Læreplan

Læreplan i
Reiselivsfaget (opplæring i bedrift)

Reiselivsfaget skal leggje grunnlaget for yrkesutøving knytt til det heilskapelege reiselivsprodukt.

Det inkluderer kundebehandling, service, sal, marknadsføring, utvikling av reiselivsprodukt, transport og transportformidling. Faget skal medverke til å utvikle kompetanse til å møte behova til ulike kundegrupper i ein marknad med høge krav til kvalitet og opplevingar. Dette krev kunnskap om samanhengar mellom eiga verksemd og eigen destinasjon og andre destinasjonar som verksemda må ta omsyn til for at kunden skal få ei god reiselivsoppleving.

Opplæringa skal medverke til å utvikle kompetanse som kan bidra til ei berekraftig utvikling i verksemda og på destinasjonen. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for yrkeskompetanse knytt til reiselivsverksemder. Opplæringa skal fremme kompetanse om kvalitetssikring, produktutvikling og økonomiske samanhengar som er avgjerande for lønnsemda i verksemda. Opplæringa skal medverke til å gi lærlingen kompetanse til å utarbeide rapportar for vurdering av produktiviteten i verksemda. Vidare skal opplæringa fremme kunnskap om helse, miljø og tryggleik.

Opplæringa skal leggje vekt på kompetanse i kommunikasjon og samhandling med kundar og gjester, kollegaer og samarbeidspartnarar med forskjellig kulturell bakgrunn. Opplæringa skal leggje til rette for at lærlingen kan utvikle kompetanse i service- og vertskapsrolla i kontakt med både kundar, gjester og kollegaer. Vidare skal opplæringa leggje til rette for at lærlingen kan vere med på å utvikle produkta til verksemda og marknadsføringstiltak.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er reiselivsmedarbeidar.

Les hele læreplanen på udir.no

Andre varianter av denne utdanningen

Det finnes 1 varianter av denne utdanningen.

Samarbeidsavtaler i hele landet
Hele landet