forskar, adjunkt eller rådgivar. Som historikarar samarbeider du ofte med andre historikarar og andre akademikarar i prosjekt og anna forsking.

Kor jobbar historikarar?

Historikarar er tilsette i fleire bransjar, mellom anna undervising og forsking ved universitet og høgskolar. Du kan og få jobb som oppdragsforskarar og bygdebokforfattarar, i museum og arkiv, i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Vidare kan du få jobb i organisasjonar, forlag og mediebedrifter, samt offentleg forvalting. 

 

Intervjuer

Peter Bøttinger er museumsformidler. Vikingtid og middelalder er hans favorittområde. Han poserer mellom to middelalder drakter.

Historiker

Peter Bøttinger

Det er stas og jobbe med historieformidling i Norges eldste by, sier historiker Peter Bøttinger.

Viktige eigenskapar

Som historikar bør like å analysere informasjon, leite etter samanhengar og ha teoretiske evner. Du må også vere god til å skrive og vere kreativ.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning

Fullført høgare grad i historie gir mange moglegheiter til vidareutdanning og faglege kombinasjonar. Har du ein bachelorgrad, får du sjeldan jobbe berre med historie.

Dei vanlegaste jobbane blant historieutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 8131 - Historieutdanninger
  • 7131 - Historieutdanninger

Bedrifter som ansetter historikarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med historikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2543109 - KUNSTHISTORIKER
  • 2543108 - RELIGIONSHISTORIKER
  • 2543106 - HISTORIKER
  • 2543103 - IDEHISTORIKER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.