Gjennomgått i samarbeid med Forening for finansfag (FFN) 09. februar 2024

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.

Arbeidsoppgaver

Som finansanalytikar jobbar du med analyse og rådgiving i finansmarknaden. Dette inneber å hente inn finans- og investeringsinformasjon frå firma og bedrifter.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein finansanalytikar:

  • undersøkja og analysera informasjonen, inkl. m.a. finansiell- og selskapsspesifikk-analyse, og dessutan den makroøkonomiske situasjonen
  • gi råd og tilrådingar på bakgrunn av innhenta informasjon og gjennomført analyse
  • kontakt med selskap, kundar og marknadsaktørar
  • møter, telefonsamtalar og evt. gjennomføring av transaksjonar
  • presentasjon av analysar og utarbeiding av rapportar

Nokre finansanalytikarar kan måtte jobbe lengre arbeidsdagar i periodar.  

For å få autorisasjon som finansanalytikar må du bestå AFA-studiet. Norske Finansanalytikeres Forening administrerer dette studiet saman med Noregs handelshøgskole. Du kan også søke om europeisk sertifisering som Certified EFFAS Financial Analyst.

Kor jobbar finansanalytikarar?

Finansanalytikarar jobbar i bedrifter som treng kompetanse på finans. Dette kan vere alt frå spesialiserte finansmeklarar til økonomiavdelingar i større bedrifter.

Intervjuer

Ida karevold ble finansanalytiker fordi hun er glad i å jobbe med en kombinasjon av analyse og tall.

Finansanalytiker

Ida Karevold

Det er viktig å finne noe man syns er interessant å drive med. Da er det lettere å bli god, sier Ida Karevold.

Viktige eigenskapar

Som finansanalytikar bør du ha anlegg for teori og analyse. Du må òg vere i stand til å uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg. I tillegg bør du ha kunnskap om administrasjon og leiing. Finansanalytikaren må vere oppdatert på økonomi, politikk og generell samfunnsutvikling.

Lønn

Utdanning

For å få jobb som finansanalytikar bør du ha gjennomført ei grad på anten bachelor- eller helst masternivå innan fagområde som økonomi og finans.

Norske Finansanalytikeres Forening (NFF) administrerer dessutan kurs for å autorisere finansanalytikarar. Sjå NFFkurs.no for meir informasjon om AFA-kurs.

Sjå oversikt over utdanningar innan finans

Etter- og vidareutdanning
Så vel universitet som høgskolar tilbyr relevante vidareutdanningskurs. Dette gjer også fagorganisasjonar.

Dei som jobbar som finansanalytikarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant finansanalytikarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 741106 - Finansanalytiker, autoriseringsstudium

Bedrifter som ansetter finansanalytikarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med finansanalytikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3411106 - FINANSANALYTIKER
  • 3412114 - ANALYTIKER (FORSIKRING)
  • 3418132 - FINANSRÅDGIVER (BANK)
  • 3412103 - FINANSKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3411131 - FINANSRÅDGIVER
  • 3411122 - TEAMLEDER (FINANS)
  • 3411116 - FINANSKONSULENT (BANK)
  • 3411130 - KAPITALFORVALTER (BEDRIFTER)

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevald er du med på å gjennomføre den politikken du og ditt parti står for.
En kvinne jobber med regnskap på en pc med en stor perm på bordet

Rekneskapsførar

Rekneskapsføraren hjelper kundane med rekneskapen og gir økonomisk rådgiving som sikrar lønnsam drift.