Gjennomgått i samarbeid med Norges flygelederforening, Avinor 18. oktober 2022

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.

Arbeidsoppgaver

Som AFIS-fullmektig jobbar du i tårnet eller tårnsenteret på ein av flyplassane i Noreg. AFIS er ei forkorting for "Aerodrome flight information service", som betyr lokal flygeinformasjonsteneste på norsk. AFIS-fullmektigen jobbar i tårnet på ein av flyplassane i Noreg.

Vanlege arbeidsoppgåver for AFIS-fullmektigen:

  • utøve flygeinformasjonsteneste overfor fly innanfor ei avgrensa sone rundt flyplassen som vedkomande jobbar ved
  • halde den lokale flytrafikken informert om alle forhold som er viktige for ei trygg og effektiv flyging
  • formidle vidare instruksjonar om mellom anna spesifikke flygenivå og ruteføringar
  • vêrobservasjonsteneste
  • alarmteneste og hjelp til redningsteneste når dette er nødvendig

Som AFIS-fullmektig har du ansvaret for sikkerheita til mange menneske, og du må til kvar tid vere fokusert og nøyaktig.

Kor jobbar AFIS-fullmektigar?

AFIS-fullmektige i Noreg jobbar i tårna eller tårnsenter ved dei lokale lufthamnene og to regionale lufthamner.

Intervjuer

 Andrine Edøy Jensen i flytårnet i Båtsfjord. Hun snakker via en mikrofon med pilotene som er på vei inn for landing..

AFIS-fullmektig

Andrine Edøy Jensen

Cirka 70.6 grader nord, nærmere bestemt i Båtsfjord, står Andrine i flytårnet og har et stort ansvar for flysikkerheten.

Viktige eigenskapar

For å bli AFIS-fullmektig må du vere sjølvstendig, kunne ta initiativ og ha god samarbeidsevne. Du må hugse godt, vere nøyaktig og handlekraftig. Du må ha ei godt utvikla logisk evne og god romforståing. 

Utdanning

AFIS-utdanninga er sett saman av eit grunnkurs i lufttrafikkteneste og eit AFIS-teori-/simulatortreningskurs med etterfølgande praksisperiode ved ei lufthamn, totalt om lag 10 månader. 

Praksisperioden vil bli avvikla ved ein av Avinors godkjente AFIS-opplæringsenheter, lokalisert på ein av de regionale lufthamnene.

Les meir om utdanningen på avinor.no

Opptakskrav

Du må gjennom to opptaksprøver for å komme inn på utdanninga. For å bli innkalla til opptaksprøve må du tilfredsstille ein del krav:

  • Du må ha fylt 19 år
  • Du må ha avklara verneplikt
  • Du må ha generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter frå vidaregåande skule på 3,5 eller betre, med gode norsk- og engelskkunnskapar.
  • Du må også ha tryggingsklarering, og uttømmande politiattest og tilfredsstille fastsette helsekrav til AFIS-tenesta.

 

Bedrifter som ansetter AFIS-fullmektigar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med AFIS-fullmektigar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4133101 - AFIS-FULLMEKTIG

Andre yrke

Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Flygeleiar på jobb i tårnet på ein flyplass.

Flygeleiar

Ein flygeleiar overvaker og dirigerer flytrafikken i og rundt Noreg.

Relaterte lenker