Gjennomgått i samarbeid med Norske Dansekunstnere 08. november 2022

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.

Arbeidsoppgaver

Dans er ei sjølvstendig og mangfaldig kunstform. Dansefeltet rommar mange sjangrar, og samtidsdans er ein av dei mest sentrale. Dans kan òg vere del av skodespel, musikalar, revyinnslag eller operaar og operettar. 

Dei tre hovudformene innan scenisk dans er:

  • klassisk ballett
  • jazzdans
  • moderne dans/samtidsdans

Dei fleste dansarar har dansa sidan dei var små, og dans er naturlegvis ikkje eit yrke du utdannar deg til berre på skolen. Treningsvilje og stor interesse for dans er naudsynte føresetnader. Det blir stadig vanlegare at dansarar også lager sine eigne prosjekt, og dermed er både utøvande og skapande dansekunstnarar. 

Kor jobbar dansarar?

Dansarar kan arbeide som korttidstilsette i frie danseprosjekt eller ved teatera i dei store musikalane. Mange er sjølvstendig næringsdrivande. Den Norske Opera og Ballett i Oslo og Carte Blanche i Bergen har faste danseensembler.

Intervjuer

Portrettbilde av Jazzy. Han smiler i kameraet, han har brunt hår og har på seg hvit skjorte og sort dressjakke.

Danser

Jazzy Ruiz

Jazzy Ruiz kom til Norge på ferie når han var 19 år, og ble igjen fordi han ble tilbydd plass på Balletthøyskolen og jobb som danselærer. Siden det har han fått nasjonal og internasjonal anerkjennelse for sin kunst.

Viktige eigenskapar

Å vere dansar er eit fysisk krevjande yrke, så det er viktig at du er uthaldande, er i god fysisk og psykisk form og at du toler mykje trening. Du må vere fokusert og målretta. For å vere dansar er det også viktig med god rytmesans og musikalitet, og du må like å samarbeide og ta del i kreative prosessar.

Lønn

Utdanning

Etter og vidareutdanning

Ved Kunsthøgskolen i Oslo har du høve til å bygge på utdanninga di ved å ta master innan dans eller koreografi. Vidare tilbyr både Kunsthøgskolen og Universitetet i Stavanger praktisk-pedagogisk utdanning. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, NTNU, tilbyr også master innan dans.

Dei som jobbar som dansarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant ballett- eller dansarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 715399 - Danse- og ballettutdanning, uspesifisert, høyere nivå
  • 623127 - Bachelor, faglærerutdanning, ballettpedagog, treårig
  • 623102 - Faglærerutdanning, dans, treårig
  • 623101 - Ballettpedagogutdanning, treårig
  • 615399 - Danse- og ballettutdanning, uspesifisert, lavere nivå
  • 615306 - Bachelor, dans, treårig
  • 615304 - Ballettutdanning, dans, treårig
  • 615302 - Ballettutdanning, koreografi, treårig

Bedrifter som ansetter dansarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med dansarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2554104 - DANSER
  • 2554101 - BALLETTDANSER
  • 2554109 - ASPIRANT (BALLETTDANSER)
  • 2554108 - BALLETTSJEF
  • 2554110 - ASSISTERENDE BALLETTSJEF
  • 2554107 - FAGKONSULENT (FOLKEDANS)
  • 3349109 - DANSELÆRER
  • 2554105 - DANSEPEDAGOG
  • 2554102 - BALLETTPEDAGOG

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar arbeider med å utvikle fotballspelarar og fotballag.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
Friidrettsutøvar løper på bane

Idrettsutøvar

Ein profesjonell idrettsutøvar lever av å trene og delta i konkurransar. Ofte har du mykje kontakt med sponsorar og andre samarbeidspartnarar.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.