Læreplan

Læreplan i
Vg2 Industriell møbelproduksjon

Programfaga skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan møbelproduksjon i små og store møbel- og trevarebedrifter. Programfaga skal medverke til produksjon av møblar av høg kvalitet og med design tilpassa stadig skiftande livsstilar og trendar. Bransjen er i kontinuerleg utvikling og endring, og automatisering og robotisering er ein del av kvardagen i bedriftene. Programfaga skal medverke til å utvikle medarbeidarar med høg kompetanse og evne til omstilling og marknadstilpassing.

Programfaga skal leggje grunnlaget for at eleven utviklar kompetanse for å utforme produkt og for å kontrollere og dokumentere arbeid, metodar og prosessar. Opplæringa skal fremje tverrfagleg tenking og fleirfaglege evner. Vidare skal opplæringa medverke til at eleven utviklar kompetanse til å arbeide etter prosedyrar, arbeidsforklaringar og teikningar, både sjølvstendig og i samhandling med andre. Programfaget skal også leggje grunnlaget for at den enkelte utviklar kommunikasjonsferdigheiter gjennom praktisk arbeid saman med andre.

I opplæringa skal det leggjast til rette for praktisk og variert trening i alle delar av produksjonsprosessen. Opplæringa skal fremje fagleg innsikt, kritisk vurderingsevne og stoltheit for faget. Tryggleik, miljøforståing og kjennskap til standardar skal stå sentralt. Vidare skal opplæringa fremje forståing av korleis bedrifter er organiserte, og leggje grunnlaget for entreprenørskap.

Andre varianter av denne utdanningen

Det finnes 1 varianter av denne utdanningen.

Samarbeidsavtaler i hele landet
Hele landet

Lignende utdanninger