Gjennomgått i samarbeid med Norges Bilbransjeforbund 25. januar 2023

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.

Arbeidsoppgaver

Billakkerarar arbeider med reparasjonslakkering og omlakkering. I mange tilfelle vil dette vere på bilar som har fått bulkar, skrapar eller andre skadar som må skjulast.

Ein del billakkerarar tek òg oppdrag med å spesiallakkere bilar etter kundane sine ønskje.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • sparkling, sliping og pussing av karosseri
  • reparasjonslakkering (smart repair)
  • vedlikehaldslakkering
  • spesiallakkering

Billakkeraren har mykje kunnskap om materialane som blir brukt i bilkarosseri, og lagar til blanding av grunningar, fargar og topplakkar. Ein brukar ulike typar utstyr og verktøy i arbeidet, slik som lakkblandeutstyr, sprøyter og sprøytekabin, i tillegg til dataprogram.

Billakkerarar reknar òg ut kostnadene til kvart einskild lakkeringsoppdrag.

For billakkerarar er det viktig å vareta miljøkrava, og fremje bruk av miljøvennlege materialar og lakkprodukt som reduserer utslepp av skadelege stoff. Ny teknologi og lakkmateriale har redusert faren for helseskadar til det minimale.

Ettersom du vil arbeide med ein del farlege kjemiske stoff, i tillegg til at støy og støv er ein del av jobben, er det òg viktig at du legg vekt på sikkerheit. Verneutstyret i dag er svært godt utvikla og varetek helsa di ved riktig bruk.

Billakkeraren arbeider ofte saman med chassispåbyggarar og bilskadereperatørar.

Kor jobbar billakkerarar?

Dei aller fleste billakkerarar arbeider på bilverkstader eller billakkeringsverkstader. 

Intervjuer

Portrettbilde av en mann i svart hettegenser.

Billakkerer

Steffen Romslo

– Vi billakkerere gjør siste hånd på arbeidet og vi bringer bilen tilbake slik den en gang var før man fikk en skade, forteller Steffen.

Viktige eigenskapar

Som billakkerar må du vere kreativ og nøyaktig. Det er viktig med estetisk sans og at du har praktisk og teknisk innsikt. Du må kunne kommunisere effektivt med både kundar og medarbeidarar.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i billakkerarfaget. Les meir om meisterutdanningI tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Dei vanlegaste jobbane blant billakkerarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 455206 - Billakkererfaget, Vg3

Bedrifter som ansetter billakkerarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med billakkerarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7142103 - LAKKERER
  • 7142101 - BILLAKKERER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.