Gjennomgått i samarbeid med Norsk olje og gass 14. januar 2022

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.

Arbeidsoppgaver

Geologar undersøker mineral, fossil, bergarter og anna jordmasse frå jordoverflata og frå jordas indre. 

Mange geologar arbeider med å finne fram til ulike mineral og metall som kan vere nyttige eller verdifulle som til dømes koparmalm eller diamantar. Geologar arbeider også med å kartlegge førekomstar av olje og gass, eller dei jobbar med miljø og klima.

Vanlege arbeidsoppgåver for geologar:

  • undersøke ulike lag av jorda for å finne førekomstar av nyttige stoff
  • planlegge og rettleie utvinninga av olje, gass, mineral og metall
  • studere vulkansk aktivitet
  • forske på den fysiske utviklinga til jorda heilt frå byrjinga
  • undersøke og analysere botnforholda i havet
  • forske på jordskjelv og kontinentalplater
  • lage grunnlag for kartdata
  • avdekkje forureina sediment (lag)

Kor jobbar geologar?

Geologar kan jobbe i ingeniør- og konsulentbedrifter, som forskarar og lærarar ved universitet og høgskolar eller i offentlege etatar som Statens vegvesen eller Kartverket. Som geolog kan du også jobbe i oljebransjen eller innanfor gruvenæringa.

Intervjuer

Portrettbilde av Espen. Han er på fjellet og har solbriller og caps.

Geolog

Espen Torgersen

Der andre ser grå stein ser jeg vulkaner og jordskjelv, sier geolog Espen Torgersen.

Viktige eigenskapar

For å bli geolog må du vere nysgjerrig og analytisk. Du bør vere interessert i prosessane og fenomena i jorda. Du må også like å jobbe saman med andre fagpersonar.

Lønn

Utdanning

Dei vanlegaste jobbane blant geologiutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 8561 - Geologi
  • 756901 - Master, geofag, toårig
  • 756199 - Geologi, uspesifisert, høyere nivå
  • 756107 - Master, geologi, toårig
  • 756106 - Master of Science, geologi, toårig
  • 756103 - Cand.scient.-utdanning, geologi
  • 756101 - Cand.real.-utdanning, geologi

Bedrifter som ansetter geologar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med geologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2114102 - GEOLOG
  • 2114117 - FELTARBEIDERE (GEOLOGISKE UNDERSØKELSER)
  • 2114116 - OPERASJONSGEOLOG
  • 2114115 - GEOMATIKER
  • 2114114 - FORSKER (GEOLOGI OG GEOFYSIKK)
  • 2114111 - PETROLEUMSGEOLOG

Andre yrke

Astronauter

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Yrkesdykker som jobber under vann

Dykkar

Ein yrkesdykkar utfører arbeid under vatn.