Botaniker på jobb
Yrkesskildring

Botaniker

favoritt ikon

Botanikarar jobbar med plantelivet, både inne i eit laboratorium eller ute i naturen.

Ein botanikar er ein biolog som jobbar med botanikk. Botanikaren har kunnskap om plantanes mangfald, betydning, funksjon og slektskap.

Plantar er alt frå eincella organismar til store tre, og finst i omtrent alle miljø på jorda, inkludert havet. Plantar produserer oksygen og bindar karbondioksid. Det gjer at plantar er grunnlaget for det livet vi har på jorda i dag, og nøkkelen til ei berekraftig framtid.  

Fagområdet er breitt, og inkluderer alt frå dei kjemiske reaksjonane inne i den enkelte planta, samspelet mellom plantar og dyr, og til kunnskap om store og kompliserte plantesamfunn.  

Botanikarar brukar vitskapelege teknikkar og verktøy i arbeidet, og dei jobbar ofte saman med andre biologar med andre spesialiseringar. 

Botanisk forsking og kompetanse kan kjempe mot miljøproblem, matmangel og sjukdommar.

Eit nærliggande yrke er plantevitar, som arbeidar med plantar til matproduksjon.

Kvar arbeider botanikere?

Botanikarar arbeider innanfor mange typar organisasjonar og institusjonar. Typiske arbeidsgivarar er miljøorganisasjona, kartleggingsfirmaog ingeniørbedrifter. Ein botanikar kan òg jobbe innanfor blant anna forsking og undervisning, og ved museum. Botanikarar kan òg ha roller innanfor offentleg forvaltning, for eksempel i departementar, direktoratar, tilsyn- eller forskingsinstitusjonar.

Personlege eigenskapar

Som botanikar må du vere interessert i mangfaldet i naturen. Du må vere nysgjerrig og like å undersøke for å finne svar. Du bør like å vere i naturen. Arbeid på laboratorium krev god konsentrasjon, nøyaktigheit og tolmod. 

Utdanning

Grunnutdanninga for botanikarar er ein bachelorgrad i biologi eller økologi

Kva jobbar botanikkutdannede som?

 

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Hva er de vanligste utdanningene for botanikere?

 

Fast tilsette i Noreg med dette yrket har følgjande utdanningar:

Lønn

Lønna for botanikarar varierer etter utdanningsnivå, arbeidsplass, ulike sektorar og institusjonar (private eller offentlege), ansiennitet og spesielle prosjekt ein er engasjert under. Som forskar ved ein statleg institusjon vil årslønna ligge på 468 000- 620 500 kroner, og ved oppnådd professorkompetanse 544 000- 808 000 (Kjelde: Hovudtariffavtala i staten 2012-2014).