Advokat på kontoret.
Yrkesskildring

Advokat

favoritt ikon

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.

Jobben til ein advokat handlar ofte om å vurdere ei sak som klienten kjem med og gi råd om korleis ein kan følge opp saka. Viss advokaten har privatpersonar som klientar kan sakene gjelde til dømes spørsmål om arv, skilsmisse eller nabokonfliktar.

Advokatar som arbeider med forretningsjuss og har verksemder og store selskap som kundar, blir mellom anna brukt som rådgjevarar i forhandlingar og når ein skriv avtalar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein advokat kan vere:

  • gi rettslege råd om kva som er lov og ikkje lov
  • føre forhandlingar med ein motpart
  • forme juridiske dokument, som til dømes testament, ektepakter, kontraktar o.l.
  • representere klientar i sivile rettssaker
  • forsvare tiltala i straffesaker
  • representere ofra i straffesaker (støtteadvokat)

Nokre advokatar arbeider med strafferett, anten som forsvarsadvokatar eller som støtteadvokatar. Desse oppdraga er betalte av det offentlege, men advokatane arbeider i eigne firma og er ikkje tilsette i staten.

Du kan også jobbe som bedriftsadvokat, det vil seie at du er tilsett i bedrifta du jobbar for. Som organisasjonsadvokat er du tilsett i ein organisasjon, og utfører oppdrag for medlemmene i organisasjonen.

Advokatar i offentleg sektor kan til dømes arbeide som politiadvokat, statsadvokat, riksadvokat eller som ein annan type advokat for staten. Då vil ein representere staten og staten sine interesser.

Ofte kan ein løyse klienten si sak utan å gå til ein domstol. Nokre gonger skjer dette gjennom mekling, og mange advokatar har etterutdanning innan advokatmekling.

Dersom ei konflikt berre let seg løyse ved å ta ho til retten, vil det vere ein advokat som fører saka. Båe partar i ei konflikt vil da ha ein advokat til å representere seg, og advokaten sin jobb er å framføre dei beste argumenta for sin klient.

Nokre advokatar er allmennpraktikarar og tek saker innan dei fleste rettsområde, til dømes innan familierett, pengekrav, kontraktsrett, fast eigedom og strafferett. Andre arbeider spesialisert med einskilde rettsområde, som til dømes EØS-rett, patentrett eller selskapsrett. 

Kvar arbeider advokatar?

Som advokat kan du jobbe både i privat og offentleg sektor. Advokatar i privat sektor arbeider i advokatfirma, i private verksemder eller organisasjonar. Mange startar òg si eiga advokatverksemd og driv denne anten åleine eller i fellesskap med andre advokatar.

I det offentlege arbeider advokatar til dømes hjå Regjeringsadvokaten eller som advokatar i store kommunar.

Personlege eigenskapar

Som advokat er det viktig å kunne uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg, samt ha ei god evne til å forstå skriftleg og munnleg framstilling. Det hjelper òg å vere kritisk og sjølvstendig. Ein advokat bør dessutan ha gode mellommenneskelege evner, sidan yrket inneber mykje kontakt med andre menneske. I tillegg må du ha grunnleggande respekt for rettssystemet og å overhalde lover og reglar.

Utdanning

Når du er ferdig utdanna som jurist, kan du velje å gå vidare for å bli advokat. Det vanlegaste vil da vere å søke jobb som advokatfullmektig. Dette er ei læretid der du utfører mange av dei same arbeidsoppgåvene som ein advokat gjer, under rettleiing av ein advokat (prinsipal). 

For å få tittelen advokat treng du eit advokatløyve. I tillegg til fullført juristutdanning, det vil seie bestått juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap, er det fleire formelle krav før du kan få advokatløyve. Les meir hos Advokatforeningen

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Etter- og vidareutdanning
Alle advokatar som er medlem i Advokatforeininga, må ta etterutdanning i form av kurs. Det blir stilt krav om eit visst tal timar med etterutdanning i løpet av ein femårsperiode, og nokre av kurstimane må handle om yrkesetikk. 

 

Kva jobbar juristutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Jurist eller advokat
Heltid
Alle sektorer
8 459 personer
4 486 personer
3 973 personer
Ca 380 kr
Ca 360 kr
Ca 413 kr
61 480 kr
58 330 kr
66 900 kr
737 760 kr
699 960 kr
802 800 kr
Ca 380 kr
Ca 360 kr
Ca 413 kr
61 480 kr
58 330 kr
66 900 kr
737 760 kr
699 960 kr
802 800 kr
Ca 425 kr
Ca 395 kr
Ca 460 kr
68 880 kr
63 910 kr
74 500 kr
826 560 kr
766 920 kr
894 000 kr
Ca 425 kr
Ca 395 kr
Ca 460 kr
69 660 kr
64 740 kr
75 230 kr
835 920 kr
776 880 kr
902 760 kr
Jurist eller advokat
Deltid
Alle sektorer
593 personer
328 personer
265 personer
Ca 368 kr
Ca 338 kr
Ca 406 kr
59 610 kr
54 790 kr
65 790 kr
715 320 kr
657 480 kr
789 480 kr
Ca 368 kr
Ca 338 kr
Ca 406 kr
59 610 kr
54 790 kr
65 790 kr
715 320 kr
657 480 kr
789 480 kr
Ca 416 kr
Ca 381 kr
Ca 464 kr
67 410 kr
61 750 kr
75 130 kr
808 920 kr
741 000 kr
901 560 kr
Ca 416 kr
Ca 381 kr
Ca 464 kr
67 590 kr
61 890 kr
75 360 kr
811 080 kr
742 680 kr
904 320 kr
Jurist eller advokat
Heltid
Kommunal
368 personer
235 personer
133 personer
Ca 383 kr
Ca 376 kr
Ca 410 kr
61 980 kr
60 920 kr
66 420 kr
743 760 kr
731 040 kr
797 040 kr
Ca 383 kr
Ca 376 kr
Ca 410 kr
61 980 kr
60 920 kr
66 420 kr
743 760 kr
731 040 kr
797 040 kr
Ca 391 kr
Ca 379 kr
Ca 411 kr
63 310 kr
61 420 kr
66 660 kr
759 720 kr
737 040 kr
799 920 kr
Ca 391 kr
Ca 379 kr
Ca 411 kr
64 020 kr
62 270 kr
67 110 kr
768 240 kr
747 240 kr
805 320 kr
Jurist eller advokat
Heltid
Privat
6 127 personer
3 069 personer
3 058 personer
Ca 411 kr
Ca 375 kr
Ca 442 kr
66 620 kr
60 830 kr
71 670 kr
799 440 kr
729 960 kr
860 040 kr
Ca 411 kr
Ca 375 kr
Ca 442 kr
66 620 kr
60 830 kr
71 670 kr
799 440 kr
729 960 kr
860 040 kr
Ca 449 kr
Ca 415 kr
Ca 483 kr
72 720 kr
67 200 kr
78 260 kr
872 640 kr
806 400 kr
939 120 kr
Ca 449 kr
Ca 415 kr
Ca 483 kr
73 250 kr
67 780 kr
78 750 kr
879 000 kr
813 360 kr
945 000 kr
Jurist eller advokat
Deltid
Privat
502 personer
263 personer
239 personer
Ca 386 kr
Ca 366 kr
Ca 429 kr
62 500 kr
59 320 kr
69 440 kr
750 000 kr
711 840 kr
833 280 kr
Ca 386 kr
Ca 366 kr
Ca 429 kr
62 500 kr
59 320 kr
69 440 kr
750 000 kr
711 840 kr
833 280 kr
Ca 434 kr
Ca 399 kr
Ca 476 kr
70 340 kr
64 650 kr
77 190 kr
844 080 kr
775 800 kr
926 280 kr
Ca 434 kr
Ca 399 kr
Ca 476 kr
70 500 kr
64 820 kr
77 350 kr
846 000 kr
777 840 kr
928 200 kr
Jurist eller advokat
Heltid
Statlig
1 964 personer
1 182 personer
782 personer
Ca 342 kr
Ca 333 kr
Ca 360 kr
55 380 kr
54 010 kr
58 300 kr
664 560 kr
648 120 kr
699 600 kr
Ca 342 kr
Ca 333 kr
Ca 360 kr
55 380 kr
54 050 kr
58 300 kr
664 560 kr
648 600 kr
699 600 kr
Ca 358 kr
Ca 345 kr
Ca 378 kr
57 960 kr
55 840 kr
61 160 kr
695 520 kr
670 080 kr
733 920 kr
Ca 358 kr
Ca 345 kr
Ca 378 kr
59 530 kr
57 310 kr
62 880 kr
714 360 kr
687 720 kr
754 560 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevald er du med på å gjennomføre den politikken du og ditt parti står for.

Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.

Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.

Illustrasjonsbilde av tollere som kontrollerer eit skip.

Tollar

Som tollar kan du mellom anna arbeide med å kontrollere reisande og reisegods, eller køyretøy og båtar.

Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.

Miljøterapeut i svømmebasseng med bruker

Miljø­terapeut

Miljø­terapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.

Fengselsbetjent på jobb i et fengsel.

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.

Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier det redaksjonelle arbeidet i ein redaksjon, og avgjer kva dei skal publisere. Redaktøren kan også ha det faglege, etiske og rettslege ansvaret for innhaldet i mediet eller publikasjonen.

Idrettskonsulent i snølek.

Idretts­konsulent

Ein idretts­konsulent legg til rette for idrett og fysiske aktivitetar i samfunnet.

Diplomatar på arbeid i FN.

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.

Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.

Advokatsekretær på kontoret.

Advokat­sekretær

Ein advokat­sekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.