Forsker ser på celer
Yrkesskildring

Cellebiolog

favoritt ikon

Cellebiologen har spesialisert seg innan biologien, og forskar på molekylar og celler.

Cellebiologen er ein biolog som har spesialisert seg på molekyl og celler. Som cellebiolog forskar du blant anna på korleis cellers funksjonar og utformingar fører til ulike genar og sjukdomar. 

Vanlege arbeidsoppgåver for cellebiologar:

  • reinse og analysere protein
  • celledyrking
  • planlegge og gjennomføre eksperiment 

Det er mykje laboratoriearbeid knytt til jobben, og cellebiologen sin kunnskap kan blant anna brukast til å lage medisinar.

Ein molekylærbiolog er ein cellebiolog som har spesialisert seg på molekylnivået av cella, og som jobbar med blant anna DNA, RNA og protein. Som molekylærbiolog kan du analysere DNA i rettssaker, eller forske på for eksempel medisinsk genetikk, kreft eller nevrologiske sjukdomar. 

Cellebiologen sin kunnskap kan brukast innan diagnostikk, forsking og industri.

Kvar arbeider cellebiologar?

Cellebiologar og molekylærbiologar forsker og underviser på universitet, høgskole eller ved sjukehus. Dei kan óg jobbe i føretak innanfor blant anna oljeindustrien, matindustrien, bioteknologi og legemiddelindustrien. Dei kan óg arbeide som konsulentar i offentleg forvalting eller næringsliv.

Personlege eigenskapar

Som cellebiolog bør du vere nysgjerrig, like å finne ut av ting og ha gode planleggings- og gjennomføringsevner. 

Utdanning

Du må først ta ein bachelor i biologi ved eit universitet eller ein høgskole. Ein bachelorgrad tek tre år og gir 180 studiepoeng. Det finst òg bachelorstudium i andre spesialiserte fag som til dømes havbruksbiologi og molekylærbiologi ved fleire norske universitet.

Kva jobbar cellebiologiutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Lønna di som cellebiolog er avhengig av arbeidsstad, ansvarsgrad, ansiennitet, arbeidserfaring og kompetanse. Som forskar ved ein statleg institusjon vil årslønna vere på 468 400 - 620 500 kroner, og ved oppnådd professorkompetanse 544 000 - 808 000 (Kjelde: Hovedtariffavtalen i staten 2012 -2014).