Feier klargjør feierutstyret sitt ved bilen
Yrkesskildring

Feiar

favoritt ikon

Ein feiar reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.

Som feiar reingjer du piper, røykkanalar, eldstader og sentralfyrings- og ventilasjonsanlegg for å førebygge brann og avgassutslepp. Feiaren driv med brannførebyggande arbeid og arbeider ofte i tett samband med brannvesenet.

Vanlege arbeidsoppgåver for feiaren:

  • feie skorsteinar, røykkanalar og eldstader
  • avgrense skadar etter brann
  • sjå etter at bygningar har gode branntekniske løysingar, i samsvar med lovar og reglar
  • tilpasse og lage utstyr til feiing
  • rettleie om ulike fyringsmetodar og korleis ein reduserer forureining og sotdanning, som igjen førebygger brann.
  • formidle kunnskap om rett val og bruk av sløkkemiddel og sløkkemetodar.

Som feiar må du ha god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialar, og du må kunne vurdere korleis eldstad, skorstein og ventilasjon fungerer saman.

Feiarjobben inneber ein del risiko, og det er difor viktig at feiarar har kunnskap om helse, miljø og sikkerheit ( HMS). Feiaren er underlagt eit omfattande regelverk når det gjeld tryggleik.

Kvar arbeider feiarar?

Dei fleste feiarar arbeider i kommunale etatar som til dømes brannvesenet. Du kan òg få jobb i statlege organ som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Personlege eigenskapar

Som feiar må du like deg i høgda og kunne arbeide både sjølvstendig og i team. Du må òg vere systematisk og nøyaktig. Du må like å kommunisere med menneske, ha gode rekneferdigheiter og kunnskap om digitale verktøy.

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Vil du ta fagbrev, svennebrev eller vitnemål med yrkeskompetanse? Se hvilke muligheter som finnes i Veien til fagbrev.

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i feiarfaget. Les meir om meisterutdanning.

Kva jobbar feiarfagutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Feier, fasaderenholder
Heltid
Alle sektorer
777 personer
707 personer
Ca 232 kr
Ca
Ca 234 kr
37 650 kr
37 850 kr
451 800 kr
454 200 kr
Ca 232 kr
Ca
Ca 234 kr
37 740 kr
37 960 kr
452 880 kr
455 520 kr
Ca 233 kr
Ca
Ca 235 kr
37 750 kr
38 040 kr
453 000 kr
456 480 kr
Ca 233 kr
Ca
Ca 235 kr
38 920 kr
39 280 kr
467 040 kr
471 360 kr
Feier, fasaderenholder
Deltid
Alle sektorer
113 personer
Ca 221 kr
Ca
Ca
35 830 kr
429 960 kr
Ca 221 kr
Ca
Ca
35 830 kr
429 960 kr
Ca 219 kr
Ca
Ca
35 460 kr
425 520 kr
Ca 219 kr
Ca
Ca
37 970 kr
455 640 kr
Feier, fasaderenholder
Heltid
Kommunal
636 personer
567 personer
Ca 233 kr
Ca
Ca 234 kr
37 680 kr
37 860 kr
452 160 kr
454 320 kr
Ca 233 kr
Ca
Ca 234 kr
37 710 kr
37 950 kr
452 520 kr
455 400 kr
Ca 234 kr
Ca
Ca 236 kr
37 840 kr
38 200 kr
454 080 kr
458 400 kr
Ca 234 kr
Ca
Ca 236 kr
38 780 kr
39 200 kr
465 360 kr
470 400 kr
Feier, fasaderenholder
Heltid
Privat
141 personer
140 personer
Ca 232 kr
Ca
Ca 232 kr
37 650 kr
37 650 kr
451 800 kr
451 800 kr
Ca 232 kr
Ca
Ca 232 kr
38 050 kr
37 950 kr
456 600 kr
455 400 kr
Ca 230 kr
Ca
Ca 231 kr
37 320 kr
37 370 kr
447 840 kr
448 440 kr
Ca 230 kr
Ca
Ca 231 kr
39 540 kr
39 600 kr
474 480 kr
475 200 kr

Bedrifter og opplæringskontor

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar plater, røyr og profilar, og sett dette saman til større konstruksjonar.

Kulde- og varmepumpemontør i arbeid

Kulde- og varmepumpe­montør

Ein kulde- og varmepumpe­montør monterer og held ved like kjøleanlegg og varmeattvinningsanlegg.

Heismontør i arbeid.

Heis­montør

Heis­montørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.

En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.

To tømrere på en byggeplass støtter en planke.

Tømrar

Tømrarar bygger trehus og andre tre­konstruksjonar.

Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.

Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyropplegg, og utførar sveising og platearbeid.

Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Bygg­ingeniør

Bygg­ingeniøren førebur, planlegg og gjennom­fører byggeprosjekt. Ofte er bygg­ingeniøren leiaren på ein byggeplass.

Illustrasjonsbilde av elektriker i arbeid.

Elektrikar

Elektrikarar monterer og reparerer elektriske anlegg.

Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.

Murer i arbeid

Murar

Muraren bygger nytt murverk og restaurerer gammalt murverk.

Kran

Kranførar

Kranførarar køyrer ulike kraner på byggeplassar, i hamner og i offshoreindustrien.