Obduksjonstekniker obduserer et lik
Yrkesskildring

Autopsi­teknikar

favoritt ikon

Autopsiteknikaren utfører obduksjonar og steller lik.

Det finst inga formalisert utdanning for å bli obdusjonsteknikar. Odubsjonsteknikarar kan ha ei rekkje ulike helsefaglege bakgrunnar, som til dømes sjukepleiar eller bioingeniør.

Det finst ei eiga sertifiseringsordning for obduksjonsteknikarar med erfaring frå yrket. Las meir om sertifiseringsordninga hos Norske Medisifaglige Teknikerer (NMT).

Kvar arbeider autopsiteknikere?

Autopsiteknikarane arbeider i hovudsak på patologiavdelingar ved sjukehus eller rettsmedisinske institutt.

Personlege eigenskapar

Som autopsiteknikar må du kjenne til den menneskelege anatomien og fysiologien og ha god kunnskap om sjukdomslære. I dette yrket møter du ofte menneske i sorg, og du treng difor empatiske evner. Du må vere i stand til å gjere oppgåvene dine på ein varsam og verdig måte. Reinsleghald og god hygiene er viktig i det daglege arbeidet. For å arbeide som autopsiteknikar bør du òg ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er i god fysisk og psykisk form.

Utdanning

Nytt frå 2014 er at Norske Medisinske Teknikere (NMT) og Den Norske Patologforening (DNP) samarbeider om å tilby sertifisering av obduksjonsteknikarar i jobb. Den teoretiske delen av sertifiseringa er eit nettbasert studium i anatomi og fysiologi, samt deltaking på eit kurs i regi av NMT og DNP. Vidare har sertifiseringa ein praktisk del. Sjå Norske Medisinfaglige Teknikere (NMT) sin nettstad for meir informasjon om sertifiseringsordninga.

Det er også vanleg at autopsiteknikarar har helsefagleg bakgrunn. Døme på helsefagleg bakgrunn er ambulansepersonell, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, portørar med meir.

Opptakskrav
Opptakskrav for å bli tatt opp til sertifiseringsordninga er:

  • Fullført minimum to års teneste innan obduksjonsteknikarfaget
  • Utført teknisk del av minst 50 obduksjonar
  • Utført teknisk del av minst fem foster-/barneobduksjonar
  • Utført minst 80 stell og lagt i kiste

Meir informasjon om opptakskrav og sertifiseringsordning finn du på Norske Medisinfaglige Teknikere (NMT) si nettside.

Opptakskravet for studium innan helsefag varierer frå studie til studie. Nokre medisinske og helsefaglege studium krev spesiell studiekompetanse med realfagsfordjuping.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Andre yrker

Ortopeditekniker scanner føtter som plages av «Conversesyken».

Ortopedi­teknikar

Ortopedi­teknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.

Klinisk sosionom ved spillemaskiner.

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom arbeider du for å forbetre klientane si evne til å fungere fysisk, psykisk og sosialt.

Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i rygg, musklar og ledd.

Lege undersøker pasient

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.

Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som ut­fører operasjonar, i tillegg til anna behandlinga.

Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Som anestesisjukepleiar tar du vare på og bedøver pasienten under operasjonar, undersøkingar og akutte situasjonar.

Osteopat behandlar nakke.

Osteopat

Ein osteopat påverkar vev og manipulerer ledd i behandling av sjukdommar og plager.

Fysioterapeut.

Fysio­terapeut

Fysio­terapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremme god helse.

Tannlege gir behandling til pasient.

Tannlege

Som tannlege behandlar du tenner.

Kvinnelig hjemmehjelper snakker og smiler til eldre kvinne.

Heimehjelp

Ei heimehjelp hjelper menneske som treng bistand til daglege gjeremål.

Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bio­ingeniør

Som bio­ingeniør samlar du inn og analyserer blodprøvar og andre typar biologisk prøvemateriale.

Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein røntgenlege som jobbar med røntgen, ultralyd, CT og MR.