× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Masterprogram i undersøkande journalistikk favoritt ikon

Universitet og høgskole

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Om studiet

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk har som mål å gi studentane spesialisering i kritiske, langsiktige journalistiske prosjekt der kritikkverdige tilhøve i samfunnet blir avdekka gjennom dokumentasjon av ukjende fakta, forhold og samanheng. Masterprogrammet i undersøkande journalistikk bygger på bachelorgraden i journalistikk og gir studentane teoretisk djupnekunnskap og produksjonsretta trening i eit breitt spekter av tilnærmingar og nyskapande metodar for datainnsamling, analyse og publisering av undersøkande journalistikk-prosjekt på ulike plattformer. Masterprogrammet er produksjonsretta, og delar av arbeidet kan skje i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter.

Masterprosjektet består av ein produksjonsdel og ein teoretisk del. I produksjonsdelen skal studentane utvikle og gjennomføre eit sjølvstendig, undersøkande journalistisk arbeid for publisering på valfri plattform. Produksjonen blir kombinert med ei skriftleg, individuell masteroppgåve på 40-50 sider som bør være tematisk relatert til produksjonen, men som samstundes skal vere eit sjølvstendig teoretisk arbeid. Den teoretiske delen av masterprosjektet kan anten vere ei empirisk undersøking av eit produksjonsrelevant tema, ein teoretisk fundert diskusjon om eit relevant tema eller det kan være ein vitskapleg analyse av tema relatert til eigen masterproduksjon. Studentane vil ha stor fridom til å utforske ulike typar data, og til å utforske nyskapande visuelle og verbale aspekt ved undersøkande historiefortelling.

Masterprogrammet i undersøkande journalistikk fokuserer på å styrke akademiske ferdigheiter som er særleg relevante for medieproduksjon på eit høgt fagleg nivå. Programmet byr på ei teoretisk og metodisk forankra universitetsutdanning der ein legg vekt på innovative og utforskande læring gjennom tverrfaglege impulsar og workshop-basert undervisning kopla med individuelle studium og akademisk refleksjon over eigen og andre sin praksis på feltet. Masterprogrammet er tverrfagleg, med komponentar henta frå både journalistikk, medievitskap, informasjonsvitskap, samt økonomi, jus og andre relevante fag. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.

Karrierevegar

Utdanninga legg vekt på koplinga mellom undersøkande journalistikk, nye teknologiar, nye forteljeformer og brei innsikt i lovverk, personvern og samfunnet sine institusjonar. Dette gjer studentane godt budde på et breitt spekter av utfordrande oppgåver i mediebransjen spesielt, men og i andre bransjar der ein arbeider med komplekse samanhengar og store kvalitative og kvantitative datamengder. Ein mastergrad i undersøkande journalistikk kvalifiserer også for forsking og undervisning.

Kvalifikasjon/tittel

Master i undersøkende journalistikk