Gjennomgått i samarbeid med Den Norske Aktuarforening 30. mai 2023

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.

Arbeidsoppgaver

Som aktuar er du gjerne tilsett i eit forsikringsselskap eller konsulentselskap og har som hovudoppgåve å analysere  forsikrings- og finansiell risiko.

Analysane aktuaren gjer, dannar grunnlaget for prisinga av risikoprodukt og kontroll av dei finansielle forpliktingane til selskapa.

Aktuarar er statistikarar som reknar ut risiko. Eit forsikringsselskap må på førehand rekne ut kor mykje ein kunde skal betale for ei forsikring. Aktuaren har her ei viktig rolle med bakgrunnen sin innanfor forsikringsmatematikk og risikoteori. Denne bakgrunnen gjer aktuaren i stand til å fastsette pris under usikre forhold.

Ein viktig del av arbeidet er å kommunisera resultat til leiing og kollegaer slik at ein kan treffa gode avgjerder og handtera risiko på ein god måte. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein aktuar:

  • berekne tekniske avsetningergjere aktiva-passivastyring (ALM)
  • drive risiko- og kapitalstyring
  • lage datasystem
  • fastsetje pris og utforme produkt
  • rekneskapsberekningar (IFRS 17)
  • kontrollverksemd (til dømes revisor)

Det finst fleire typar aktuarar:

  • ein livaktuar arbeider i eit livsforsikringsselskap
  • ein skadeaktuar arbeider i eit skadeforsikringsselskap
  • ein finansaktuar jobbar med finansmatematikk

Kor jobbar aktuarar?

Ein aktuar jobbar gjerne innanfor finansindustrien, for eksempel i bank, forsikringsselskap, fonds- og aksjemeklarfirma eller konsulentselskap. Dei fleste aktuarar jobbar med livsforsikring og skadeforsikring. Nokre aktuarar jobbar i risikostyrings-funksjonar og kontrollerer den samla risikoen i selskapa. Andrse aktuarar jobbar også i IT-industrien eller i annan industri, for eksempel offshore eller som data scientist. Som aktuar er det òg mogleg å jobbe i offentleg forvaltning eller med undervisning og forsking. Det er mogleg å finne jobb som aktuar i utlandet også, sidan utdanninga er internasjonal. 

Intervjuer

Portrettbilde av aktuar Benedikte Evensen

Aktuar

Benedikte Evensen

Jeg liker best det at jeg får brukt hodet skikkelig hver dag og utfordret meg på nye problemstillinger hele tiden, forteller Aktuar Benedikte Evensen.

Viktige eigenskapar

Som aktuar bør du ha gode evner i og interesse for matematikk, statistikk og økonomi. For å handtera risiko, må du kombinera analytiske evner med forretningskunnskap og praktisk erfaring. Du bør òg kunna tenka logisk, og ha gode munnlege og skriftlege framstillingsevner, slik at du er i stand til å gjera reie for analysane og konklusjonane dine til oppdragsgivarane dine.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning

Den Norske Aktuarforening arrangerer kurs for medlemmene sine. I tillegg har Forsikringsakademiet (BI) etterutdanningstilbod. Ein kan også velje å bygge på utdanninga si med andre, nærskylde fag frå universitet og høgskole. 

Dei vanlegaste jobbane blant aktuarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 753201 - Cand.act.-utdanning, aktuar
  • 649908 - Forsikringseksamen, lavere nivå

Bedrifter som ansetter aktuarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aktuarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2121101 - AKTUAR
  • 2121103 - SJEFSAKTUAR
  • 3412121 - RISIKOANALYTIKER
  • 3412114 - ANALYTIKER (FORSIKRING)

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
En kvinnelig finansanalytiker sitter med et headset foran tre dataskjermer med grafer og tall.

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevald er du med på å gjennomføre den politikken du og ditt parti står for.
En kvinne jobber med regnskap på en pc med en stor perm på bordet

Rekneskapsførar

Rekneskapsføraren hjelper kundane med rekneskapen og gir økonomisk rådgiving som sikrar lønnsam drift.