× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Tilbys ved 212 skoler

Hvis du lurar på noko om val av yrke og utdanning finst det mange du kan spørje. Ei rekke offentlege og nokre private kontor jobbar med dette, og dei svarar deg gjerne.

Vel fylke for å få oversikt over kontorane der du bur.

Lukke til!

Eksamenskontor

Fylkeskommunen har ansvar for eksamen for elevar på vidaregåande skole, privatistar og praksiskandidatar på vidaregåande nivå – og fag- og sveineprøvar. Eksamenskontoret sørgjer for gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøvar.

Fagopplæringskontor

Fagopplæringskontoret svarar på spørsmål om  opplæring i bedrift, og hjelper lærlingar og bedriftar.

Inntakskontor

Inntakskontora administrerer søknadar til vidaregåande opplæring. Du må kontakte inntakskontoret i om du skal byte skole eller skal byrje på skole i et anna fylke. Inntakskontora svarar óg på andre spørsmål om inntak.

Karrieresenter

Karrieresentra gir gratis rettleiing om val av yrke og utdanning, jobbsøking og arbeidsliv til alle over 19 år.

Sjå oversikt over karrieresentra i dei ulike fylka.

Oppfølgingsteneste

Oppfølgingstenesten rettleiar og hjelper ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid. Oppfølgingstenesten (OT) har ansvar for å følgje opp ungdom med rett til vidaregåande opplæring som ikkje er i opplæring eller arbeid. Dette gjeld ungdom i alderen 16 til 21 år.  

Opplæringskontor

Opplæringskontora er eit samarbeid mellom bedriftar om inntak og opplæring av lærlingar. Opplæringskontora fungerar óg som rettleiarar for lærebedriftane. Det finnes fylkesvise opplæringskontor og opplæringskontor som samarbeidar om opplæring i eitt eller fleire fag på tvers av fylka.

Vilbli.no har oppdatert oversikt over alle opplæringskontor i Norge.
Velg fra listen for å se opplæringskontor i ditt fylke hos vilbli.no

Utdanningsavdeling

Fylkeskommunane har ansvar for all vidaregåande opplæring i Noreg. Utdanningsavdelingane i fylka kan svare på spørsmål om for eksempel eksamen, dokumentasjon, kvalitet og klage på karakterar. Dei har óg ansvar for vidaregåande opplæring for voksne. 

Læreplanen

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfaga representerer viktige tradisjonar og verdiar på omsorgsfeltet, som gjeld fysiske, psykiske og sosiale behov hos mennesket. Opplæringa i felles programfag skal medverke til å dekkje kompetansebehovet i samfunnet innanfor oppvekst-, helse- og sosialtenestene. For å fremje helse både for den enkelte og for samfunnet som heilskap skal helse- og oppvekstfaga gi kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilsjukdommar og arbeidsmiljø. Eit fleirkulturelt samfunn krev kunnskap om og respekt for norsk, samisk og andre kulturar og tradisjonar. Eit viktig føremål med opplæringa skal vere å medverke til fleirkulturell forståing på oppvekst-, helse- og sosialfeltet.

Helse- og oppvekstfaga skal gjere elevane skikka til å yte god service og ta medansvar for arbeidsmiljøet. Opplæringa i felles programfag skal utvikle kunnskapane og ferdigheitene til elevane innanfor kommunikasjon og samhandling, og gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar. Eit føremål med felles programfag er òg å medverke til yrkesforståing og yrkesstoltheit, gjennom bevisstgjering av eigne haldningar og ferdigheiter. Denne kompetansen vil kunne bli overført til andre livssituasjonar, og vil vere eit godt grunnlag for livslang læring.

Heilskapen i dei felles programfaga skal gi elevane ei plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og knyte teori og praksis saman.

Dette kan du bli hvis du går Vg1 Helse- og oppvekstfag

Velg sted

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Akershus
Velg kommuner i Aust-Agder
Velg kommuner i Buskerud
Velg kommuner i Finnmark
Velg kommuner i Hedmark
Velg kommuner i Hordaland
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oppland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Sogn og Fjordane
Velg kommuner i Telemark
Velg kommuner i Troms
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vest-Agder
Velg kommuner i Vestfold
Velg kommuner i Østfold

Yrke og arbeidsliv

Samarbeid skole-arbeidsliv

Her får du oversikt over samarbeidsavtaler i faget yrkesfaglig fordypning inngått mellom videregående skoler og bedrifter.