Gjennomgått i samarbeid med Universitetet i Bergen - Institutt for design 16. mai 2023

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.

Arbeidsoppgaver

Grafiske designarar formar ut visuell kommunikasjon. Dei utviklar visuelle konsept og utarbeider designelement som skal informera, inspirera eller fengja målgrupper. Det kan til dømes vera å byggja opp den visuelle identiteten til ein organisasjon eller eit produkt. Målet er at ein bodskap, eit produkt eller ei teneste skal ha ei grundig gjennomtenkt form og utsjånad, for at dei som skal sjå eller bruka designa, skal forstå det best mogleg.

Grafiske designarar jobbar praktisk, estetisk og handverksmessig, så vel som analytisk, abstrakt og problemløysande. Det betyr at dei har konkrete ferdigheiter innan *formgiving og kan visualisera ein bodskap på ein god måte.

Nokre gongar jobbar grafiske designarar med å utvikla eit design basert på ein kunde sin idé. Andre gongar gjer designaren heile prosessen frå å undersøkja ut kva designen skal oppnå, og kven målgruppa er, til ferdig utvikla design, ved hjelp av Design *thinking.

I arbeid med merkevarebygging må ein grafisk designar jobba strategisk. Å jobba strategisk betyr at designaren har sett seg inn i forretningsideen og meininga med merkevara, og sørgjer for at designløysinga bidreg til ei oppleving som støttar opp om bodskapen. Derfor bør designarane òg vera analytiske, det betyr at dei har ei evne til å setja seg djupt inn i noko, og sjå samanhengar.

Designarar gir råd til kundar slik at dei kan ta gode kommunikasjonsval. Råda ein designar gir vil vera veldig ulike basert på behovet til kunden. Val av design vil variera mykje om kunden driv til dømes online klesbutikk, restaurant eller fiskefabrikk.

Grafiske designarar kan òg jobba retta mot visuelle konsept og idear knytt til samfunnsmessige oppgåver i politikk, utdanning, organisasjonsarbeid og liknande. Dette kan innebera å laga design som skal bidra til bevisgjering, læring eller spreiing av informasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for grafisk designar:

  • Ha møte med kundar om prosjekt
  • Lage idéar og skisser på moglege visuelle retningar som blir presenterte for kunden.
  • Utvikle og ferdigstilla eit visuelt konsept som gir ei heilskapleg og god løysing på behovet til kunden. Til dømes ein ny identitet for ei bedrift med logo, designelement og webside.
  • Utvikle, designe og ferdigstille visuelle element og malar ved hjelp av digitale designverktøy.
  • Tilpasse, endre eller oppdatere eksisterande design.
  • Designe innpakning til eit nytt produkt eller eit eige skiltsystem for eit område, til dømes ein flyplass.
  • Samarbeide med andre faggrupper, som trykkjeri, fontdesigner, motion designar, frontend utviklarar, interaksjonsdesignarar, industridesignarar, reklameteam, animatørar, illustratørar, tekstforfattarar, journalistar eller fotografar.

Grafisk design endrar seg i takt med teknologien og grafiske designarar må derfor vera oppdatert på metodar, programvare og verktøy, og dessutan trendar, brukarbehov og stilval. 

Ofte er grafiske designarar ein del av tverrfaglege team med andre yrkesgrupper som til dømes interaksjonsdesignarar, industridesignarar, reklameteam, animatørar, illustratørar, tekstforfattarar, journalistar eller fotografar. 

Oppgåvene til ein grafisk designar varierer mykje med kva rolle dei tek.

Til dømes:

  • Kreativ leiar for team av designarar og andre som skaper heilskaplege visuelle konsept og designløysingar for kundar.
  • Interaksjonsdesignar som kartlegg behovet til brukarane og bidreg til å designa eit sluttprodukt som er enkelt å forstå og bruka.
  • Illustratør som lagar illustrasjonar som kommuniserer og forsterkar ein bodskap eksempelvis i reklame, informasjonsnettsider og lærebøker.
  • Pakningsdesigner som sørger for at produkt får ein utsjånad som appellerer til brukarane og kommuniserer innhaldet på riktig måte. 
  • Webdesignar som gjer heile jobben med utviklinga og formgivinga av ei enkel webside.

 

Kompetansen til ein grafisk designar er stadig aktuell i utforminga av trykkåker, animasjonar, logoar, fontar, nettbaserte løysingar, appar, bøker, emballasjar og all anna form for kommunikasjon.

Kor jobbar grafiske designarar?

Grafiske designarar jobbar ofte i design- eller kommunikasjonsbyrå, eller i teknologiselskap. Dei kan òg jobba i bedrifter som har ein design-, marknads- eller kommunikasjonsavdeling. Mange grafiske designarar jobbar som sjølvstendig næringsdrivande.

Intervjuer

En mann i svart genser og svart jakke med hvitt for. Han har en svart caps på hodet. Han er inne.

Grafisk designer

Bjørn Are Evjen

– Når man jobber kreativt, må man være forberedt på en del stress og å møte veggen et par ganger før det løsner, forteller Bjørn Are.

Viktige eigenskapar

For å jobba som ein grafisk designar bør ein vera kreativ og nøyaktig. Ein bør òg vera god til å jobba i team, og ha evne til å lytta til og setja seg inn i både kundar og brukarar av designen sin situasjon.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Utdanning

Det er stor forskjell på utdanningane på vidaregåande nivå, fagskule og universitet og høgskule. På vidaregåande fokuserer mediegrafikarlinja utvikling av medieprodukt innan mediesektoren. Grafisk design utdanningane på fagskule og bachelorutdanningane omfattar i tillegg å utvikla visuelle konsept og idear til produkt og bedrifter. På masterutdanningane innan design kan du fordjupa deg i ulike område innan design som til dømes industridesign, interaksjonsdesign og tenestedesign.

Etter- og vidareutdanning

Fleire kunsthøgskolar tilbyr masterstudium i visuell kommunikasjon. Det finst òg mange mogelegheiter i utlandet.

Dei som jobbar som grafiske designarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant grafisk designutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 716410 - Master, design, studieretning grafisk design og illustrasjon, toårig
  • 616412 - Høgskolekandidat,visuell kommunikasjon, toårig
  • 616408 - Høgskolekandidat, grafisk design og visuell kommunikasjon, treårig
  • 616404 - Diplomstudium, grafisk design, fireårig
  • 516423 - Fagskoleutdanning, grafisk design, halvårig
  • 516416 - Fagskoleutdanning, grafisk design, ettårig
  • 516407 - Fagskoleutdanning, grafisk design, toårig
  • 516403 - Fagskoleutdanning, grafisk design
  • 416411 - Mediegrafikerfaget, Vg3
  • 416408 - Mediegrafikerfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 616420 - Bachelor, grafisk design, treårig
  • 355220 - Grafisk produksjon, VK I
  • 455251 - Grafisk produksjonsteknikk, Vg3
  • 355205 - Grafiske fag, toårig grunnkurs
  • 355206 - Grafiske fag, videregående, grunnutdanning
  • 659909 - Høgskoleingeniørutdanning, grafisk, treårig
  • 616409 - Høgskolekandidat, illustrasjon og grafisk design, treårig

Bedrifter som ansetter grafiske designarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med grafiske designarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471129 - WEBDESIGNER
  • 3471104 - GRAFISK DESIGNER
  • 3471123 - SKILTDEKORATØR
  • 3471115 - TEGNER (REKLAME O.L.)
  • 3471114 - REKLAMETEGNER
  • 3471109 - DESIGNER (GRAFISK)
  • 3471118 - WEB-DESIGNER
  • 3471112 - LAYOUT TEGNER
  • 3471113 - MAC-OPERATØR
  • 3471140 - UX-DESIGNER
  • 1234101 - ART DIRECTOR (REKLAME)
  • 3471135 - MEDIEDESIGNER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.

Relaterte lenker