Få gratis karriereveiledning på Karriereveiledning.no

Bilete
Branningeniør sjekker brannvarslingssystem

Yrkesbeskrivelse

Branningeniør

Branningeniørar arbeider med bygnings- og branntryggleik. Å gi råd og gjennomføre kontrollar er mellom dei viktigaste arbeidsoppgåvene.

Ein branningeniør (branninspektør) er ein ingeniør som har ansvar for bygnings- og branntryggleik, samt å kontrollere bygningsforskrifter og vedtekter. Mange branningeniørar blir konsulentar, og arbeider med å auke branntryggleiken i bygg.

Branningeniørar har kunnskap om prosessane som styrer ein brann og kan vurdere omfanget av brannen og skadane. Brannfysikk, brannvern, bygningsteknologi og risikoanalyse er sentrale tema for branningeniøren. 

Vanlege arbeidsoppgåver for branningeniøren er å: 

  • delta i brannførebyggande informasjons- og motivasjonsverksemd
  • føre tilsyn i samsvar med HMS- og brannlovgivinga
  • delta i brannteknisk byggesakshandsaming

Branningeniøren samarbeider ofte med brannkonstablar.

Branningeniøren arbeider både med praktiske prosjekt ute på anlegg og med administrative oppgåver inne på kontor. 

Hvor jobber branningeniører ?

Som branningeniør kan du arbeide i ei førebyggande avdeling i brannvesenet eller som konsulent i private branntekniske konsulentfirma, byggetekniske firma, forsikringsselskap og i offshorebransjen.

Ein del brannsjefar har bakgrunn som branningeniørar.

Personlige egenskaper

Som branningeniør må du vere interessert i realfag og tekniske løysingar. Du må kunne ta ansvar for store og små prosjekt og samarbeide med andre yrkesgrupper om å gjennomføre desse.

Utdanning

Branningeniøren har ofte ei treårig bachelorutdanning frå ein høgskole i faga brann- eller bygningsingeniør. Du kan òg ta anna relevant høgskoleutdanning eller brannteknisk utdanning på same nivået. Nokre går ingeniørhøgskole med eit påbyggingsår i brannvern og tryggleik. 

Hva jobber branningeniørutdannede som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2020. Tallene er fra høsten 2019. Forklaring til statistikken

  • 682903 - Bachelor, ingeniørfag, sikkerhet, treårig

Sist kvalitetsikret den 01. februar 2017, av NITO, Høgskulen på Vestlandet