Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for frisør, blomster, interør og eksponeringsdesign 23. februar 2022

Frisør

Frisøren klipper, formar, fargar og endrar strukturen til ulike typar hår.

Arbeidsoppgaver

Frisøren rettleier og gir råd om ulike frisyrar, behandlingar og produkt til kundar i kvardagen og spesielle høve, etter kundane sine ønsker, moglegheiter og behov. Ein frisør jobbar kreativt og må gjera arbeidet i direkte kontakt med kunden.

Vanlege arbeidsoppgåver for frisøren:

  • rettleia kundane om hårfasong, kjemiske behandlingar og produkt
  • vaska, klippa, farga/stripa, permanentbehandle og føna hår
  • farge vippar og bryn
  • utvikla nye aktuelle frisyrar for kvardag og fest
  • pleia hår og hodebunn både i salong og i oppmoding av produkt
  • klippa skjegg
  • marknadsføra seg sjølv og arbeidsplassen for at kundane kjem tilbake

Kor jobbar frisørar?

Dei fleste frisørar jobbar i frisørsalongar. Somme frisørar vel etter kvart å starte opp sin eigen frisørsalong. Andre kan vere tilknytt teater, film eller tv.

Intervjuer

Frisør Victor Hanssen jobber på Blush i Bodø.

Frisør

Victor Hanssen

Victor jobber som frisør på Blush i Bodø. Han skulle egentlig jobbe med mat, men karrierevalget endret seg raskt når han ble introdusert for frisørfaget.

Viktige eigenskapar

Frisøren må like å jobba tett på kundane sine, så god kommunikasjon og serviceinnstilling er vesentleg. Frisøren må vera kreativ og ha fullføringsevne, like sal, marknadsføring og ein tidvis hektisk arbeidskvardag med tidspress. Du må kunna handtera alle type kundar og menneske, både dei som gir positive og negative tilbakemeldingar. God fysisk form er ein fordel. Frisøren jobbar med mange allergifremkallende produkt, så god forståing av kjemikaliumhandtering, vern og gode HMS-systemer er vesentleg.

Lønn

Dei fleste frisørar har provisjonslønn, dvs dei blir lønte etter kor mykje dei omset for sjølv. Lønt er altså ein viss prosent av inntjeningen frisøren sjølv tar betaling for. Frisørenes Tariffavtale er ein minstelønnsavtale, med lokal forhandlingsrett. Dette betyr at den enkelte frisøren i arbeidsavtalen sin har ein avtalt prosentsats av eigen inntjeningen og ved tariffavtale har dei ein avtalt garanti om minstelønn.

Utdanning

Det tar 4 år før du kan ta svennebrev i frisørfaget; 2 år på skule og 2 år som lærling. Det finst kurs og tidlegare skulegang og praksis som kan gi frådrag i læretida, men det må visast til 4 år med relevant opplæring før svennebrev kan avleggast. 5 års praksis i faget kan gi moglegheiter for å gå opp til svennebrev som privatist.

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i frisørfaget. Les meir om meisterutdanning.
Se bransjeutdanninger for frisørnæringen 

Dei som jobbar som frisørar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant frisørutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 483106 - Frisørfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 483103 - Herrefrisørfaget, VK II
  • 483102 - Frisørutdanning, videregående, avsluttende utdanning
  • 483101 - Damefrisørfaget, VK II

Bedrifter som ansetter frisørar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med frisørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5141103 - FRISØR
  • 1318101 - LEDER (FRISØRSALONG - FÆRRE ENN 10 ANSATTE- PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 5141110 - FRISØRMESTER
  • 5141106 - HERREFRISØR
  • 5141105 - DAMEFRISØR
  • 5141107 - STYLIST

Andre yrke

En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Illustrasjonsbilde av kvinne som står i en butikk og rydder i hyllene.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Gravferdskonsulent planlegger gravferd sammen med etterlatte

Gravferdskonsulent

Ein gravferdskonsulent hjelper pårørande i samband med dødsfall og gravferder. Gravferdskonsulenten ordnar det praktiske, og vil vere ein støtte for pårørande ved dødsfall.