Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk 01. mars 2022

Brannførebyggar

Ein brannførebyggar, eller feiar som det heitte tidlegare, reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.

Arbeidsoppgaver

Tidlegare heitte brannførebyggarar for feiarar. I 2020 vart tittelen endra til brannførebyggar.

Som brannførebyggar reingjer du piper, røykkanalar, eldstader og sentralfyrings- og ventilasjonsanlegg for å førebygge brann og avgassutslepp. Brannførebyggaren driv med brannførebyggande arbeid og arbeider ofte i tett samband med brannvesenet.

Vanlege arbeidsoppgåver for feiaren:

  • feie skorsteinar, røykkanalar og eldstader
  • avgrense skadar etter brann
  • sjå etter at bygningar har gode branntekniske løysingar, i samsvar med lovar og reglar
  • tilpasse og lage utstyr til feiing
  • rettleie om ulike fyringsmetodar og korleis ein reduserer forureining og sotdanning, som igjen førebygger brann.
  • formidle kunnskap om rett val og bruk av sløkkemiddel og sløkkemetodar.

Som brannførebyggar må du ha god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialar, og du må kunne vurdere korleis eldstad, skorstein og ventilasjon fungerer saman.

Brannførebyggarjobben inneber ein del risiko, og det er difor viktig at du har kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS). Brannførebyggaren er underlagt eit omfattande regelverk når det gjeld tryggleik.

Kor jobbar brannførebyggar?

Dei fleste brannførebyggarar arbeider i kommunale etatar som til dømes brannvesenet. Du kan òg få jobb i statlege organ som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Intervjuer

Ei dame i mørk uniform med skulderklaffer. På armen står det "Tromsø brann og redning". Hun er ute.

Brannforebygger

Vårin Hofsøy

– Man blir egent­lig ald­ri lei, for­di det kom­mer sta­dig nye opp­ga­ver med til­syn, fei­ing og in­for­ma­sjons­kam­pan­jer, sier Vårin.
Feier Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen

Feier

Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen

Jobben består av feiing, tilsyn, befaring og brannforebyggende arbeid.

Viktige eigenskapar

Brannførebyggarar må like seg i høgda og kunne arbeida systematisk og nøyaktig. Du må ha gode regneferdigheter og kunnskap om digitale verktøy, og like å kommunisera med menneske. Brannførebyggarar må kunna jobba både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Lønn

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i brannførebyggarfaget (tidlegare feiarfaget). Les meir om meisterutdanning.

Dei vanlegaste jobbane blant brannførebyggarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 482501 - Brannforebygger, Vg2 og Vg3, særløp
  • 457107 - Feierfaget, Vg2 og Vg3, særløp

Bedrifter som ansetter brannførebyggar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med brannførebyggar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7144112 - BRANNFOREBYGGER/FEIER
  • 7144101 - FEIER
  • 7144110 - SPESIALARBEIDER (FEIING)
  • 7144109 - FORMANN (FEIER)
  • 7144107 - FAGARBEIDER (FEIER)
  • 7144106 - SKORSTEINSFEIER
  • 7144105 - FEIERSVENN
  • 7144104 - FEIERFORMANN
  • 7144103 - OVERFEIEMESTER (INSPEKTØR)
  • 7144102 - FEIERMESTER

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Byggingeniøren førebur, planlegg og gjennomfører byggeprosjekt. Ofte er byggingeniøren leiaren på ein byggeplass.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer og reparerer elektriske anlegg.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Ein energimontør arbeider med å bygge og halde ved like el-kraftnettet.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.