Flygeleiar på jobb i tårnet på ein flyplass.
Yrkesskildring

Flygeleiar

favoritt ikon

Flygeleiaren overvakar og dirigerer flytrafikken i og rundt Noreg.

Som flygeleiar skal du hindre samanstøytar mellom luftfartøy i lufta og på bakken, sørge føre at trafikken blir avvikla raskt og effektivt. Flygeleiaren skal gje råd og informasjon til luftfartøy i ansvarsområdet ditt og støtta redningstenesta når dei treng det.

Arbeidsoppgåvene til flygeleiaren kan delast opp i tre område:

  • Tårnkontrollher blir fly kontrollerte i avgangs- og landingsfasen, fly som er nærleik av flyplassen, samt fly og køyretøy på bakken.
  • Innflygingskontrollher blir flytrafikken overvaka og kontrollert i nærområdet til flyplassen.
  • Områdekontroll her overvakar og kontrollerer ein flya mellom flyplassane og fly som passerer norsk luftrom.

Som flygeleiar må du oppfatte og danne seg eit bilete av flytrafikken fort. På den måten kan du leie trafikken sikkert og effektivt. Til hjelp har flygeleiaren mellom anna verktøy som radarframvisarar, flygeplanar og radiosamband for kommunikasjon med pilotar, samt intern kommunikasjon med andre flygeleiarar.

Flygeleiarar arbeider etter skiftordningar.

Kvar arbeider flygeleiarar?

Som flygeleiar arbeider du i tårna og/eller innflygingskontrollen ved dei største flyplassane i Noreg, eller ein av kontrollsentralane i Bodø, Stavanger eller Oslo (Røyken).

Personlege eigenskapar

Ein flygeleiar har ansvar for menneskeliv og store materielle verdiar, noko som inneber at du må vere ansvarsfull, nøyaktig og tole stress. Eigenskapar som god simultankapasitet (evna til å handtere fleire oppgåver samstundes), god munnleg framstillingsevne, god høyrsel, god helse og sjølvstende er svært viktige.

Utdanning

Flygelederutdanninga varar i omtrent to år. Merk at søknadsfristen er 15. februar. 

Utdanninga består av:

  • Forkurs i Noreg (ei veke i byrjinga av september).
  • Initial training ved CANI i Praha, Tsjekkia (9 månader frå september til juni).
  • Transisjonskurs: kurs i norske reglar, systemopplæring og meteorologi (tre-fire veker).
  • Praktisk opplæring og øving ved ei tårn- eller kontrollsentral i Noreg (ca. 12 månader). Denne perioden fører fram til eksamen og sertifisering som flygeleiar.

Les meir om utdanningen på avinor.no 

Opptakskrav

  • Du må ha fylt 19 år per 1. januar i opptaksåret. 
  • Generell studiekompetanse med snittkarakter 4,0 eller betre frå vidaregåande skule.
  • Flytande munnleg og skriftleg norsk.
  • Særs gode engelskkunnskapar. Du må passere TOEFL (Test of English as a Foreign Language), men du treng ikkje å ha teke TOEFL-testen før du søkjer.
  • Plettfri vandel.
  • God helse med normalt fargesyn og ikkje meir synskorreksjon enn +5/-6 dioptri, god høyrsel og klar tale.

Avinor utdannar like mange flygeleiarar som Avinor har behov for. Derfor vil det variere frå år til år kor mange som blir tatt opp på studiet.

Kva jobbar flygeleiarutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Flygeleder
Heltid
Alle sektorer
531 personer
134 personer
397 personer
Ca 544 kr
Ca 454 kr
Ca 567 kr
88 160 kr
73 530 kr
91 920 kr
1 057 920 kr
882 360 kr
1 103 040 kr
Ca 544 kr
Ca 454 kr
Ca 567 kr
92 920 kr
77 420 kr
97 130 kr
1 115 040 kr
929 040 kr
1 165 560 kr
Ca 536 kr
Ca 483 kr
Ca 554 kr
86 860 kr
78 180 kr
89 790 kr
1 042 320 kr
938 160 kr
1 077 480 kr
Ca 536 kr
Ca 483 kr
Ca 554 kr
92 890 kr
83 060 kr
96 210 kr
1 114 680 kr
996 720 kr
1 154 520 kr
Flygeleder
Heltid
Privat
531 personer
134 personer
397 personer
Ca 544 kr
Ca 454 kr
Ca 567 kr
88 160 kr
73 530 kr
91 920 kr
1 057 920 kr
882 360 kr
1 103 040 kr
Ca 544 kr
Ca 454 kr
Ca 567 kr
92 920 kr
77 420 kr
97 130 kr
1 115 040 kr
929 040 kr
1 165 560 kr
Ca 536 kr
Ca 483 kr
Ca 554 kr
86 860 kr
78 180 kr
89 790 kr
1 042 320 kr
938 160 kr
1 077 480 kr
Ca 536 kr
Ca 483 kr
Ca 554 kr
92 890 kr
83 060 kr
96 210 kr
1 114 680 kr
996 720 kr
1 154 520 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.

Helikopterpilot gjør klar til avgang

Pilot

Ein pi­lot fø­rer eit fly el­ler eit he­li­kop­ter og kan ar­bei­de både i sivil luft­fart og i Forsvaret.

En liten jente holder smilende opp en mobiltelefon. Kabinpersonale, mor, bestemor og bror ser på i bakgrunnen.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.

Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar ut­fører arbeid på det elektriske anlegget og dei elektroniske komponentane i til dømes navigasjons- og kommunikasjonssystem, radar og autopilotsystem i eit luftfartøy.

Kran

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.

En ung mann jobber med et dekk på en bil.

Bil­mekanikar (lette køyretøy)

Ein bil­mekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.

Taxisjåfør sitter i førersetet på en bil

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.

Logistikkoperatører henter varer på et lager

Logistikk­operatør

Ein logistikk­operatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.

Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg og komfortabel måte.

Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du ulike maskiner, som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvel, traktorgravar og gravelastar.

Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bil­mekanikar (tunge køyretøy)

Ein bil­mekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.

Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskade­reparatør

Ein bilskade­reparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.