Gjennomgått i samarbeid med Norsk romsenter 22. februar 2022

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.

Arbeidsoppgaver

Astronauten klargjer seg for å fare ut i verdsrommet, og trenar og arbeider i simulator. Det er ikkje så ofte astronautar får reise ut i rommet.

Nokre astronautar navigerer og fører fartøyet, medan andre tar seg av lasten, reparerer utstyr og eksperimenterer. Det finst med andre ord to typar astronautar: pilotar og ferdsspesialistar. Ferdsspesialistane kan ha ulik bakgrunn, avhengig av kva for oppgåver dei skal utføre. 

Som astronaut risikerer du ulukker under oppskyting og tilbakeferda, og under opphaldet i rommet kan du bli utsett for mange farar.

Strengt tatt blir du ikkje astronaut før du blir sendt ut i verdsrommet. Som astronaut må du vere tolmodig. Det kan ta lang tid frå du blir valt ut til å bli med på ein romferd, til du faktisk får fly. Hittil er det ingen nordmenn som arbeider som astronaut. 

Kor jobbar astronauter?

Dei som blir astronautar arbeider ved ulike romsenter, som for eksempel European Space Agency (ESA) og NASA. Eit fåtal astronautar jobbar på den internasjonale romstasjonen i verdsrommet (ISS). Talet på astronautar som jobbar på den internasjonale stasjonen varierer.  

Intervjuer

Astronaut Andreas Mogensen

Astronaut

Andreas Mogensen (Danmark)

Andreas Mogensen har, som en av svært få mennesker på jorda, lagt ut på en utrolig krevende reise som en dag skal ta ham ut i verdensrommet.

Viktige eigenskapar

Ein astronaut må vere i svært god fysisk form. Det er ein føresetnad at ein kan arbeide konsentrert, fokusert og oppofrande med alle arbeidsoppgåvene som inngår i jobben.

Astronautar arbeider i team og derfor må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, i tillegg til gode språkkunnskapar. Du må ha evna til å halde deg rolig i stressande situasjonar. 

Utdanning

Dersom du ynskjer å manøvrere romfartøy, må du ha pilotutdanning.

Ferdsspesialistar er som regel forskarar eller ingeniørar. Dei har ofte ei master- eller doktorgrad innan medisin, fysikk, kjemi, geofysikk, biologi, biokjemi, materialteknologi, reguleringsteknikk eller IKT. Mange universitet og høgskolar i Noreg tilbyr desse utdanningane. I tillegg må astronauten ha arbeidserfaring i fagfeltet du er utdanna i.

European Space Agency har eit astronautsenter i Köln i Tyskland. Dei utdannar europeiske astronautar som har komme gjennom nålauga for opptak.

Opptakskrav
Opptakskrava for astronaututdanninga er svært krevjande, både fysisk og psykisk. Høg kompetanse innan naturvitskaplege fag står sentralt, i tillegg til at syn, høyrsle og andre helserelaterte eigenskapar må vere nærmast perfekt.

Bedrifter som ansetter astronauter

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med astronauter

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Branningeniør sjekker brannvarslingssystem

Branningeniør

Branningeniørar arbeider med bygnings- og branntryggleik. Å gi råd og gjennomføre kontrollar er blant dei viktigaste arbeidsoppgåvene.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog behandlar du sjukdommar hos fisk og andre organismar under vatn.