Gjennomgått i samarbeid med Forfatterforbundet 01. juni 2022

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.

Arbeidsoppgaver

For­fat­ta­rar job­bar med å skri­ve bø­ker og anna skrift­leg ma­te­ri­a­le. Ofte blir for­fat­tar­tit­te­len knytt til dei som skriv skjønn­lit­te­ra­tur, for­fat­tar­yr­ket om­fat­tar li­ke­vel langt meir.

I man­ge sa­man­hen­gar er det van­leg å dele for­fat­ta­rar inn i grup­per et­ter kva sjan­ger dei skriv i, til dø­mes skjønn­lit­te­ra­tur, fag­bø­ker/sak­pro­sa, bar­ne­bø­ker, sko­de­spel og så bort­et­ter. Du kan også ha ein meir spe­si­fikk yr­kes­tit­tel enn for­fat­tar, der­som sjan­ge­ren du skriv i op­nar for det­te. Ein slik yr­kes­tit­tel kan vere ly­ri­kar, tekst­for­fat­tar, dra­ma­ti­kar el­ler (film)ma­nus­for­fat­tar.

Skjønn­lit­te­ræ­re for­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, no­vel­ler, dikt og lik­nan­de.

Ein fag­bok­for­fat­tar (for­fat­tar av sak­pro­sa) skriv bø­ker om emne in­nan eit bes­temt fag­om­rå­de. Det kan vere alt frå læ­re­bø­ker til bio­gra­f­iar og bø­ker skriv­ne av blog­ga­rar. For­fat­ta­rar av sak­pro­sa­bø­ker er ofte fag­folk el­ler eks­per­tar, og skriv for å for­mid­le kunn­ska­pa­ne sine til eit stør­re pub­li­kum. El­ler dei skriv om eit tema dei er opp­tek­ne av.

Van­le­ge ar­beids­opp­gå­ver for for­fat­ta­rar:

  • un­der­sø­ke eit tema og sam­le inn ma­te­ri­a­le
  • skri­ve tekst 
  • for­me ut tekst, ofte i sa­mar­beid med ein for­lags­re­dak­tør
  • fo­re­drag, opp­le­sin­gar el­ler bok­sig­ne­rin­gar 

Ar­beids­me­to­da­ne og skri­ve­pro­ses­sen kan vere svært ulik for­fat­ta­rar imel­lom. No­kre for­fat­ta­rar skriv sys­te­ma­tisk eit par ti­mar kvar dag, mens andre skriv svært mykje over kor­ta­re pe­ri­o­dar. Kor lang tid ein for­fat­tar bru­ker på å skri­ve ei bok va­ri­e­rer også ein del. For­fat­tar­yr­ket er ge­ne­relt sett svært tid­krev­jan­de. 

Man­ge for­fat­ta­rar er til­knytt eit forlag og har av­ta­lar om pro­duk­sjon i sa­mar­beid med det. Andre for­fat­ta­rar skriv på eiga hand. Des­se må job­be for å få sine verk an­ta­tt. Når eit ma­nusk­ript er fer­dig sen­der ein det til eitt el­ler flei­re forlag. For­la­ga vur­de­rer så om dei ønskjer å bru­ke ma­nusk­rip­tet. Der­som eit forlag vel å anta ma­nusk­rip­tet vil for­la­get og for­fat­ta­ren lage ei av­ta­le, for så å job­be vi­da­re med pro­sjek­tet sam­an. 

Det går også an å gi ut bø­ker på eige forlag, el­ler forlag for så­kal­la sjølvpublisistar, der ein ik­kje treng å bli an­ta­tt, men må be­ta­le for kostandene knytt til ut­gi­vin­ga sjølv. 

No­kre for­fat­ta­rar med god språk- og kul­tur­kunn­ska­par ar­bei­der også som om­set­ta­rar.

For­fat­tar­tit­te­len er ik­kje ver­na. Ein kvar som skriv kan der­for kal­le seg for­fat­tar.

Kor jobbar for­fat­ta­rar?

Nes­ten alle for­fat­ta­rar job­bar fri­lans. Dei er med andre ord ik­kje til­set­te hos ein ar­beids­gi­var. Dei er der­for ofte sjølv­sten­dig næ­rings­dri­van­de. Dei som alt har etab­lert seg som for­fat­ta­rar, sa­mar­bei­der som of­tast li­ke­vel med eit forlag. 

Intervjuer

En kvinne i lysegrønn genser smiler mot kamera. Hun har lyst hår i en hestehale og rød leppestift.

Forfatter

Maria Børja

Maria Børja har gitt ut tre skjønnlitterære bøker. Hun skriver om temaer som utenforskap, kjærlighet og klimakrise.
Forfatter Geir Egil Eiksund portrett

Forfatter

Geir Egil Eiksund

For meg startet reisen som forfatter rett og slett med en annonse om et skriveseminar hos Samlaget, det som ble forlaget mitt.

Viktige eigenskapar

Det finst nok in­gen ge­ne­rel­le krav til kva ei­gen­ska­par ein for­fat­tar bør ha. Ei evne til kre­a­tiv tenk­ing vil ge­ne­relt sett kome godt med. Du må ha ein bod­skap og eit øns­ke om å for­mid­le han. Det er også svært vik­tig at du ev­nar å ut­tryk­ke deg, slik at du får fram bod­ska­pen. For for­fat­ta­rar flest er det også nød­ven­dig å kun­ne ar­bei­de sys­te­ma­tisk og mål­ret­ta. Skri­ve­pro­ses­sen kan nem­leg vere både vans­ke­leg og tid­krev­jan­de. For­fat­tar­yr­ket krev ei stor grad sjølv­di­sip­lin og evne til å pro­du­se­re.

Lønn

Utdanning

Ei spe­si­fikk for­fat­tar­ut­dan­ning er in­gen føre­set­nad for å ar­bei­de som for­fat­tar. Flei­re av høg­sko­la­ne og uni­ver­si­te­ta i lan­det til­byr like fullt stu­di­um re­le­van­te for for­fat­tar­yr­ket.

Dei vanlegaste jobbane blant forfattarstudiumutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 612302 - Bachelor, tekst og skribent, treårig
  • 612301 - Forfatterutdanning, lavere nivå
  • 412301 - Tekstforfatterutdanning, toårig
  • 615215 - Bachelor, manus – scenetekst og tv-drama, treårig
  • 535207 - Fagskoleutdanning, manus og tekst for TV, ettårig
  • 735908 - Master, manusutvikling for serier, toårig

Bedrifter som ansetter for­fat­ta­rar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med for­fat­ta­rar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3419135 - TEKSTFORFATTER (REKLAME)
  • 2551126 - ROMANFORFATTER
  • 2551125 - DRAMATIKER
  • 2551124 - DIKTER
  • 2551122 - TEKSTFORFATTER
  • 2551121 - POET
  • 2551120 - MANUSFORFATTER
  • 2551117 - SKRIBENT
  • 2551109 - FAGBOKFORFATTER
  • 2551108 - FILMMANUSFORFATTER (FILMFORFATTER)
  • 2551101 - FORFATTER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.
Illustrasjonsbilde av logoped som forklarer ordlyd til et barn

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.